Stortinget - Møte onsdag den 11. februar 1998

Dato: 11.02.1998

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 34

Bendiks H Arnesen (A): Jeg tillater meg å stille følgende spørsmål til sosialministeren:

Det er kjent at flere nordmenn som har bodd og opparbeidet trygderettigheter i Sverige, ikke har fått sykepenger og fødselspenger etter at de har flyttet tilbake til Norge. De som er berørt av dette, er kommet i en meget vanskelig økonomisk situasjon fordi heller ikke norske myndigheter har dekket deres trygdebehov.

Hva gjøres fra departementets side for å bringe dette forholdet i orden?

Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa: Det er rett at Sverige i ei rekkje tilfelle har stoppa utbetalinga av sjuke- og fødselspengar til folk som har flytta frå Sverige til Noreg eller eit anna nordisk land. I Norden har trygderettar ved flytting over landegrensene i mange år vore regulert av nordiske konvensjonar.

No følgjer reglane av EØS-avtalen, og trygderettane ved sjukdom og fødsel blir regulerte av reglane i Rådsforordning nr. 1408/71. Etter artikkel 22 har ein arbeidstakar krav på å få sjukepengar og fødselspengar frå arbeidslandet sjølv om han eller ho flyttar til eit anna EØS-land.

Etter norsk syn er det klårt i strid med desse reglane når Sverige stansar utbetalinga av sjukepengar og fødselspengar på den måten ein no har gjort. Det er ikkje berre eit reint norsk-svensk problem, men eit problem mellom Sverige og alle andre EØS-land. Dei norske synspunkta blir m.a. òg delte av danskane og finnane. Representantar for regjeringane i Danmark, Finland og Noreg har i ei felles fråsegn påtalt den manglande svenske etterlevinga av avtala i ein rapport til Nordisk Ministerråd.

Eg tok opp dette spørsmålet med den svenske kollegaen min under Nordisk Råds sesjon i Helsinki i fjor haust. Kompetansen til å overprøva og gjera om på dei urette avgjerdene til det svenske Riksförsäkringsverket ligg i fyrste omgang hjå det svenske nasjonale rettsapparatet og dinest hjå EF-domstolen i Luxembourg. Ei rekkje saker av dette slaget verserer for tida i det svenske rettssystemet. Svenske domstolar som dømmer i siste instans, er forplikta til å leggja spørsmål som inneber ei tolking av EF-retten, fram for EF-domstolen.

Den saka som til no har kome lengst, er sak C-275/96 Anne Kuusijärvi frå Kammarrätten i Sundsvall. Det vart halde munnlege forhandlingar i denne saka i domstolen i Luxembourg 6. november i fjor. Dom er enno ikkje fallen, men innstillinga frå generaladvokaten som førebur saka for domstolen, ligg føre. Ho er klår og eintydig og seier beint ut at Sverige ikkje kan stoppa utbetalinga av di vedkomande flyttar til eit anna avtaleland.

Domstolen plar å følgja generaladvokaten si innstilling, og dommen vil òg vera retningsgjevande i andre saker. Då eg som nemnt tok opp saka med min svenske kollega i fjor haust, fekk eg forståing av at svenskane ville retta seg etter avgjerda frå EF-domstolen også i desse andre sakene.

Verkstadklubben ved Mathiassen Mek. Verkstad i Harstad og Troms fylkeslag av RV har tidlegare teke opp med meg ei av desse sakene. Fleire einskildpersonar har vendt seg direkte til departementet. Eg finn på bakgrunn av det eg no har sagt, at det er grunn til å tru at problemet snart kan vera rydda av vegen, og at dei det gjeld, snart vil få dei ytingane dei retteleg har krav på frå Sverige.

Bendiks H Arnesen (A): Jeg takker for svaret, og jeg er glad for at det kan se ut som at saken kan bli løst.

I et tilfelle som jeg kjenner til, er familien blitt nektet fødselspenger, og fordi moren har opparbeidet sine rettigheter i Sverige, får heller ikke faren fedrekvoten. Forståelig nok er familien kommet i en vanskelig økonomisk situasjon. Slik jeg ser det, er dette en sak mellom Norge og Sverige og ikke mellom enkeltpersoner og Sverige. Derfor vil jeg spørre sosialministeren om hun kan gå inn for en snarlig forskottering til dem som ikke får sine rettmessige beløp. Kan Norge forskottere de pengene som Sverige skulle ha betalt, slik at de blir hjulpet økonomisk?

Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa: Eg deler vurderinga til representanten Arnesen, at dette er ei sak mellom Sverige og Noreg meir enn ei sak mellom enkeltpersonar og Sverige, og at det for dei dette gjeld, er ein vanskeleg økonomisk situasjon. Eg har likevel motførestellingar mot på førehand å gå inn for forskottering. Men la meg no seia at med det tidsperspektivet som vi her snakkar om, kan denne dommen snart vera avklart. Tidlegare fekk vi opplyst at 6. februar kunne vera ein aktuell dato. Den dagen er passert, og den datoen dette vil bli avgjort, er no ikkje kjend, men eg reknar med at det ikkje er lenge til.