Stortinget - Møte onsdag den 12. februar 1997

Dato: 12.02.1997

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 15

Erling Folkvord (RV): Eg skal få stille eit spørsmål til utdanningsministeren om skolefritidsordninga:

Aftenposten skrev forrige onsdag om barna på skolefritidsordningen i Sørkedalen som må bruke helsesenterets venterom når de skal leke etter skoletid.

Fins det noen nedre grense for hva skolestatsråden syns er « tjenlige lokaliteter » for skolefritidsordningen?

Statsråd Reidar Sandal: Representanten Folkvord bruker uttrykket « tjenlige lokaliteter » på ein slik måte at det synest å vise til kravet i grunnskulelova § 10, der det heiter: « Kommunane skal syte for tenlege skolar ». Skulefritidsordningar er ikkje omfatta av føresegnene i grunnskulelova.

Skulefritidsordning er eit frivillig omsorgs- og fritidstilbod til barn på småskuletrinnet og for funksjonshemma barn frå 6 til 12 år som treng opphald ved skulen utover undervisningstida. Vanlegvis er det kommunen som er eigar og har ansvaret for drifta. Også private, t.d. foreldreforeiningar eller samarbeidstiltak mellom kommunar, lokale foreldregrupper og foreiningar i det enkelte lokalmiljø, kan eige og drive skulefritidsordningar.

Stortinget vedtar i dei årlege statsbudsjetta satsane for øyremerkte tilskot til drift av skulefritidsordningar.

Departementet kunngjer i rundskriv kvart år tilskotssatsar og vilkår for tilskot, jf. rundskriv F-16.

For 1997 er følgjande vilkår sette for tildeling av statstilskot til skulefritidsordningar:

Skolefritidsordninger (både private og kommunale) som det søkes statstilskudd for skal være godkjent av kommunen. Godkjenningen gjelder lokaler, utearealer, finansieringsplan og vedtekter for det enkelte tiltak. Lokalene skal være i overensstemmelse med forskriftene i plan- og bygningsloven, og byggeforskriften, kommunehelsetjenesteloven, arbeidsmiljøloven, brannvernloven og lov om produktkontroll.

Kommunane står som mottakarar av statstilskotet for både kommunale og private ordningar og er ansvarlege for at vilkåra er oppfylte.

I det årlege rundskrivet innarbeider departementet rettleiing og informasjon med sikte på å fremje utviklinga av kvalitativt gode skulefritidsordningar. I rundskrivet står det m.a.:

En god skolefritidsordning må ta utgangspunkt i småskolebarnas behov. Omsorg, lek kulturaktiviteter og sosial læring bør danne kjernen i innholdet i skolefritidsordningene.

Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet har i samarbeid med Barne- og familiedepartementet gjennom fleire år utarbeidd brosjyrar og rettleiingsmateriell med informasjon om drift av skulefritidsordningar.

Departementet vil arbeide vidare med kvaliteten i skulefritidsordningane og kjem tilbake til dette i samband med kommuneøkonomiproposisjonen for 1998.

Departementet føreset at lokala som skal brukast til skulefritidsordningar, er i samsvar med dei føresegnene eg har vist til, og eg ventar at kommunane følgjer opp desse krava.

Eg vil be Statens Utdanningskontor i Oslo og Akershus undersøkje om lokala i dette tilfellet er i samsvar med vilkåra for tilskot.

Erling Folkvord (RV): Eg takkar statsråden for eit svar som inneheld namnet på mange forskrifter og mange gode ord, men så vidt eg kunne høyre, null ansvarsvedkjenning. Foreldre har med god grunn oppfatta skolefritidsordninga som ein heilt fast del av skolen for dei lågaste alderstrinna, og nå startar statsråden med å peike på at det ikkje er lovfesta, det er ingen rett, det er eit frivillig tilbod. Eg synest det er forholdsvis hårreisande å høyre det nokre få månader før det er meininga at ein for første gong skal sette 6-åringane inn i skolen. Tar statsråden ansvaret for trygge skolefritidsordningar som tar utgangspunkt i småskolebarna sine behov frå byrjinga av kommande skoleår?

Statsråd Reidar Sandal: Det svaret som eg nyleg gav til representanten Folkvord, er ikkje noka ansvarsfråskriving frå mi side. Eg har relativt utførleg gjort greie for korleis systemet er, og at det er kommunane som etter føresegnene har ansvar for at vilkåra er oppfylte for både dei offentlege og private skulefritidsordningane som kommunane mottar statstilskot for.

Eg har vidare understreka at her er ei rekkje føresetnader som må vere innfridde for at tilskot skal gjevast, og det er eit kommunalt ansvar å følgje dette opp. Dette baserer seg på den funksjonsdelinga vi har mellom ulike forvaltingsnivå i landet vårt.

Erling Folkvord (RV): Statsråden er framleis tvitydig og derfor utydeleg når han startar med å seie at det eg sa i stad, var ikkje noka ansvarsfråskriving - og så kjem det i neste setning: men det er nokre heilt andre enn eg som har ansvaret. Det er nettopp det som er den mest underfundige ansvarsfråskrivinga, som blir så vanskeleg å forhalde seg til.

Ta Oslo som eksempel. Nå har kommunestyret vedtatt at ein ikkje skal bruke kommunale pengar på skolefritidsordninga, slik at det berre blir statstilskotsdelen og foreldrebetaling. Det vil seie å bruke prismekanismen til å heve prisane og dermed fjerne køane, slik at ein ikkje treng å skaffe lokale. Er det noko som statsråden føler at han må ta noko ansvar for?

Bydelslegen i Sørkedalen seier:

Vi har savnet noen som kan gripe inn og skjære gjennom. Vi opplever at ingen tar ansvar.

Er statsråd Sandal ein skolestatsråd som kjem til å gripe inn og skjære gjennom nå når det trengst?

Statsråd Reidar Sandal: Det overraskar meg eigentleg at representanten Folkvord kan stå på denne talarstolen i dag og hevde at svaret eg har gitt, er både tvitydig og utydeleg, for eg har gjort greie for dei føresegnene som gjeld, og i tillegg har eg varsla at eg vil be Statens Utdanningskontor i Oslo og Akershus å sjå på det konkrete tilfellet som representanten Folkvord har tatt opp, med den føresetnaden at ein skal finne ut om det tilfellet i Sørkedalen som det er vist til, fyller vilkåra for å få statstilskot. Det synest eg er eit konkret initiativ som representanten Folkvord i staden for å polemisere mot, burde vere tilfreds med.

Elles vil eg få lov å understreke at den prosedyren som eg har gjort greie for skal følgjast i slike saker, faktisk er ein prosedyre som Stortinget har sanksjonert.