Stortinget - Møte onsdag den 2. juni 1999 kl. 10

Dato: 02.06.1999

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 25

Rune E. Kristiansen (A): Jeg har følgende spørsmål til utdanningsministeren:

«Byrådet i Oslo vil redusere delingstimer i grunnskolen. Ifølge Norsk Lærerlag begynner dette å bli et landsomfattende problem.

Hvilke tiltak vil statsråden sette inn mot denne utviklingen?»

Statsråd Jon Lilletun: Eg er usikker på i kva grad reduksjon i talet på delingstimar er eit landsomfattande problem. Statistikk frå heile landet viser tvert imot at talet på delingstimar har stige med 0,2 pst. frå skuleåret 1997-98 til 1998-99. Eg vil likevel følgje situasjonen for skuleåret 1999-2000 nøye.

Lova krev ein særskild lærarressurs til 1. klasse/førskulen. Utover dette krev ikkje lova delingstimar. Det er derfor ikkje aktuelt å setje inn tiltak mot lokale prioriteringar så lenge kommunane oppfyller dei minstekrava som er fastsette i lova.

Eg vil likevel føye noko til. Å tilføre ekstra lærarressursar gjennom delingstimar gjev høve til å setje inn generelle styrkingstiltak i klassen og førebyggje at elevar fell av lasset. Siktemålet er m.a. å redusere omfanget av spesialundervisning etter sakkunnig vurdering og enkeltvedtak. Eg meiner at dette er klok prioritering av ressursar og har derfor gjeve klare tilrådingar til kommunane om å arbeide etter ein slik strategi, m.a. i St.meld. nr. 23 for 1997-98. Eg ser svært positivt på at det i mange kommunar vert satsa systematisk på delingstimar på klassenivå for å redusere behovet for timar til spesialundervisning på individnivå.

Eg viser i denne samanhengen òg til forslag i St.meld. nr. 28 for 1998-99 om forsøk i 10-15 kommunar med endra og meir fleksible modellar for tildeling av timeressursar på ungdomstrinnet, slik at ressurstildelinga i større grad vert knytt til elevtalet på kvart årstrinn. Det vil kunne opne for større fleksibilitet i organiseringa av opplæringa og gje rom for meir målretta bruk av timeressursane. Evalueringa av forsøka vil avgjere om og korleis dette skal følgjast vidare opp.

Rune E. Kristiansen (A): Jeg takker for svaret, selv om jeg føler at det var et veldig generelt svar, og at det var lite politiske holdninger i det – bortsett fra én, og det er den viktigste: Jeg oppfatter at statsråden mener at delingstimene er svært viktige nettopp for å få bukt med en utvikling av spesialundervisning hvor elevene blir tatt ut av klassen. Det er jeg glad for.

Men det jeg også tok opp i mitt spørsmål, er situasjonen i Oslo. Og det er helt klart og tydelig at det er uro i Oslo-skolen. Jeg har forventninger til at statsråden i hvert fall følger utviklingen i Oslo nøye og, om han ikke går inn med direkte tiltak, i hvert fall kommer med en klar advarsel hvis utviklingen går i en retning hvor det er de svakeste – hvis jeg kan bruke det uttrykket – som blir rammet av nedskjæringer på delingstimene, hvis byrådet setter i verk det, eventuelt skulle få tilslutning av bystyret i Oslo til det. Så jeg håper at statsråden nå følger utviklingen nøye og registrerer den uro som ligger i Oslo-skolene på dette punkt.

Statsråd Jon Lilletun: Politikken i svaret mitt låg som representanten Rune Kristiansen sa, i det med at det er betre å gje delingstimar enn å vente til ein etter lova må gripe inn med enkeltvedtak. Samstundes er det, etter det systemet vi har for overføring til kommunane og etter den måten vi har organisert oss på, gjennom signal i første runde at statsråden kan arbeide.

Eg skal ta med meg oppfordringa frå representanten Rune Kristiansen når det gjeld skulen i Oslo. Den uroa og den situasjonen som er der no, er sjølvsagt bekymringsfull òg sett ut frå eit nasjonalt synspunkt. Det er svært mange som er elevar i Oslo-skulen. Men eg har tillit til at dei òg jobbar intenst no for å finne gode løysingar, og så får vi kome tilbake – representanten Rune Kristiansen og eg – når vi behandlar St.meld. nr. 28 m.a., for å sjå på korleis vi fører tenkinga og politikken vidare i denne problemstillinga.