Stortinget - Møte onsdag den 27. mai 1998

Dato: 27.05.1998

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 19

Laila Kaland (A): Eg vil stille følgjande spørsmål til utdanningsministeren:

I Møre og Romsdal er det eit stort behov for arbeidstakarar i møbel-, fiske-, fangst- og skipsbyggingsindustrien. Frå inntaksnemnda i fylket viser det seg at søknaden til desse linjene i den vidaregåande skulen er faretruande lav. Dette er ei uheldig utvikling for næringslivet i mange distrikt.

Kva initiativ vil statsråden ta for at ungdomen vil meine at desse linjene er attraktive og dermed søkje på desse fagområda?

Statsråd Jon Lilletun: Eg registrerer at det dessverre er einskilde fag som ikkje er så populære mellom ungdom som andre fag. Ein del av dei faga som representanten Kaland viser til, høyrer til desse.

Fiskeindustrien langs kysten av Møre og heilt nord til Finnmark har i fleire år hatt vanskar med å rekruttere ungdom. Skipsindustrien langs kysten sørover til Rogaland har òg hatt rekrutteringsvanskar dei seinare åra.

Eg er kjend med at det er i gang tiltak i Møre og Romsdal fylkeskommune for å betre tilhøva. Dette er bra. Mellom anna er det sett i gang eit prosjekt for å betre samsvaret mellom utdanningstilbodet i den vidaregåande skulen, ungdom og vaksne sine utdanningsval og arbeidslivet sine behov for arbeidskraft. Målsetjinga er m.a å gje ungdom eit realistisk grunnlag å velje utdanning på. Men det handlar like mykje om å gjere dei unge kjende med kva fylke og region dei veks opp i, og å synleggjere mangfaldet i næringslivet.

Det er i dag i fleire bransjar kamp om ungdomen. Dei som i første rekkje kan gjere noko med rekrutteringsproblema, er bransjane sjølve. Det er dei som gjennom ulike påverknads- og informasjonstiltak overfor ungdomane må fokusere på dei positive og interessante sidene ved desse faga. Ein slik påverknad bør starte alt i ungdomsskulen.

Som lekk i arbeidet med å bevisstgjere og påverke ungdomen i yrkesvala deira er det m.a sett i gang arbeid med å utvikle ein database for å betre yrkes- og utdanningsrettleiinga. I denne basen vil det m.a vere oversyn over bedrifter i ulike bransjar og talet på læreplassar desse har til rådvelde. Det er vidare utarbeidd generelt rettleiingsmateriell for skulen der bevisstgjering og kunnskap om utdanningsvegar og arbeidsmarknad står sentralt.

Eg veit at skipsindustrien på søre Sunnmøre har sett i verk tiltak allereie i barnehagen for å gjere barna kjende med skipsindustrien i nærmiljøet. Så det er aldri for tidleg å starte med yrkes- og utdanningsrettleiing. Det er også sett i gang eit forskingsprosjekt for å undersøkje på kva vilkår ungdomen vel yrke, og kva haldningar dei har til skipsindustrien. Dersom slike tiltak vert sette i samanheng og forankra lokalt, er det etter mitt syn vegen å gå for å betre rekrutteringa på sikt. Vi vil samordne gode tiltak frå heile landet og gjere dei kjende over heile landet, men det er nok i lokalmiljøet største innsatsen kan gjerast akkurat i høve til dette.

Laila Kaland (A): Eg vil takke statsråden for svaret, som eg synest var positivt.

Statsråden peika på ein del av dei problema som vi står overfor, ikkje berre i vårt fylke, men også langs heile kysten. Eg er klar over at det er sett i gang tiltak både i fylkeskommunen og i næringslivet i Møre og Romsdal, og at dei jobbar med denne problemstillinga. Det som likevel uroar meg, er at rekrutteringa ikkje berre i år, men i fleire år har vore låg. I mitt fylke, som eg kjenner best til, utgjer dei næringane som vi her snakkar om, sjølve livsgrunnlaget i distriktet. Dersom vi ikkje får nyrekruttering av ungdom som vil søkje seg til desse klassane, kan ein få ei større fråflytting av ungdom. Noko som statsråden også peika på, var at det må til ei haldningsendring, og eg trur, som også statsråden seier, at ungdomsskulemiljøa har ei stor oppgåve, ikkje minst rådgjevartenesta. Så eg vil be statsråden sjå på om den kan ytterlegare styrkjast, ikkje minst når det gjeld informasjon overfor jentene, som det er viktig å få inn i desse næringane.

Statsråd Jon Lilletun: Det er heilt rett som representanten Kaland seier, at rådgjevingstenesta er heilt sentral. Det er opplagt at god informasjon til ungdomen og at dei har kjennskap til næringslivet, er grunnleggjande. Eg trur at vi slit lite grann fordi nesten alle som har funksjonar i utdanningssystemet vårt, har akademisk bakgrunn. Ikkje for å seie noko galt om akademikarane - dei treng vi - men eg trur at det at dei på ein måte kjenner den sida best, gjer at kvaliteten på rådgjevinga ikkje vert god nok, og at dei manglar inspirasjon og interesse for rådgjeving i forhold til det som representanten Kaland er oppteken av. Eg trur òg at det at vi får breiare rekruttering, vil vere ein viktig basis for dette. Vi skal gjere det vi kan for at rådgjevingstenesta skal verte så god som mogleg.

Laila Kaland (A): Berre eit tilleggsspørsmål til statsråden som eg vil be han om å vurdere nøye. Dersom det er slik at ein del av desse klassane står i fare for å bli nedlagde i dei ulike fylka, har eg lyst til å be statsråden sjå på dette i samband med Noregsnettet for høgare utdanning, der ein iallfall har ein del av desse fagklassane rundt om i landet, at ein iallfall har ein samanheng slik at dette ikkje blir nedbygt i alle fylka, men at ein også har eit noregsnett når det gjeld tilbodet til dei som vil ta denne viktige utdanninga.

Statsråd Jon Lilletun: Me står her i eit brytingspunkt mellom det fylkeskommunale sjølvstyret og eit nasjonalt overordna behov. Eg trur ikkje at me frå statens side skal overstyre fylkeskommunane i forhold til dette, men eg trur det me har gjort ved å opprette ein del landslinjer for ein del fag, er viktig, og eg trur òg det frivillige samarbeidet som er oppretta mellom fylkeskommunane i forhold til enkelte linjer ein ikkje opprettar sjølv, men der ein kjøper plassar i nabofylka, er viktig. Departementet vil medverke til at ein har eit samla oversyn over kva som finst, slik at ein ikkje legg ned det som er dårleg søkt i alle fylke, men at nokon kan ta vare på det i dette samarbeidet som ein har. Me har kome eit godt stykke med Reform 94, men me har òg eit godt stykke veg å gå enno.