Stortinget - Møte onsdag den 4. mars 1998

Dato: 04.03.1998

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 39

Synnøve Konglevoll (A): Jeg vil stille følgende spørsmål til kirke-, utdannings- og forskningsministeren:

Som en følge av de kuttene Juridisk fakultet er pålagt ved Universitetet i Tromsø, går fakultetsledelsen inn for å stoppe inntak på 1. avdeling jus studieåret 1998/99. Jusstudiet i Tromsø er av stor betydning for Nord-Norge. Over 60 % blir i landsdelen etter utdanning. Jusstudiet i Tromsø har som kjent hatt problemer med å rekruttere vitenskapelig personell. Et inntaksstopp høsten 1998 kan derfor bety begynnelsen på slutten.

Hva vil statsråden foreta seg i denne saken?

Statsråd Jon Lilletun: Det forslaget som Det juridiske fakultet ved Universitetet i Tromsø no legg fram, er ikkje behandla av styret ved universitetet. Eg må som statsråd halde meg til det endelege framlegget frå universitetet, ikkje til eit forslag som vert teke opp under saksførebuinga. Eg ber om representantens forståing for dette.

Dersom styret ved universitetet meiner at ressurs- eller kapasitetsomsyn tilseier at tilgjenget til heile studiet eller til delar av eit studium må regulerast, må grunngjevne forslag om dette sendast Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet innan ein frist, som i år er sett til 15. mars. Med utgangspunkt i dei forslaga som dei fire universiteta fremjar, vil departementet utarbeide ein proposisjon som Stortinget får til behandling før sommaren. Det fylgjer av reglane i § 39 i universitets- og høgskulelova at det for regulering av opptak til universiteta er nødvendig med samtykke frå Stortinget.

Representanten Konglevoll nemner i tillegg problema med å rekruttere vitskapleg personale. Dette er eit spørsmål som eg òg er oppteken av. Eg seier meg likevel glad for at dei juridiske fakulteta no får tilsett godt kvalifiserte juristar i sine stipendiatstillingar. Talet på avlagde doktorgradar har òg auka i dei seinare åra. Eg vil vidare nemne at det i lønsoppgjeret for 1996 vart sett av ein sum til professorar innanfor jusen for å heve desse til same nivå som lagdommar. Dette tiltaket, saman med at fleire fullfører eit doktorgradsstudium, vonar eg på sikt òg vil føre til betre rekruttering til dei høgste vitskaplege stillingane.

Hans J Røsjorde hadde her gjeninntatt presidentplassen.

Synnøve Konglevoll (A): Jeg vil takke statsråden for svaret.

Jeg er selvfølgelig kjent med at det er Stortinget som fatter endelig vedtak om opptak. Men når juridisk fakultet ved Universitetet i Tromsø uttaler at de ikke syns det er forsvarlig å ta inn flere studenter med de rammene de har, er det et alvorlig signal. Også når det gjelder farmasistudiet, er situasjonen prekær, og en vurderer å ikke ta inn studenter.

At situasjonen for universitetene ble veldig vanskelig etter budsjettbehandlingen i høst, har vi hørt mange eksempler på - også i dag. En styrking av budsjettene til utstyr, som Arbeiderpartiet foreslo, ville bedret situasjonen noe. Statsråden har i dag, slik jeg opplever det, gitt signaler som gir grunn til å forvente en styrking i revidert nasjonalbudsjett. Statsråden er kjent med at Universitetet i Tromsø er spesielt sårbart fordi det som det eneste universitet i landet fremdeles er under oppbygging. (Presidenten klubber.) Mitt spørsmål er: Vil statsråden ved en styrking av universitetene ta hensyn til den spesielle situasjonen for Universitetet i Tromsø?

Presidenten: Presidenten gjør oppmerksom på at man skal holde seg til tidsrammen.

Ønsker statsråd Lilletun ordet til en siste eksersis?

Statsråd Jon Lilletun: - Ein må jo halde stilen heilt fram.

Når det gjeld spesialbehandling av Universitetet i Tromsø, vil eg seie at det er eit samla nasjonalt politisk miljø som ynskjer Universitetet i Tromsø - eit samla politisk miljø etablerte det og ynskjer å ta vare på det. Det er grunnen til at dette universitetet har eit langt høgare tilskot pr. student enn dei andre universiteta.

Etter det kuttet som vart gjort i haust, er det klart at alle universiteta har ganske stramme rammer, og dei slit med å halde oppe den nødvendige verksemda innanfor desse rammene. Det eg har sagt tidlegare i dag, er at hittil har vi ikkje fått beskjed frå nokon av universiteta om at dei ikkje kan setje i verk dei prioriterte studia - men dei har altså ein frist til 15. mars. Og når vi eventuelt får slik beskjed, må vi gjere ei endeleg vurdering. Det er konklusjonen, samla sett, på det eg har sagt i forhold til universiteta i dag.