Stortinget - Møte onsdag den 12. mars 1997

Dato: 12.03.1997

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 19

Siri Frost Sterri (H): Jeg har følgende spørsmål til kirke-, utdannings- og forskningsministeren:

Medfører det riktighet at norsktalende skolebarn i 4. klasse i Tana kommune får tre uketimer mindre undervisning enn klassekameratene med annet morsmål, jf. oppslag i VG 5. mars 1997, og hvordan vil i så fall statsråden gripe inn for å endre dette forholdet?

Statsråd Reidar Sandal: Tana kommune har opplyst til Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet at ved barnetrinnet ved Seida skole i Tana blir det undervist i samisk, finsk og russisk som ekstratimar i tillegg til den ordinære timeplanen. Dei elevane som ikkje ønskjer å få opplæring i samisk og heller ikkje tek del i russisk eller finsk, har gjennom mange år fått eit tilsvarande timetal i sentrale fag som matematikk, norsk og orienteringsfag heilt frå småskuletrinnet.

Dette fører til at elevane allereie ved inngangen til mellomtrinnet har fått eit visst timetal utover minstetimetalet. I inneverande skuleår trekkjer kommunen inn nokre tilleggstimar som elevane har fått tidlegare.

Generelt er det derfor ikkje mogleg å trekkje nokon konklusjon ved å sjå på timetalet på eitt klassetrinn eller eit enkelt skuleår isolert. Ein må vidare vurdere heilskapen i opplæringstiltaka og timefordelingsplanen over år. Totalbiletet ved Seida skole i Tana er at alle elevar får eit visst timetal utover minstetimetalet i løpet av dei seks åra på barnetrinnet.

Sidan dette er opplysningar som ikkje ligg føre skriftleg, har eg bedt Statens utdanningskontor i Finnmark om å ta kontakt med Tana kommune med sikte på å få ei skriftleg utgreiing frå kommunen.

Siri Frost Sterri (H): Jeg takker statsråden for svaret, og er tilfreds med at statsråden nå har sin oppmerksomhet festet på det problemet som er beskrevet. Jeg føler meg allikevel ikke helt beroliget av det svaret han gav, men regner med at han vil følge opp dette videre.

Det er her én problemstilling som i høyeste grad er knyttet til innføring av Reform 97, og det er jo det faktum at mens norske elever ordinært vil ha 53 uketimer i norsk fra første til tiende klasse, vil de i samiske områder bare komme ut med 40 timer pr. uke fra første til tiende klasse, slik timefordelingsplanen nå er foreslått fra Samisk utdanningsråd. Det er åpenbart at man da bør sette spørsmålstegn ved om vi i realiteten har like skoletilbud til elever i alle deler av landet.

Statsråd Reidar Sandal: Eg konstaterer at representanten Frost Sterri iallfall langt på veg er tilfreds med det svaret som er gitt på det spørsmålet ho stilte.

Eg har lyst til å streke under det hovudpoenget at det ser ut til at dei norske elevane som ikkje vil ha opplæring i samisk, gjennom mange år har fått styrkt sin skulegang på grunn av den opplæringa som dei sjølve har valt bort. Det viser etter mi oppfatning at den situasjonsframstillinga som enkelte har gitt i denne saka, så langt eg har fått opplyst iallfall, ikkje har rotfeste i den praktiske kvardagen.