Stortinget - Møte onsdag den 26. januar 2000 kl. 10

Dato: 26.01.2000

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 17

Presidenten: Dette spørsmålet, frå Øyvind Korsberg til helseministeren, vil bli svara på av sosialministeren som rette vedkomande.

Øyvind Korsberg (Frp): Jeg har følgende spørsmål til sosialministeren:

«I Tromsø kommune har man fra 1. januar 2000 innført en tilknytningsavgift for trygghetsalarmer på 225 kroner, pluss en månedsleie på 180 kroner. Det vil si at en som er avhengig av trygghetsalarm, må betale 2 385 kroner pr. år for denne tjenesten. I andre kommuner, for eksempel Oslo, er denne tjenesten gratis.

Vil statsråden sørge for at det kommer retningslinjer slik at denne tjenesten blir gratis for brukerne over hele landet?»

Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa: Spørsmålet om finansieringsordninga for tryggingsalarmar vart teke opp då stortingsmeldinga om handlingsplan for eldreomsorga, St.meld. nr. 50 for 1996-97, vart behandla. Regjeringa vart beden om å greia ut om utgiftene og følgjene av å skulla overføra ansvaret for tildeling av tryggingsalarmar til hjelpemiddelsentralane. Føresetnaden var at utgiftene skulle dekkjast av folketrygda. Hovudkonklusjonane frå utgreiinga vart lagde fram i budsjettproposisjonen for 1999.

Utgreiinga viste at dersom vi skulle lovfesta retten til tryggingsalarm, ville mange, med dagens regelverk, ikkje kunna få alarm. Særleg gjaldt det dei som berre hadde fått tildelt alarm på grunn av alder eller som eit reint tryggings- og angstdempande hjelpemiddel. Reglane i folketrygda set krav om varig funksjonshemming eller nedsett rørsleevne som vilkår. Eldre utan fysisk funksjonshemming vil difor falla utanfor. Ein rettsleg heimel til tryggingsalarm vil føra til eit todelt finansieringssystem der folketrygda dekkjer alarm for dei som fyller vilkåra til stønad til tekniske hjelpemiddel, medan kommunane må dekkja for dei andre. Stortingsvedtaket sette som vilkår at kommunane framleis skulle ha heile ansvaret for drifta. Det innebar også ansvaret for mottak av melding og utrykking til brukarane.

Ved handsaminga av budsjettet for 1999 slutta Stortinget seg til Regjeringa si vurdering om ikkje å gjera endringar i dagens system.

Så godt som alle kommunar og bydelar har no ei teneste med tryggingsalarmar. Eg er merksam på at det er store skilnader mellom kommunane når det gjeld kor integrerte desse tenestene er i pleie- og omsorgstenestene. Kvalitetssikringa av alarmtenestene og betalingsordningane er også ulik. Nokre kommunar brukar av det generelle omsorgstilskotet for å finansiera systemet, medan andre gjer slik som Tromsø. Desse skilnadene må sjåast i samanheng med andre tenester til eldre. Eg har gjeve kommunane melding om at tryggingsalarmar kan finansierast av omsorgstilskotet.

Departementet har også starta arbeidet med ein rettleiar om tryggingsalarmar som eit tryggleiksskapande og førebyggjande tiltak. Arbeidet skal gjerast i samarbeid med Kommunenes Sentralforbund. Målet er å sikra drifta og få til ei betre utnytting av alarmane. Det er f.eks. mogleg å dra nytte av den teknologiske utviklinga som går føre seg på det elektroniske området. Det kan òg tenkjast ei samordning av innkjøpa til kommunane når det gjeld alarmar, slik at det skal vera mogleg å kunna forhandla fram ein meir gunstig pris. Det er òg aktuelt med rettleiande retningslinjer for bruk og finansiering av alarmar. Korleis kommunane vil løysa dette, må likevel vera opp til den enkelte kommunen å avgjera.

Øyvind Korsberg (Frp): Jeg takker statsråden for svaret.

Problemet med avgifter er at avgiftene rammer de som er økonomisk svakest i samfunnet, enten det er kommunale eller statlige avgifter. Dette viser etter min mening en stor sosial urettferdighet. Resultatet kan bli at mange eldre, syke og funksjonshemmede må si nei til den tryggheten et slikt hjelpemiddel gir. De har ikke råd til å ha trygghetsalarm i huset, og det skaper utrygghet, mistrivsel og kan også i neste omgang føre til psykiske problemer. Saken gjelder nemlig å få trygghetsalarmer godkjent som hjelpemiddel på lik linje med f.eks. krykker, rullestoler o.l., administrert enten gjennom hjelpemiddelsentralen eller hjemmesykepleien. Slike hjelpemidler er gratis til utlån mot innbetaling av et lite depositum som den enkelte bruker eller familie får tilbake når hjelpemidlet leveres tilbake etter bruk. Skal denne tjenesten bli gratis, må dagens lovverk endres, og det vil ikke sosialministeren ta initiativ til.

Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa: Representanten Korsberg peikte på eit problem som eg er samd i at ein må sjå nærmare på, og det er det totale omfanget av eigendelar og kven det rammar mest. I den samanhengen har departementet eit arbeid i gang, ei utgreiing i høve til eit tak 1 og eit tak 2 på eigendelar, som skal skjerma storforbrukarane. Men når det altså gjeld denne spesielle delen av omsorgstenestene, har eg både peikt på samordning med annan elektronikk, og eg har peikt på innkjøp til gunstigare pris. Eg har òg peikt på ei drøfting av rettleiande retningsliner som ein veg å gå, i tillegg til at kommunane i dag har høve til å bruka omsorgstilskotet til tryggingsalarmar.