Stortinget - Møte onsdag den 21. mai 1997

Dato: 21.05.1997

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 7

Arne Haukvik (Uavh): Eg tillèt meg å stille følgjande spørsmål:

Kva vil Sosial- og helsedepartementet gjere for å auke utdanningskapasiteten for sjukepleiarar?

Statsråd Reidar Sandal: Regjeringa har gjennom fleire år lagt vekt på å halde eit høgt opptaksnivå for dei mest etterspurde utdanningane innanfor helse- og sosialfag. Sjukepleiarutdanninga er ei av desse prioriterte utdanningane. Eg kan i den samanhengen nemne at i 1990 var opptakskapasiteten til sjukepleiarutdanninga på 2.519 studentar, og i 1996 var opptakskapasiteten oppe i 3.565 studentar. Det har med andre ord vore ein auke i utdanningskapasiteten innanfor sjukepleiarutdanninga på 42 % ved dei statlege og private utdanningsinstitusjonane i løpet av dei siste seks åra.

Regjeringa har dei siste åra prioritert å halde eit høgt opptaksnivå til sjukepleiarutdanninga. Resultata av satsinga på sjukepleiarar vil først vise seg når desse kandidatane blir uteksaminerte etter treår. Eg vil i samband med den sterke auken vi har hatt i opptaket til sjukepleiarutdanninga, også gjere merksam på at det er vanskeleg å skaffe nok praksisplassar til sjukepleiarstudentane. For m.a. å lette tilgangen til praksisplassar tilbyr ei rekkje høgskular sjukepleiarutdanning også som desentraliserte tilbod.

Stortinget har i samband med behandlinga av statsbudsjettet for 1997 løyvt 15 mill kr. ekstra til nye studieplassar i 1997. Grunnutdanninga i helsefag skal her prioriterast. Departementet vil komme tilbake til fordelinga av dei nye studieplassane ved regulering av opptaket til høgskulane i 1997/98. Når det gjeld opptaket til sjukepleiarutdanninga, vil Regjeringa leggje opp til å ha dette på eit høgt nivå også i 1997.

Arne Haukvik (Uavh): Eg takkar for svaret. Det er bra at kapasiteten aukar, om det enn viser seg i praksis at det er altfor lite.

Utdanning av sjukepleiarar er særs viktig for at drifta av sjukehus m.v. ikkje skal bli skadelidande. Dette går fram både av utgreiinga som er kalla Lønning II, og av det reviderte nasjonalbudsjettet.

I Lønning-utvalet si melding heiter det:

Tiltak for å betre personellsituasjonen for høyt prioriterte grupper, særlig innen psykiatri, rehabilitering, pleie og omsorg, bør igangsettes straks

I det reviderte nasjonalbudsjettet peikar ein på at det er særleg mangel på arbeidskraft innan sjukepleie og helsearbeid.

Pensjonistpartiet hevdar at innskrenking av talet på sjukehussenger kan føre til mangel på praksis- eller læreplassar, slik statsråden sa, og dermed fare for at det blir reduserte inntak av studentar og elevar til sjukepleiar- og hjelpepleiarskulane. Dette blir òg stadfest i revidert nasjonalbudsjett for 1997.

Stoda er med andre ord kritisk, og eg må spørje statsråden om denne utdanninga straks kan trappast opp slik at ein ikkje kjem i endå større krise.

Statsråd Reidar Sandal: Som representanten Haukvik er blitt gjort kjend med, har opptakskapasiteten for sjukepleiarutdanninga auka sterkt i løpet av dei siste åra, som eg peika på i hovudsvaret mitt.

Regjeringa legg opp til at vi ved endeleg fastsetjing av studieplassane for kommande studieår skal omprioritere til dei prioriterte utdanningane. Det har vore ei linje i Regjeringa sin politikk, og den linja fører vi òg vidare.

Lat meg òg minne om at det er løyvt ekstra midlar til nye studieplassar i 1997 som vil bli lagde inn i den endelege ramma for opptaket til hausten. Når det gjeld høgskulane våre, er det verdt å minne om at den endelege avgjerda i den saka vil ein finne i den kongelege resolusjonen om studieplassar for høgskulane som Regjeringa vil leggje fram litt seinare.

Arne Haukvik (Uavh): Eg takkar for svaret. Om kapasiteten aukar sterkt, så hjelper det bra, men det er likevel stor mangel på utdanna personale. Noe av grunnen kan vere at mange av dei som arbeider i sjukehusstellet nå, har berre halv stilling, for lønna er dårleg og presset på arbeidsstaden er veldig hardt, så dei orkar faktisk ikkje å ha full stilling.

Kan statsråden tenkje seg å gjere noko med lønnsnivået, og også med arbeidssituasjonen, slik at fleire kan gå over i full stilling?

Statsråd Reidar Sandal: Eg ber om forståing for at dette ikkje er arenaen for lønnsforhandlingar, korkje for sjukepleiarar eller for andre arbeidstakargrupper i landet vårt.

Når det gjeld Regjeringa si handtering av dette spørsmålet, har eg gjort greie for kva som er politikken for oss, og kva som er strategien framover.

Eg er samd med representanten Haukvik i at det òg må sjåast på at det nok er ein lekkasje frå enkelte stillingskategoriar som kan vere med på å auke presset, iallfall i ein periode. Men vi må hugse på at når ein tar opp sjukepleiarstudentar, går det ein treårsperiode før ein får den fulle effekten av dette. Med den veksten som vi har hatt dei siste seks åra, ein auke på 42 %, er det gjort veldig mykje frå det offentlege si side for å komme positivt i hamn på dette området.