Stortinget - Møte onsdag den 12. februar 1997

Dato: 12.02.1997

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 20

Odd Roger Enoksen (Sp): Jeg vil gjerne stille statsråden følgende spørsmål:

Redningstjenesten utenfor kysten av Nord-Norge kan bli svekket som følge av Statoils planer om å stanse salg av drivstoff ved 13 flyplasser i Nord-Norge. Redningshelikoptrene vil dermed få færre steder hvor der kan fylles drivstoff, noe som vil gå ut over redningstjenesten.

Hva vil statsråden gjøre for å hindre at redningstjenesten utenfor kysten av Nord-Norge blir dårligere?

Statsråd Ranveig Frøiland: Statoil er i dag representert med drivstofftenester på 25 av dei 26 regionale flyplassane her i landet. Denne kjeda av flyplassanlegga til Statoil vart etablert frå 1967/68 og stod ferdig i 1974. Anlegga vart framfor alt bygde opp for å tilfredsstilla Widerøe sitt daglege behov for forsyning av drivstoff. Statoil ynskjer no å omvurdera tenesta på 13 av dei 25 flyplassane. 8 avdei 13 flyplassane ligg i Nord-Noreg. Statoil har ikkje eigne tilsette på desse plassane, men det er dei respektive kommunane som har det daglege tilsynet med anlegga og gjennomfører sjølve tankinga. Statoil har likevel sjølv ansvaret overfor kundane, inklusiv det forsikringsmessige ansvaret.

Gjennom åra har tankingsmønsteret på desse flyplassane endra seg vesentleg. Dette har samanheng med at nye flytypar med større rekkevidde er tekne i bruk. Tankinga vert no i stor grad konsentrert på stamruteplassane. Statoil har difor registrert ein sterk nedgang i uttak av drivstoff frå dei minste lufthamnene. Siste året vart det frå dei 13 flyplassane levert om lag 1 mill. liter jetdrivstoff, som svarer til om lag 0,016 % av dei samla leveransane av slikt drivstoff i Noreg.

På denne bakgrunnen og fordi desse 13 tankanlegga no er så gamle at dei må oppgraderast, har Statoil vendt seg til Luftfartsverket og meldt frå om behovet for å omvurdera forsyningskontrakten. I lufthamner der Luftfartsverket finn at det framleis må vera drivstoff, er Statoil innstilt på å gå inn i dialog med styresmaktene for å sikra verksemda, anten som i dag eller ved andre former for samarbeid. Eventuelt er Statoil innstilt på å drøfta ei overføring av eigedomsretten til tankanlegga til nye eigarar på avtalte vilkår, om Luftfartsverket ynskjer ei slik løysing.

Denne saka vert no handtert i Luftfartsverket, og Statoil ventar på ei nærare avklaring om behovet for drivstofftenestene og styresmaktene si haldning til løysing av dei.

Regjeringa er innstilt på å finna løysingar som ikkje svekkjer redningsberedskapen langs kysten.

Odd Roger Enoksen (Sp): Jeg takker statsråden for svaret som jeg egentlig oppfatter som en bekreftelse på at Regjeringen har til hensikt å sikre drivstoffberedskapen på disse flyplassene. Oppslagene i media om denne saken for en ukes tid siden var ganske dramatiske. I Aftenposten den 10. februar står det at sjefen for 330 Skvadron har sagt at for redningstjenesten er dette kritisk, og at helikopterets aksjonsradius blir kraftig redusert. Dette innebærer da at man får dårligere rekkevidde ute i havet under redningsaksjoner, noe som jeg oppfatter som det mest dramatiske med det forslaget som her framkom. Mitt oppfølgingsspørsmål til statsråden blir da: Kan statsråden bekrefte at det ikke er bedriftsøkonomiske hensyn i Statoil som skal være avgjørende for så viktig infrastruktur som tilgang på drivstoff for redningstjenesten er?

Statsråd Ranveig Frøiland: Med bakgrunn i det som eg sa i svaret mitt om at Statoil no ser på om desse tankanlegga må oppgraderast, at det er Luftfartsverket som vurderer behovet for drivstoff i lufthamnene, og i tillegg at Statoil er innstilt på å finna løysingar som kan ivareta desse tinga som representanten Odd Roger Enoksen er oppteken av, vil eg berre igjen stadfesta at vi er innstilte på å finna løysingar som gjer at redningstenesta ikkje skal verta svekt. Det inneber at det òg må vera andre behov som blir lagde til grunn enn det reint forretningsmessige.