Stortinget - Møte onsdag den 12. februar 1997

Dato: 12.02.1997

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 4

Erling Folkvord (RV): Eg skal da stille følgjande spørsmål til kommunal- og arbeidsministeren:

Kommunenes Sentralforbund har gjennom et rundskriv prøvd å ta rettigheter fra lågtlønna omsorgsarbeidere ved å definere dem som oppdragstakere slik at mange blant annet har mista retten til feriepenger.

Hva vil statsråden gjøre for å gi de skadelidte tilbake retten til arbeid og feriepenger?

Statsråd Kjell Opseth: Det avgjerande for å kome inn under det vernet arbeidsmiljølova og ferielova gjev, er at ein kan reknast som arbeidstakar. Kven som skal reknast som arbeidstakar, er avhengig av ei konkret vurdering av det enkelte forhold, der ein legg vekt på ei rekkje moment.

Det er domstolen som tek stilling til korleis inngått kontrakt skal tolkast. Kommunal- og arbeidsdepartementet og Arbeidstilsynet kan berre gje rettleiing om desse spørsmåla.

Når det gjeld det konkrete rundskrivet frå Kommunenes Sentralforbund, forstår eg det slik at dei har gjeve kommunane rettleiing i forhold til ulike grupper av tilfelle, m.a. støttekontaktar/tilsynsførarar og fosterheim/omsorgspersonar. Det viktigaste rådet Kommunenes Sentralforbund gjev kommunane i rundskrivet, er at dei skal leggje fram for det lokale arbeidstilsynet kontraktar av denne arten, og at Arbeidstilsynets råd skal følgjast. Kommunenes Sentralforbund har elles innrømt at rundskrivet er noko unyansert, og vil derfor utarbeide eit nytt. Det vil vere ein fordel at Arbeidstilsynet får det reviderte rundskrivet til utsegn for å medverke til at det er i samsvar med gjeldande rett.

Eit eksempel på at rundskrivet har gjeve opphav til usemje, er ei sak frå Gaular kommune kor ein støttekontakt ikkje fekk utbetalt feriepengar med den grunngjevinga at han ikkje var arbeidstakar. I denne saka har Kommunenes Sentralforbund gjeve ei fråsegn om at kontrakten var eit ordinært arbeidsforhold med plikt til å utbetale feriepengar.

Til dei som er urettvist behandla, kan eg berre gje det rådet at dei må vende seg til arbeidsgjevaren for å få utbetalt sitt tilgodehavande.

Gunnar Breimo hadde her overtatt presidentplassen.

Erling Folkvord (RV): Eg vil takke statsråden for eit positivt svar, som så vidt eg kan skjøne, vil seie at rundskrivet frå Kommunenes Sentralforbund må bli erstatta av eit nytt rundskriv, og at statsråden nå har oppfordra dei som har lidd økonomisk urett, til å be om å få det gjort godt igjen.

I eit skriv frå Arbeidstilsynet datert 18. oktober 1996 heiter det:

Fra 1990 og frem til idag har det ikke skjedd endringer i rettsutviklingen som tilsier en endring av ovennevnte standpunkt.

« Det ovennevnte standpunkt » er at støttekontaktar normalt er å sjå på som arbeidstakarar.

Eg vil berre be om å få presisert at dette vil innebere, når det ikkje har vore endringar i rettsutviklinga etter 1990, at det kjem eit rundskriv som slår fast dei arbeidstakarrettane som galdt for dei aktuelle gruppene frå slutten av 1980-talet, og at ein får det inn i framtidige kontraktar overalt.

Statsråd Kjell Opseth: Eg kan stadfeste at det vil kome eit nytt rundskriv, og eg vonar at det rundskrivet då blir lagt fram for Arbeidstilsynet slik at vi får det i samsvar med gjeldande rett. Dermed vil det vere desse tolkingstilfella som ein har også i forhold til gjeldande rett, som framleis kan føre med seg at det oppstår tilfelle der det blir usemje. Men det er som sagt domstolen som må dømme i slike saker.

Erling Folkvord (RV): Eg synest det ser ut som vi får ei forandring til det betre. Omgrepet « oppdragstakar » er jo eit omgrep henta frå privat næringsverksemd, og det høver ikkje verken på kommunalt løna støttekontaktar eller på dei som mottar omsorgsløn. Eg oppfattar at dette nye rundskrivet, som nå blir trekt tilbake og erstatta med eit nytt, var eit forsøk på å låne eit omgrep frå det private næringslivet for dermed å få sanert bort ein del økonomiske rettar for nokre arbeidstakargrupper i kommunesektoren og av dei lågast løna, og at den saneringa av rettar skulle gjerast gjennom å endre på kontraktane.

Eg er tilfreds med at vi nå får ein gjennomgang som ligg an til å bety at tidlegare rettar blir behaldne og lagde til grunn i framtida. Eg vil takke for svara frå statsråden.

Statsråd Kjell Opseth: Eg vil ta litt avstand frå representanten Folkvord si utsegn om at det har vore forsøk på å sanere bort nokre av arbeidstakarane sine rettar. Det var nok meir ei uheldig formulering som har ført til uheldige konsekvensar, som eg no vil prøve å rette opp.