Stortinget - Møte onsdag den 4. februar 1998

Dato: 04.02.1998

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 3

Ågot Valle (SV): Jeg har følgende spørsmål til barne- og familieministeren:

Barnevernet i flere fylker rapporterer om store vansker med å få tak i fosterforeldre, særlig til barn over 10 år (« Fosterhjemstørke »). I Hordaland står 37 barn i kø, og flere tvangsvedtak om plassering i fosterhjem er blitt kjent ugyldige fordi barnevernet ikke har klart å finne fosterhjem innen fristen. Dette får store konsekvenser for barn som allerede har opplevd for mye vondt over for lang tid.

Hva vil statsråden gjøre for å styrke fosterhjemsarbeidet?

Statsråd Valgerd Svarstad Haugland: Det beste for borna når dei ikkje kan vera heime, er å få vera i ein god fosterheim. Spørsmålet som representanten Ågot Valle reiste, om desse borna blir tekne godt nok vare på, er derfor eit veldig viktig og alvorleg spørsmål.

Dei fleste borna som ventar på ein fosterheim, gjer det medan dei bur i eit anna fylkeskommunalt tiltak. Det kan vera ein beredskapsheim, ein institusjon eller eit anna omsorgstilbod.

I meldingane som departementet får frå kommunane gjennom fylkesmennene, blir det rapportert at det ikkje er mange born som ventar på fylkeskommunale tiltak eller fosterheimar i meir enn seks veker - for heile landet var det ca åtte kvart kvartal i 1997. Ut frå dei opplysningane eg har, er det òg svært få vedtak som er blitt oppheva fordi den lovfesta ventetida ikkje har blitt fylgt. Det gjer ikkje saka mindre alvorleg, og eg vil fylgja nøye med i utviklinga for dei borna som må venta på å få koma i fosterheim.

Vi får rapportar om at borna som ikkje kan bu heime, er meir skadde og har fleire problem enn tidlegare. Det krev at barnevernet og andre har eit godt samarbeid. Det krev òg at fosterheimane får god oppfylging frå barnevernstenesta. God oppfylging er òg ein føresetnad for å lukkast med rekrutteringa.

Departementet utarbeidde ein eigen handlingsplan for dette området som blei lagd fram den 25. august 1997, altså for berre eit halvt år sidan. Føremålet med planen er å skaffa gode nok fosterheimar. I planen er det sett opp fylgjande mål:

  • sikra regelmessig oppfylging av fosterborn og fosterforeldre
  • avklara framtida og oppfylginga av fosterborn i god tid før dei fyller 18 år
  • auka kompetansen og styrkja opplæringa av fosterforeldre
  • auka rekrutteringa av fosterheimar
  • avklara og betra samarbeidsforholda
  • auka kunnskap og forsking om fosterborn og fosterheimar
  • revidera dei fylkeskommunale fosterheimsplanane innan 1. mai 1998

Ein handlingsplan treng òg oppfylging. Det er særs viktig når det må vera høg innsats på fleire forvaltnings- og fagområde. Fylkesmannen vil vera sentral i dette arbeidet. Fylkesmennene og departementet utarbeider no ei eiga form for rapportering for å sjå til at tiltaka i handlingsplanen vert sette i verk.

Eg håpar at tiltaka i planen vil sikra nok fosterheimar i framtida.

Ågot Valle (SV): Jeg takker for svaret og er glad for at barne- og familieministeren tar dette arbeidet på alvor. Det som egentlig var kjernen i mitt spørsmål, var hva man skal gjøre for å få flere fosterhjem. Det er ulike forhold i de forskjellige fylkene. I noen fylker mangler det flere fosterhjem enn i andre, og i Hordaland er situasjonen slik vi ser det, alvorlig.

Når vi skal se på rekrutteringa, er det viktig å høre på hva fosterhjemsforeldre sjøl sier. De har i hvert fall fortalt meg at det handler om mangel på rettigheter, spesielt pensjonsrettigheter når de er nødt til å gå ut av ordinært arbeid, og, som barne- og familieministeren snakket om, oppfølginga de kan få av barnevernet, og hvorvidt de blir tatt på alvor som rettmessige medarbeidere i barnevernet. Det handler også om kompetansen og stabiliteten i barnevernet. Jeg vil spørre statsråden: Vil statsråden gjøre noe med rettighetene til fosterforeldre, og vil hun se på kompetansen som trengs i barnevernet for å følge fosterhjemsforeldre opp på en skikkelig måte?

Statsråd Valgerd Svarstad Haugland: Eg føler faktisk at ein del av dei spørsmålsstillingane som representanten reiser i tilleggsspørsmålet, er dekte inn i den planen som blei lagd fram for eit halvt år sidan, og som no har begynt å fungera. Ein skal m.a fylgja opp fosterforeldre, og ein skal òg prøva å auka rekrutteringa. Eg har hatt besøk frå Norsk Fosterhjemsforening og vore i dialog med dei, og det vil koma til nytte. Dei har reist mange av dei same problemstillingane. Eg trur at det arbeidet vi no har sett i gang, òg vil føra til at barnevernet får heva kompetansen sin.

Når det gjeld pensjonsrettane, har eg ikkje vurdert det i denne samanhengen, men det signalet som blei gitt, skal eg ta med meg. Men eg trur, som representanten, at fosterforeldra har ei kjensle av at desse rettane er viktige, og at dei treng eit godt samarbeid med barnevernet for at dei skal kunna tora å ta på seg den viktige oppgåva det er å vera fosterforeldre. Min intensjon er at etter denne oppfylgingsplanen skal akkurat desse problemstillingane bli teke opp i samarbeid med foreininga og fosterforeldra.

Ågot Valle (SV): Statsråden refererer til handlingsplanen. Nå er det det med den handlingsplanen at det faktisk ikke følger penger med den, slik jeg har blitt informert. Statsråden sier også at hun har vært i kontakt med Norsk Fosterhjemsforening. Det har jeg også vært. De er opptatt av at hele det komplekse feltet som dette fosterhjemsarbeidet er, blir gjennomgått skikkelig, og at vi får enda mer kunnskap om forskningen, undersøkelsene og det arbeidet som er gjort rundt det.

Vil statsråden ta et initiativ til en grundig gjennomgang - til noe mer enn handlingsplanen - f.eks gjennom en NOU og en etterfølgende stortingsmelding?

Statsråd Valgerd Svarstad Haugland: Spørsmålet om statsråden vil ta initiativ til eventuelt ein NOU med ei oppfylgjande stortingsmelding, er noko Regjeringa ikkje har drøfta. Sjølv har eg stor sympati for den tanken. Eg har ikkje teke endeleg standpunkt enno. Eg føler òg at det er viktig å få evaluert og sett om handlingsplanen slår til på ein positiv måte, slik at ein del ting blir retta opp og gjort betre gjennom at handlingsplanen får verka ein periode. Men tanken om å få ein NOU og ei stortingsmelding er absolutt ikkje framand for meg. Eg kan ikkje stå her og lova at det kjem til å skje i næraste framtid, for Regjeringa har ikkje drøfta det. Men eg veit kva som står både i mitt eige partiprogram og i andre sine program, så vi får koma tilbake til det. Vi kjem iallfall til å fylgja feltet veldig nøye. Vi ser at det er eit av dei områda som er særs viktige. Det er ein av grunnane til at denne Regjeringa styrkjer barnevernet ein del meir enn den førre regjeringa gjorde, fordi barnevernet òg må inn i samarbeidet med bl.a fosterforeldra.