Stortinget - Møte onsdag den 24. februar 1999 kl. 10

Dato: 24.02.1999

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 16

Dag Danielsen (Frp): Jeg har følgende spørsmål til kirke-, utdannings- og forskningsministeren:

«Ifølge medieoppslag er 118 barn tatt ulovlig ut av osloskolen i protest mot det nye kristendomsfaget med religions- og livssynsorientering. Barna som tas ut, er barn av humanetikere eller foreldre fra andre religioner. Den nåværende situasjon er uholdbar i det lange løp, blant annet fordi det setter spørsmålstegn ved fagets eksistens.

Hva akter statsråden å foreta seg i sakens anledning?»

Statsråd Jon Lilletun: Eg vil innleiingsvis minne om at eitt av måla med faget kristendomskunnskap med religions- og livssynsorientering – KRL-faget – har vore å samle elevar med ulik trus- og livssynsbakgrunn til felles undervisning når det skal arbeidast med religiøse og etiske emne. Eg er derfor sjølvsagt svært lite glad for at elevar vert haldne borte frå undervisninga i faget.

Tilbakemeldingane så langt viser at innføringa av KRL-faget jamt over har gått greitt i dei fleste kommunane. Enkelte stader har det likevel spissa seg litt til. Ikkje minst gjeld dette i Oslo, der dei fleirkulturelle utfordringane er særleg store. Derfor vart det også teke initiativ frå mi side til eit møte med byråd Grete Horntvedt i november 1997. Eitt av resultata var semje om relativt stort lokalt handlingsrom for differensiering, m.a. gjennom å opne for gruppedeling i delar av faget som foreldra opplever som problematiske ut frå eiga trus- og livssynsforankring, og når det gjeld prioritering av emne, oppgåver, tempo og arbeidsmåtar. Oslo kommune fann dette tilfredsstillande.

Departementet har vidare medverka aktivt til å sikre at opplæringa i faget skjer i samsvar med lov, læreplan og Stortinget sine intensjonar. Eg viser til at det m.a. er utarbeidd ei metodisk rettleiing i faget, laga rundskriv om praktisering av differensiert undervisning og avgrensa fritak, sett i verk planar for etter- og vidareutdanning av lærarar i faget og gitt opplæring av saksbehandlarar ved Statens Utdanningskontor.

Det er kommunen som er ansvarleg for å gjennomføre grunnskuleopplæringa innafor ramma av det regelverket staten fastset. Det er ingen tvil om at det er lovstridig å halde elevar borte frå eit fag, slik tilfellet her er. Det kan m.a. bety at skulen ikkje kan gje elevane vurdering i faget. Formelt sett er det lovheimel for å bøteleggje foreldre som held barna borte frå pliktig undervisning. Eg vil likevel ikkje rå kommunane til å velje ei slik hard linje, men i staden i det lengste prøve å halde oppe ein konstruktiv dialog med foreldra.

Røynslene så langt viser etter mitt syn at ein har lukkast godt med ein vanskeleg balansegang mellom omsynet til lovlege, politiske vedtak om å innføre eit fag som i utgangspunktet bør kunne samle elevar frå alle heimar, og omsynet til foreldre sin rett til å velje oppseding for barna sine. Samstundes viser situasjonen i Oslo at vi framleis har utfordringar. Eg viser her til Stortingets intensjonar om ei evaluering av røynslene med faget, inklusiv praktisering av fritaksretten, i løpet av ein treårsperiode. Ut frå det vil eg avvente den evalueringa før ein gjer ytterlegare endringar frå departementet si side.

Dag Danielsen (Frp): Jeg takker ministeren for svaret, men jeg har et tilleggsspørsmål.

Ifølge mediene er det pr. i dag 118 elever som holdes borte fra skolen. Det som fort kan skje dersom en ikke får en avklaring på denne situasjonen, er at dette antallet raskt kan øke. Etter mitt syn har dette faget, som er et kompromiss som tar sikte på at alle barn som går i norske skoler, skal få en felles verdiramme, bl.a. en viktig integreringsmessig betydning. Det er også viktig av hensyn til barna, tror jeg, at de føler seg som en del av et klassefellesskap. Mener ikke ministeren at det er uakseptabelt hvis denne situasjonen fortsetter?

Selv om jeg har stor sympati for svaret, savnet jeg litt handlekraft i svaret fra statsråd Lilletun.

Statsråd Jon Lilletun: Eg deler representanten Danielsens syn på fagets intensjon og viktige rolle. Nokre gonger er det viktig med handlekraft, nokre gonger er det viktig å få ei løysing som går i rett retning og ikkje set konfliktar på spissen slik at dei aukar. Dersom ein ser på fjoråret kontra året i år, er det eit klart mindre tal i år som er vekke frå undervisninga, enn det var i førre skuleår. Det får meg til å tru at den linja som vi har valt i desse tre forsøksåra, med eit lokalt handlingsrom, oppgradering av kompetanse og dialog, likevel er den beste linja.

Så får eg prøve å imøtekome representanten Danielsens behov for handlekraft i saker der det trengst meir handfaste grep.

Dag Danielsen (Frp): Jeg takker igjen statsråden for velvillig svar, men jeg vil allikevel prøve å få ham til å være litt mer konkret. Hvor lenge ser statsråden for seg at man skal akseptere at loven brytes? Hvor lang tid er det her snakk om? Min vurdering er at dersom dette pågår over lengre tid, vil selve grunnlaget for faget i den nåværende form rives bort.

Statsråd Jon Lilletun: Perioden fram til evaluering er altså på tre år. Vi er no inne i det andre skuleåret etter at faget vart innført. Etter at dei opplysningane som representanten Danielsen viser til, kom fram i media, har vi via utdanningsdirektøren hatt ny kontakt med Oslo kommune. Politisk leiing vil òg ha kontakt med politisk leiing i Oslo for å sjå om det er tiltak som kan setjast inn for å finne ei løysing for dei elevane som no er vekke. Vi vert ikkje verande passive, men kva slags verkemiddel vi skal nytte, vil vi vurdere i samarbeid med dei som har ansvar for grunnskuleopplæringa.