Stortinget - Møte onsdag den 11. februar 1998

Dato: 11.02.1998

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 3

Grethe G Fossum (A): Jeg vil gjerne få lov å stille følgende spørsmål til barne- og familieministeren:

Barne- og familieministeren har ved flere anledninger sammenlignet den norske kontantstøtteordningen med den finske modellen for « stöd för småbarns vård ».

Hvilke forskjeller finner barne- og familieministeren mellom de to modellene?

Statsråd Valgerd Svarstad Haugland: Den finske ordninga som representanten Fossum viser til, har eit meir omfattande regelverk enn den ordninga vi har tilrådd.

I Finland kan familiar med born under tre år velja mellom kommunal barnehageplass, kontantstøtte - det dei kallar « hemvårdsstöd » - eller støtte til at private kan ta omsorga for borna - det dei kallar « Stöd för privat vård av barn ». I fjor haust vart det innført ein rett til barnehageplass for familiar som ynskjer barnehage, og det er kommunen som skal legga til rette for dette.

Før eg går inn på sjølve kontantstønaden, vil eg fyrst seia litt om barnehagesektoren i Finland.

Finnane har tradisjon for kommunale barnehagar, og berre ein mindre del av barnehageborna har plass i private barnehagar. Dei kommunale barnehagane får ikkje øyremerkt statleg tilskot som i Noreg. Den vesle gruppa med private barnehagar er avhengig av stønad frå kommunen eller at familiane vel den ordninga som gir stønad til privat pass av born. I Finland har alle barnehagar foreldrebetaling i høve til familien si inntekt, og nivået på betalinga er jamt over lågare enn hos oss.

Kontantstønaden - eller « hemvårdsstödet » - kan tingast av familiar med eit barn under tre år som ikkje nyttar kommunal barnehageplass for dette barnet. Stønaden er sett saman av ein grunndel som går til alle, og ein tilleggsdel utrekna i høve til inntekta til familien og storleiken på familien. Store familiar med låg inntekt får eit høgare tillegg enn små familiar med høg inntekt. I tillegg til dette kjem eit syskentillegg for eldre born under skulealder dersom dei heller ikkje nyttar kommunal barnehage. Stønaden er skattepliktig inntekt for mottakar. Det vert ikkje stilt krav om at ein av foreldra må vera heime. I informasjonen frå det finske trygdeverket kjem det fram at « Barnet kan vårdast av någondera föräldern, eller t.ex av en släktning eller annan vårdare ». I tillegg til stønaden frå staten kan kommunane velja om dei ynskjer å legga til eigne midlar, slik at stønaden vert høgare.

Familiane kan velja å la eldre born under skulepliktig alder gå i kommunal barnehage, medan dei tek imot kontantstønad for den yngste. På den andre sida mister dei det såkalla syskentillegget, som eg nemnde ovanfor.

Under det siste alternativet, støtte til privat omsorg for born, blei det løyst ut støtte dersom ein vel å nytta privat barnehage eller dagmamma for born opp til seks år. Både private barnehagar og dagmammaer må registrerast, og midlane går direkte til den som passar borna. På same måten som for « hemvårdsstödet » er stønaden sett saman av ein grunndel for kvart born og eit tillegg i høve til inntekt og familien sin storleik. Mottakar betalar skatt av desse pengane. Kommunane kan sjølve avgjera om dei vil gje stønad i tillegg.

Stønad for « hemvård » av born og stønad for « privat vård » kan ikkje utbetalast samtidig til den same familien.

I høve til det forslaget til regelverk som denne regjeringa nett har lagt ut til offentleg høyring, er den finske ordninga langt meir omfattande og komplisert på fleire måtar. Finnane har fleire tilskotssatsar - noko av tilskotet er i høve til familien si inntekt, noko av tilskotet er skattepliktig, og systemet for dagmammaer og private barnehagar er meir kontrollert enn våre private dagmammaer, slik vi har det i dag. Systemet verkar likevel noko mindre kontrollert samanlikna med godkjende private barnehagar med statstilskot som vi har her hos oss.

Når det gjeld det viktige målet om større valfridom for småbarnsforeldra i høve til omsorgsløysingar for eigne born, er det derimot lite som skil desse to ordningane. Både den finske ordninga og forslaget vårt opnar for valfridom ved at familiane får stønad same kva for omsorgsform dei vel, og det blir ikkje stilt krav om å vera heime for å få kontantstønad.

Vi har tillit til at folk vel det som er best for dei, og at mange vel å vera heime og bruka meir tid saman med borna. Erfaringar frå Finland viser at i nesten 70 % av tilfella er ein av foreldra, og då som regel mor, heime i den tida familien får kontantstønad. Statistikk viser vidare at om lag sju av ti familiar med born under tre år tek imot kontantstønad i delar av tida fram til barnet fyller tre år, medan berre om lag to av ti nyttar ordninga heilt til barnet fyller tre år. Dette syner òg at mange familiar vel andre omsorgsløysingar, spesielt når borna blir noko eldre.

Når eg frå tid til anna har vist til ordninga med kontantstønad i Finland, er det ikkje fordi eg vil at vi skal nytta dei same reglane. Føremålet har vore å gje døme på at det finst ordningar med kontantstønad som fungerer og gjev barnefamiliane valfridom. Eg har inga tru på at ein berre kan kopiera eit regelverk som er laga med andre rammevilkår. Men det vil ikkje seia at ein ikkje kan samanlikna, henta inspirasjon og læra av kvarandre.

Gunnar Breimo hadde her overtatt presidentplassen.

Grethe G Fossum (A): Jeg takker statsråden for det omfattende svaret.

Det er helt klart at statsråden her ser mer på valgfrihet enn på de begrensningene som finnes i Finland nettopp for å gi barn et mer kontrollert og bedre tilbud. - Men la det ligge.

Den norske kontantstøtten skal evalueres kontinuerlig. Det er sendt ut et høringsdokument, samtidig som vi har fått høre at Fremskrittspartiet ikke på noen måte vil ha innskrenkninger i den modellen som statsråden har lagt fram. Hva mener egentlig statsråden med positiv omtale av den finske modellen, uten å ville hente noe fra den, med en kontinuerlig evaluering av kontantstøtten, uten å ha muligheten til å forandre noe, samtidig som Fremskrittspartiet sier at slik skal det være og sånn må det være i garantert fremtid? Hva mener egentlig statsråden med å sende ut et høringsdokument med en frist på fire uker, slik at folk ikke får tid til å uttale seg, eller vil ikke statsråden gi mulighet til forandring?

Statsråd Valgerd Svarstad Haugland: Her var det fleire ting å gripa fatt i, og eg kan begynna med det siste, at ein berre har gjeve fire vekers høyringsfrist. Eg innser at vi burde ha hatt to veker til, men det er ikkje fyrste gongen ei regjering sender ut ei sak med ei avgrensa høyringstid når det hastar å få saka i hamn. Det er fyrste gongen denne regjeringa har gjort det, men også tidlegare regjeringar har gjort det. Det er noko som vi eigentleg ikkje ynskjer å ty til, men vi såg at for at saka skulle bli handsama av Stortinget i vår, var vi nøydde til å bruka noko kortare høyringstid. Det seier eg meg lei for, men slik er det.

Så var det snakk om at statsråden ikkje hentar noko frå den ordninga dei har i Finland. Det er jo ikkje sant, for Finland har to prinsipp som har vore veldig viktige for meg. Det er at dei ynskjer å gje støtte til dei som ikkje går i dei kommunalt drivne barnehagane. Vi ynskjer å gje støtte til dei som ikkje går i barnehagar med statsstøtte. I tillegg har dei heller ikkje sett krav om at ein av foreldra skal vera heimeverande heile tida. Det ynskjer heller ikkje eg. Så eg hentar faktisk inspirasjon òg frå Finland - dersom representanten ynskjer å høyra etter.