Inger Lise Husøy (A):
Jeg har
følgende spørsmål til kirke-, utdannings- og forskningsministeren:
Hva vil statsråden gjøre for å
forhindre at språkopplæringen blir svekket, slik tilfellet synes å være ved
blant annet Rosenhof Voksenopplæringssenter i Oslo, for voksne
fremmedspråklige og spesialundervisningen for elever med psykososiale og
fysiske handikap?
Statsråd Jon Lilletun:
La meg fyrst
av alt få presisere fylgjande: Departementet har ikkje fått melding om at
språkopplæringa ved Rosenhof Voksenopplæringssenter er svekt. Eg finn det
derfor vanskeleg å kunne svare direkte på det heilt konkrete spørsmålet.
Eg har derimot vorte orientert om at
det m.a. i Oslo kommune no og då er ventelister for å kome inn på kurs i
norsk for innvandrarar. Ved Rosenhof Voksenopplæringssenter skjer t.d.
inntak til bestemte tidspunkt. Dei som melder seg til undervisning mellom
inntaka, må då vente til nye kurs startar. Etter det eg veit, er det
maksimum tre månaders ventetid.
Ved å innføre nivåbasert
norskopplæring vil eg tru at opplæringa vil verte styrkt, ikkje svekt
framover. Omlegginga vil gje alle auka moglegheiter til å lære norsk, i
fyrste rekkje dei som har morsmål fjernt frå norsk, er analfabetar eller har
svak skulegong frå heimlandet.
Når det gjeld tilbod til deltakarar
med ulike funksjonshemmingar, har dei i tillegg til den grunnleggjande
opplæringa i norsk med samfunnskunnskap rett til spesialundervisning etter
sakkunnig vurdering. Innvandrarar og flyktningar har same retten til slik
opplæring som dei norske innbyggjarane i kommunen. Spesialundervisning
etter sakkunnig vurdering er det kommunen sitt ansvar å betale. For
innvandrarar og flyktningar bør ein samordne spesialundervisninga med den
grunnleggjande norskopplæringa, slik at totaltilbodet vert best mogleg.
Kirsti Kolle Grøndahl hadde her
gjeninntatt presidentplassen.
Inger Lise Husøy (A):
Jeg takker
statsråden for svaret. Det er klart at Oslo kommune også har et ansvar her,
men jeg syns likevel at statsrådens svar er i grell kontrast til de mange
lovnadene som har vært om å styrke språkopplæringen for den gruppen jeg tok
opp i spørsmålet mitt.
Tilskuddssatsene for opplæring i norsk
med samfunnskunnskap for voksne fremmedspråklige vil være uendret i 1998, og
reelt sett er jo det en nedbygging. Dette vil altså ramme
kvinneundervisningen, og det vil få en svært negativ virkning på tilbudet
til alfabetiseringselevene. Jeg frykter at det også er den absolutt
svakeste elevgruppa som her blir rammet mest. Og da er spørsmålet mitt: Hva
kan og vil statsråden gjøre for å forhindre at de blir rammet, slik som det
ser ut i dag?
Statsråd Jon Lilletun:
Stortinget har
tidlegare vedteke nivåbasert norskopplæring, og den førre regjeringa rakk
ikkje å gjere ferdig proposisjonen om dette i samband med statsbudsjettet.
Vi held her på med å leggje siste handa på verket og skal prøve å kome med
det snarast mogleg på nyåret. I samband med det er det klart at ein òg bør
sjå den problemstillinga som representanten Husøy reiste her.