Stortinget - Møte onsdag den 27. november 1996

Dato: 27.11.1996

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 23

Erling Folkvord (RV): Eg må først få seie meg lei for at det er nødvendig enda ein gong å reise spørsmål til utdanningsministeren for å bidra til å sikre anstendige forhold for 6-åringane i skolen til hausten:

Statsråden har sagt han legg til grunn at kommunane skaffar « tenlege lokalitetar » til skolestart for 6-åringane. Skolesjefen i Oslo opplyser at skolane generelt må rekne med å « motta flere klasser enn det er klasserom til ». Likevel vart 22 av grunnskolane plassert i kategorien « vil ikke kunne ta imot forventet elev- og klassetall innenfor eksisterende skoleanlegg » sjølv om alle tilgjengelege rom blir omdefinert og brukt som klasserom.

Kva vil statsråden gjere med denne situasjonen?

Statsråd Reidar Sandal: Både i spørjetimen den 24. januar og den 21. februar i år blei det spurt om førebuinga av grunnskulereforma i Oslo kommune.

Etter grunnskulelova § 10 har kommunane ansvar for å « syte for tenlege skolar ». Eg sa i svara mine at eg ikkje sit inne med informasjon som dokumenterer at 6-åringane i Oslo vil møte pedagogisk uforsvarlege forhold hausten 1997. Eg peikte også på at eg føreset at alle kommunar følgjer det vedtaket som er gjort om innføring av tiårig grunnskule frå hausten 1997, og at dei tek konsekvensen av dette ved å planleggje og gjennomføre nødvendig kapasitetsutviding i 1996 og 1997.

Dei vedtaka Stortinget gjorde i samband med St.prp.nr.39 (1995-1996) Om investeringskostnadene ved grunnskolereformen og St.prp.nr.55 (1995-1996) Om kommuneøkonomien 1997 m.v., er følgde opp i statsbudsjettet for 1997. Det er lagt til grunn ein differensiert kvadratermeterpris, og kommunar i pressområde, blant desse Oslo, har fått auka sin kvadratmeterpris ytterlegare. Arealnorma er utvida for klassar med 22 eller fleire elevar. Den økonomiske kompensasjonen til den einskilde kommune til drift og investeringar er kommunane gjord kjende med i eit eige brev.

Kompensasjonen frå staten til kommunane for dei sentrale elementa i reforma er med dette i hovudsak lagd fram. Kommunane har ansvaret for å følgje opp dei vedtaka Stortinget har fatta. Dei har også ansvaret for at skulelokala er tenlege. Departementet vil sjå til at kommunane sørgjer for dette. Eg viser i den samanhengen til omtala i statsbudsjettet for 1997, der det heiter:

Departementet vil gjennom statens utdanningskontorer følge opp framdriften i tilretteleggingen av skolelokaler til seksåringene i kommunene.

Erling Folkvord (RV): Med all respekt var ikkje det svaret mye å takke for. Statsråden kan sikkert stikke hovudet i sanden i lang tid og med mye større hell enn tidlegare statsråd Rød-Larsen gjorde. Men 6-åringane har ikkje den moglegheita. Det blir ei kolossal såkalla « effektivisering » og forverring av kvaliteten i Oslo-skolen. Frå hausten skal alle 6-åringsklassane, 7-åringsklassane og 8. klassetrinn fyllast opp til maksimum klassetal i Oslo. For å få til det må mange elevar flyttast til andre skolar enn skolen i nærmiljøet. Eit par eksempel: For at klassane skal fyllast opp til 28 elevar på barnetrinnet har Grorud skole og Tonsenhagen skole i Groruddalen fått klar beskjed om at dei ikkje får opprette klassar for alle elevane som er innskrivne ved desse skolane frå hausten. Elevane må sendast eller fraktast ut frå det bustadområdet dei har tilknyting til!

Eg vil spørje statsråden: Kva vil han gjere for å unngå at reforma, som han kallar det, skal føre til klare forverringar i barnas situasjon frå hausten av?

Statsråd Reidar Sandal: Eg vil streke under det som var hovudbodskapen min i svaret, nemleg at det er kommunane som har ansvaret for å skaffe nødvendige og tenlege lokale for undervisninga i grunnskulen.

Eg har òg lyst til å streke under at eg er kjend med at byrådsavdelinga for barn og utdanning i Oslo kommune har utarbeidd ein statusrapport til bystyret i Oslo om investeringar og drift i samband med grunnskulereforma. Statusrapporten blei behandla av byrådet, den 13. september etter det eg har fått opplyst, og deretter send over til bystyret. Rapporten blei behandla i bystyret den 23. oktober, og bystyret har teke statusrapporten til orientering.

Eg peikar på desse forholda for å streke under at saka er kjend, og at bystyret har teke den oversikta som er lagd fram, til etterretning.

Erling Folkvord (RV): Eg blir opprørt over at ein statsråd kan snakke så ansvarslaust om barna si framtid. Eg tillèt meg tre-fire eksempel frå skolesjefen i Oslo sin konsekvensanalyse:

Kapasiteten for spesialklasser vil ikke bli tilstrekkelig.

For det andre: Neste års budsjettforslag frå byrådet dekkjer berre halvparten av utgifter til nye lærebøker for andre, femte og åttande klassetrinn. Mankoen når det gjeld skolebøker, er 1 400 kr pr. elev i neste skoleår.

For det tredje:

Byrådets forslag til budsjett 1997 medfører at det ikke blir mulig å gjennomføre brannsikringen av grunnskolene i Oslo innenfor den aller siste fristen som er satt i forskrift om brannforebyggende tiltak og brannsyn.

For det fjerde:

Med byrådets foreslåtte investeringsramme vil det være langt igjen til intensjonen som er forutsatt i Reform 97 og grunnskolelovens krav om tilpasset opplæring, kan nås.

Ser ikkje statsråden at han, dersom han skal vere ansvarleg overfor barna - og det er det skolestatsråden skal vere - nå må skjere gjennom og be Oslo kommune utsette Reform 97?

Statsråd Reidar Sandal: Eg konstaterer at representanten Folkvord gjekk frå å stille spørsmål om forhold i Oslo-skulen til no å gjenreise eit spørsmål som det blei votert over i denne salen i byrjinga av førre veke, då budsjettforslaget frå Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet var til debatt. Då var det eit veldig lite mindretal i denne salen, faktisk berre RV og framstegspartirepresentantar, så vidt eg hugsar, som stemte for at grunnskulereforma ikkje skal setjast i verk frå neste skuleår, slik som føresett. Eg har ingen nye signal å gje i den samanhengen; reforma skal gjennomførast slik Stortinget har fatta vedtak om, og det er òg Oslo kommune forplikta av. Det gjeld òg det ansvaret kommunen har for lokale.