Stortinget - Møte onsdag den 12. mars 1997

Dato: 12.03.1997

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 8

Laila Kaland (A): Eg vil stille følgjande spørsmål til helsestatsråden:

Profesjonsstriden i norsk helsesektor er stor, mange hjelpepleiarar får i dag ikkje arbeid på grunn av denne striden.

Er hjelpepleiarane uønskte i norsk helsevesen i sjukehusa og elles i institusjonshelsetenesta, eller treng vi dei, og kva meiner statsråden om dette?

Statsråd Gudmund Hernes: Hjelpepleiarane er ei viktig yrkesgruppe i norsk helseteneste i dag. I dei somatiske sjukehusa stod hjelpepleiarane for 5.155 årsverk i 1994. I psykiatriske institisjonar var 3.232 stillingar budsjetterte for hjelpepleierar i 1995. Den største gruppa hjelpepleiarar er sysselsette i kommunehelsetenesta. Dei utførte 24.956 årsverk i pleie- og omsorgstenesta i 1995.

Det er rett at talet på årsverk for hjelpepleiarar i somatiske sjukehus har gått ned, frå 7.363 årsverk i 1988 til 5.155 i 1994. Ei side ved denne utviklinga skuldast at sjukehusa meir enn tidlegare er medisinske behandlingsinstitusjonar med låg liggetid og spesialisert behandling. Trass i dette vil det framleis vere god bruk for hjelpepleiarane til å vareta generelle oppgåver i sjukehusa. Kommunehelsetenesta tek i større grad enn tidlegare hand om pasientar med store pleiebehov, og institusjonar - sjukeheimar - knytte til kommunehelsetenesta er viktige arenaer for hjelpepleiarar.

Eg vil understreke at hjelpepleiarane har sin plass i sjukehusa. Vi har starta vidareutdanning for hjelpepleiarar i operasjonsteknikk. Vi arbeider med ein handlingsplan for helsepersonell. Planen tek m.a. opp hjelpepleiarane sine behov for vidareutdanning innanfor andre område enn operasjonsteknikk. Stortinget har vedteke i budsjettbehandlinga for 1997 at forholdet mellom talet på hjelpepleiarar og sjukepleiarar skal utgreiast for sjukehus og sjukeheimar, og vi ser på dette i handlingsplanarbeidet.

Helsetenesta har gjennomgått ei desentralisering. Prinsippet om lågast effektive omsorgsnivå er styrande. Etter lov om helseteneste i kommunane frå 1984 har talet på stillingar i den kommunale helsetenesta auka monaleg. I pleie- og omsorgssektoren utfører arbeidstakarar utan helsefagleg utdanning mange årsverk. Dei dekkjer om lag ein tredel av årsverka, ca 26.000. I kommunehelsetenesta er hjelpepleiarar og dei nye omsorgsarbeidarane med og styrkjer kompetansen innan tenesta ved at dei søkjer desse stillingane. Regjeringa ønskjer ei styrking av eldreomsorga. Ein kan difor vente vidare utbygging av stillingar i kommunehelsetenesta.

Eg meiner at hjelpepleiarane vil ha viktige oppgåver i helsetenesta i framtida, og at dei yter ein stor innsats for mange ulike pasientgrupper i dag.

Laila Kaland (A): Eg vil takke statsråden for eit godt svar. Eg synest det var utfyllande, og at det peikar positivt framover når det gjeld både hjelpepleiarane og dei andre helsegruppene innanfor institusjonshelsetenesta.

Det som gjorde at eg tok opp dette spørsmålet, var at eg faktisk har fått ein del reaksjonar frå hjelpepleiarar som seier at dei føler seg direkte mobba ut av sjukehusa. I tillegg seier dei at det same held på å skje når det gjeld institusjonshelsetenesta på sjukeheimar i kommunane. Dersom dette er riktig, er det gale signal.

Eg har berre lyst til å seie at profesjonsstriden, som også er nemnd i langtidsprogrammet til Regjeringa, no må leggjast vekk. Det er ingen som er tent med at dei ulike grupperingane av helsepersonell innanfor helsetenesta i dag skal stri mot kvarandre. Dersom vi skal få pasienten frisk, har vi ulike arbeidsoppgåver, vi har ulike område som vi skal jobbe med. Då er det viktig at vi kan samarbeide. Då er det viktig at alle blir vurderte som likeverdige innanfor den jobben som dei skal gjere. Derfor synest eg svaret frå helseministeren var godt.

  • President, er det mogleg å stille tilleggsspørsmål i dag?

Presidenten: Tiden er omme.