Stortinget - Møte onsdag den 12. februar 1997

Dato: 12.02.1997

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 8

Rita Tveiten (A): Eg vil tillata meg å stilla følgjande spørsmål til helseministeren:

Eg viser til oppslag i Dagbladet 6. februar 1997, om ein kreftpasient som er blitt operert i ansiktet. Etter dagens reglar må pasienten sjølv betala delar av tannbehandlinga som trengst etter sjukdomen.

Kva kan helseministeren gjera for å retta opp eit regelverk som ikkje ser ut til å fanga opp refusjon for nødvendig kreftbehandling knytt til rekonstruksjon av kjeve og tannsett?

Statsråd Gudmund Hernes: Oppslaget i Dagbladet 6. februar peikar på uheldige føresegner i eit regelverk som det er nødvendig å gå igjennom og betre. Under behandlinga av helsemeldinga sommaren 1995 bad Stortinget regjeringa om å greie ut refusjonsordninga for pasientar med tannhelseproblem knytte til sjeldne sjukdomar og for pasientar som har hatt kreft i kjeve/munnhole. Det var vedtak nr. XXVIII. Dette har eg alt omtala i St.prp.nr.1, budsjettproposisjonen for 1997. Eg vil gjennomgå dei offentlege støtteordningane til tannbehandling. Det gjeld både stønad frå folketrygda og vederlagsfri tannbehandling i den fylkeskommunale tannhelsetenesta.

Pasientar som mister tenner eller delar av kjevane på grunn av kreft eller behandlinga av denne sjukdomen, vil, i den grad det lèt seg gjera, etter gjeldande reglar få rekonstruert kjevebeinet kostnadsfritt på sjukehus. Dersom det er behov for tannimplantatar eller metallskiver i kjevebeinet for å få festa kunstige tenner, vil også utgiftene til denne behandlinga bli dekte av sjukehuset. Ei slik ordning kom i stand i 1993. Oversikt frå Helsetilsynet syner at mellom 15 og 20 kreftpasientar årleg får operert inn implantatar etter kreftsjukdom i kjevane eller dei nærmaste omgjevnadene.

Kreftpasientane må framleis betale eigendel for dei kunstige tennene som skal setjast på implantatane. Pasientane må her søkje bidrag frå trygd. Når det vert ytt bidrag, dekkjer trygda som hovudregel 2/3 av summen som er over 500 kr. For enkelte pasientar kan eigendelen i dei mest omfattande tilfella difor kome opp i 20.000 - 30.000 kr. På årsbasis vil den offentlege støtta for alle kreftpasientane utgjere 400.000 - 500.000 kr i tillegg til den støtta desse pasientane får i dag.

I samband med framlegget av statsbudsjettet for 1998 vil eg vurdere nødvendige ekstra støtteordningar til tannbehandling til pasientar som har hatt kreft i kjeve eller munnhole, slik at desse kan få kostnadsfri tannbehandling, slik som enkelte andre pasientkategoriar. Kreftsjukdommar og behandlinga av desse er ein så stor påfreistnad for den einskilde at det verkar urimeleg at dei også skal måtte betale ein stor del av kostnadene til rehabilitering av eit øydelagt tannsett.

Rita Tveiten (A): Eg vil takka statsråden for svaret. Eg er glad for at helseministeren har desse spørsmåla oppe på sin dagsorden, for det kan i alle fall verka urimeleg at det skal vera spørsmål om kor kreftsjukdommen råkar, som skal vera det avgjerande for om ein pasient skal ha rett på å få dekt behandlingsutgiftene eller ikkje.

Eg vil gjerne òg seia at eg er glad for at helseministeren òg nemner andre alvorlege sjukdommar i munnhola, for det har vore problemstillingar som kanskje har vore litt lite påakta i helsevesenet til no.

Eg vil òg gjerne stilla eit lite tilleggsspørsmål om kva helseministeren kan gjera for at regelverket for refusjon utviklar seg meir i takt med nye behandlingsformer som er tilgjengelege, og at ein kan følgja betre med når det er så openberre skeivheiter som rammar annleis enn det som har vore tenkt.

Statsråd Gudmund Hernes: Det er et svært viktig problem som representanten tar opp i sitt tilleggsspørsmål, fordi ikke minst når vi har en så rask utvikling av medisinsk kunnskap og medisinsk teknologi, kan det godt skje på flere områder at de refusjonsordninger vi har, ikke er tilpasset de nye muligheter som bys.

Det er en problemstilling som departementet er oppmerksom på, men jeg er ikke trygg på at vi har gode nok rutiner for den løpende tilpasning. Det gjelder også på andre felter, eksempelvis muligheter for mindre drastiske operasjoner, som det nå er gode muligheter for å gjøre mange steder i landet, men hvor f.eks. takstsystemet ikke er tilpasset etter dette. Så noen ganger er det slik at de nye mulighetene bør føre til en økning av refusjonene, i andre tilfeller kan de skjæres ned. Det er også en problemstilling som vi er oppmerksom på, og jeg skal følge dette nøye for å sikre at vi får en så god løpende tilpasning som mulig.

Rita Tveiten (A): Eg vil berre takka statsråden for at han har ei slik offensiv haldning, slik at dei ulike pasientgruppene kan kjenna seg trygge på at når det er område der det er openbert urettferdige løysingar, så skal dei i alle fall ha mogelegheita for å venda seg til statsråden og kunna gjera merksam på det og verta høyrde på. Dette dreiar seg òg mykje om det samrådet som me har snakka om, at her må folk som har skoa på, få høve til å gje uttrykk for det, slik at dei som kan gjera noko med det, kan få gjort noko med det. Eg ønskjer lykke til!