Stortinget - Møte onsdag den 2. juni 1999 kl. 10

Dato: 02.06.1999

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 26

Asmund Kristoffersen (A): Jeg skal få stille følgende spørsmål til kirke-, utdannings- og forskningsministeren:

«Regional komite for medisinsk forskningsetikk i helseregion II har avvist et forskningsprosjekt om nakkeslengskader selv om det ikke bryter med eksisterende etiske regler. De har ikke begrunnet avslaget overfor søkeren, og nektet søker kopi av uttalelse innhentet fra ekstern spesialist. De vil heller ikke gi sin tilslutning til at den gjennomførte del av prosjektet publiseres.

Bør komiteene for forskningsetikk kunne fraråde et prosjekt som ikke bryter med reglene og som har stor allmenn interesse?»

Statsråd Jon Lilletun: I kvar av dei fem helseregionane i landet er det oppretta regionale komitear for medisinsk forskingsetikk. Mandatet til komiteane er fastsett av Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet, som også har oppnemnt dei etter forslag m.a. frå universiteta i regionane. Komiteane er breitt samansette og består m.a. av legar, ein jurist, ein etikar og ein lekrepresentant.

Alle biomedisinske forskingsprosjekt der det inngår forsøk på menneske, skal leggjast fram for ein av komiteane til ei forskingsetisk førehandsvurdering. Ut frå dei opplysningane som ligg føre, skal komiteen tilrå eller frårå at eit prosjekt vert gjennomført.

Det er viktig å understreke at komiteane ikkje er forvaltningsorgan. I tråd med internasjonale retningslinjer er dei gjevne ei fri og uavhengig stilling, både i høve til private interesser og til styresmaktene. At dei ikkje er forvaltningsorgan, inneber òg at dei råda dei kjem med, ikkje kan påklagast til nokon ankeinstans. Komiteane skal altså gje råd, men vurderingane deira er ikkje formelt bindande. Systemet byggjer i stor grad på tillit mellom forskarar og komitear. I praksis legg komiteane stor vekt på å ha ein god dialog med leiarane for forskingsprosjekta. Etter ei fråråding kan dessutan prosjektleiaren be om at ei sak vert teken opp til ny vurdering.

Svaret på det generelle spørsmålet som representanten Kristoffersen stiller, er nei. Komiteane bør sjølvsagt ikkje frårå eit prosjekt som ikkje bryt med etiske reglar, og som har stor allmenn interesse.

I spørsmålet sitt viser representanten Kristoffersen til eit spesielt forskingsprosjekt som er frårådd gjennomført av ein av komiteane. Som ein vil skjøne av det eg alt har sagt om komiteane si stilling, vil det ikkje vere rett av meg å gje meg inn på noka vurdering av den konklusjonen som komiteen her har kome fram til. Som eg sa, byggjer systemet på tillit, og eg har for min del full tillit til at komiteane gjer ein god jobb. Eg er også viss på at komiteen i den aktuelle saka har fatta ei riktig avgjerd på grunnlag av alle tilgjengelege opplysningar.

Asmund Kristoffersen (A): Nakkeslengskader representerer et stort problem for det medisinske personalet, knyttet både til årsak og til behandling. Nakkeslengskader forekommer i mange sammenhenger hos personer som har vært utsatt for trafikkuhell, og spørsmålet knytter seg til forsikringsselskapenes holdning og handling overfor personer med slike skader, som ofte ikke får den rett de burde ha hatt.

Ved siden av dette beror vel også problemet på at det kanskje ikke er tilstrekkelig medisinsk kunnskap til å avdekke årsaksforholdet. Det skal innrømmes. Jeg syns derfor det er uheldig at det forsøket som professor Per Holck ved Anatomisk Institutt ved Universitet i Oslo ønsker å gjennomføre ved hjelp av avdøde personer, ikke kan gjennomføres.

Jeg må da spørre statsråden på grunnlag av hans svar til meg: Mener statsråden at dette vitenskapelige forsøks verdi kan slås fast før forsøket er utført?

Statsråd Jon Lilletun: Nei, eg skal nok seie meg samd med representanten Kristoffersen i at ein kan ikkje slå fast kva medisinsk utbytte ein kan ha av eit forsøk før eventuelt forsøket er gjennomført. Samstundes er det klart at ein forskingsetisk komite skal sjå breitt på eit forsøk, og ein av dei tinga som må vurderast, er òg respekten for avdøde og korleis det skal handsamast i eit slikt forsøk.

Eg har ikkje noko særleg å tilføye til det eg sa i mitt første svar, utover at eg har tillit til at ei brei vurdering er føreteken. Men eg må nok seie, sett ut frå ein lekmann sitt syn, at eg òg nok ville hatt problem i forhold til forsøket slik det skulle gjennomførast. Derfor har eg ikkje noko grunnlag og heller ikkje formell myndigheit til å overprøve.