Stortinget - Møte onsdag den 3. november 1999 kl. 10

Dato: 03.11.1999

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 1

Kirsti Saxi (SV): «Grunnet meget stram økonomi i mange kommuner blir barnehager lagt ned når kommunene skal spare penger. De siste årene har kommunene og foreldrene måttet betale større og større del av de faktiske utgiftene fordi statstilskuddene har økt lite. Tidligere har statens målsetting vært å dekke 40 pst. av driftstilskuddet til barnehagene.

Vil Regjeringen fortsatt gå inn for denne målsettingen?»

Statsråd Valgerd Svarstad Haugland: Regjeringa ser det som eit offentleg ansvar å sikra at barnehageplass skal vera eit reelt tilbod til alle. Målsettinga har vore at det offentlege skal dekka 70 pst. av utgiftene i sektoren for å halda foreldrebetalinga på eit rimeleg nivå. Av dette skal staten dekka 40 pst. og kommunane 30 pst. Regjeringa står sjølvsagt fast ved målsettinga om at staten skal dekka 40 pst. av kostnadene i sektoren.

Tal frå Statistisk sentralbyrå over fordeling av kostnader i barnehagane viser at ein nærmar seg målet for statleg finansiering. I 1997 dekte staten meir enn 37 pst. av kostnadene for sektoren samla, 40 pst. for dei private og 36 pst. for dei kommunale barnehagane. Det er all grunn til å tru at desse delane har auka ytterlegare etter dette. I 1999 har satsane for statleg driftstilskot auka to gonger, fyrst gjennom ei harmonisering med satsane for kontantstøtte, og i tillegg vart det løyvt ekstra midlar gjennom revidert nasjonalbudsjett. Samla sett er barnehagane tilførte over ½ milliard kr.

Eg meiner derfor at staten no nesten har oppfylt målsettinga om å dekka 40 pst. av utgiftene i sektoren. Men Regjeringa vil sjølvsagt fylgja kostnadsutviklinga i sektoren nøye i tida framover. Vi ynskjer at alle barnehagar skal ha likeverdige økonomiske driftsvilkår, uavhengig av eigeform, og at foreldrebetalinga skal vera på eit nivå som inneber at alle har råd til plass dersom dei ynskjer det. Eg viser elles til den komande stortingsmeldinga om barnehagar, der desse sakene skal bli grundig drøfta.

I dag er meir enn halvparten av barnehagane private. Medan staten ikkje skil på eigeform, men gir same tilskot til alle plassar, er det store variasjonar i den kommunale ressursinnsatsen. SSB sine tal over fordelinga av kostnader i barnehagesektoren viser at kommunane sin del har gått ned på 1990-talet. I 1997 dekte kommunane samla snaut 19 pst. av kostnadene i barnehagesektoren. Dette er langt frå målsettinga om 30 pst. I dei private barnehagane dekte kommunane berre 7 pst. av kostnadene, noko som er ei halvering sidan 1991. Det er òg berre litt over halvparten av plassane i privat sektor som får kommunalt tilskot.

Det vekker bekymring at kommunane ikkje greier å oppfylla sin del av målsettinga om kostnadsdeling, særleg med tanke på konsekvensane for dei private barnehagane. Denne nedgangen i kommunal medfinansiering inneber at foreldrebetalinga blir høgare. Satsane for eigenbetaling har auka meir enn den generelle prisstiginga dei seinare åra, og auken har vore størst i dei private barnehagane. Her må no foreldra dekka over 45 pst. av kostnadene.

Private barnehagar har òg i liten grad økonomisk evne til å tilby graderte satsar etter inntekt, søskenmoderasjon eller andre verkemiddel for å sikra at barnehageplass skal vera eit gode for alle som ynskjer det.

Eg viser igjen til stortingsmeldinga om barnehagar, der Regjeringa vil drøfta desse spørsmåla grundigare.

Kirsti Saxi (SV): Jeg takker ministeren for svaret.

Det som bekymrer meg mest, er at foreldrebetalingen har økt veldig, og at kommunene nå driver og legger ned barnehager for å spare på barnehagebudsjettene. Da må jeg spørre: Vil 40 pst. være nok til å stimulere kommunene til å gå inn for å satse på barnehagene? Vil man legge opp til det i stortingsmeldingen som legges fram til høsten, når man nå ser at kommunene er i ferd med å legge ned barnehager til tross for at man ligger på nesten 40 pst.?

Statsråd Valgerd Svarstad Haugland: Eg deler representanten si bekymring i forhold til den høge foreldrebetalinga, spesielt i dei private barnehagane. Skilnadene frå den eine kommunen til den andre, òg faktisk frå den eine barnehagen innan ein kommune til den andre, er veldig store. Det å fortelja kommunane kva prisnivå dei skal legga seg på, grip veldig sterkt inn i kommunane sin handlefridom. Men bekymringa deler eg altså.

Så til spørsmålet som vart stilt med grunngjeving at kommunane driv og legg ned barnehagar. Vi får no venta og sjå kor mange barnehagar som reelt blir lagde ned. Vi veit at rådmenn veldig ofte plar foreslå slike tiltak, men kommunestyra plar retta det opp igjen når dei vedtar budsjetta sine. Det skjer kvart år. Dessutan veit vi òg at mange av familiebarnehagane kvart år blir skifta ut fordi dei er meir ustabile. Dei overlever som regel berre nokre år før familiane ynskjer andre ordningar. Dei er ofte kombinerte med at ein passar på sine eigne born.

Spørsmålet om vi vil legga oss på 40 pst. i barnehagemeldinga som kjem til hausten, kan eg sjølvsagt ikkje svara på i dag. Det svaret vil ein få når meldinga kjem.

Kirsti Saxi (SV): Jeg takker så langt for svaret.

Ifølge et referat fra NRK i går varierer prisene på foreldrebetalingen veldig fra kommune til kommune. Det som bekymrer meg nå, er at det er avhengig av kommunens økonomi og politiske vilje hvor mye man ønsker å satse på barnehager. Resultatet blir ofte at foreldrene må ta det største økonomiske trykket. Et resultat av det kan være at i rike kommuner vil det være billig for foreldrene å ha barnehageplass, og i fattige kommuner kan det være veldig dyrt.

Er man villig til å gå inn og sette et pristak på foreldrebetalingen?

Statsråd Valgerd Svarstad Haugland : Det er klart at satsinga på barnehagar i kommunane er avhengig av kommunane sin økonomi og politikarane sin vilje. Slik har det alltid vore, og slik kjem det òg til å vera i framtida. Eg synest det er viktig at stortingspolitikarane og Regjeringa ikkje skal overstyra kommunane i alle ting. Den kommunale fridomen må oppretthaldast òg på dette området.

Det at det er store skilnader, var ikkje noko nytt for meg i går. Det har vi visst lenge, så eg er einig med representanten Saxi i det. At kommunar med dårleg råd har høg foreldrebetaling, og at dei rike kommunane har låg foreldrebetaling, er ikkje eit heilt rett bilete. Det er faktisk store variasjonar der òg. Det er i alle fall mi erfaring.

Når det gjeld spørsmålet om vi vil foreslå eit pristak i stortingsmeldinga, kan representanten Saxi faktisk ikkje få svar på det i dag. Eg trur eigentleg ikkje ho hadde venta det heller.