Stortinget - Møte onsdag den 1. november 2000 kl. 10

Dato: 01.11.2000

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 3

Hallgeir H. Langeland (SV): Eg vil gjerne stilla følgjande spørsmål til utanriksministeren:

«Dei store landa i EU krev at styrketilhøva mellom små og store land må endrast, slik at dei store landa får meir makt. Dei store landa vil også at EU-kommisjonen skal ha 20 medlemmer. Ved ei utviding av EU vil dette bety at små land fell ut av kommisjonen.

Meiner Regjeringa at ei slik endring av makttilhøva spelar noka rolle for kva slags EU-strategi Noreg skal ha, og vil eit eventuelt norsk medlemskap i EU, med denne endringa, representera ei utviding av demokratiet for det norske folk?»

Utenriksminister Thorbjørn Jagland: Det er et interessant og omfattende spørsmål representanten Langeland her reiser.

Vi er klar over at det er ulike syn i EU på dette spørsmålet, som er gjenstand for behandling forut for og forhåpentligvis skal opp til endelig behandling på toppmøtet i Nice om ikke så lang tid, nemlig i desember. Det er derfor klokest nå å vente på utfallet av det møtet før man gir seg inn i en diskusjon om hva eventuelle utfall av dette møtet vil ha å si for Norge. Det er ikke på noen måte gitt at utfallet blir det som antydes i spørsmålet. Og som jeg sier, er det stor uenighet om dette, men jeg vil gjerne komme tilbake til en vurdering av Nice-toppmøtet når det er avsluttet og resultatet foreligger.

Hallgeir H. Langeland (SV): Eg takkar for svaret. Eg er for så vidt samd i at ein må venta på konklusjonane frå Nice-møtet. Men eg vil tru at utanriksministeren – iallfall slik eg har opplevd han før – har idear om korleis ein best kan utvikla demokratiet, og korleis ein best kan syta for at det blir ei folkeleg oppslutning om ting. Ein er nå kjend med at det i EU-landa er stor mistillit til det politiske systemet, nettopp fordi ein føler seg framandgjord, så eg ønskjer likevel at utanriksministeren svarar på det som på ein måte har vore eit slags hemmeleg mantra i heile «Ja til EU»-rørsla, nemleg at ein må vera med for å få innverknad. Og la meg då stilla spørsmålet litt meir generelt: Kva er den ideelle løysinga, sett frå utanriksministeren si side, for denne innverknaden som han altså meiner me får ved å vera medlem?

Utenriksminister Thorbjørn Jagland: Jeg lurte et øyeblikk på om vi står overfor det gledelige faktum at Langeland nå ønsker en debatt om hvordan vi skal forholde oss i EU.

Jeg tror vi vil tjene på å ta en slik debatt i full bredde, og ikke i en spørretime i Stortinget. Hvis man skal diskutere demokratisk innflytelse i EU, er det svært mange spørsmål som må reises og ses i sammenheng, og ikke bare spørsmålet om hvor mange kommisjonærer som skal være i EU-systemet.

Langeland har helt rett i at vi har mange tanker rundt dette. Vi vil legge fram en europamelding for Stortinget i løpet av året, og i den forbindelse vil det bli muligheter for å diskutere dette spørsmålet i full bredde. Det ser jeg fram til.

Hallgeir H. Langeland (SV): Det er lov å lura når det gjeld Langeland òg. Men det er nok ein monaleg skepsis til at det for EU-systemet nettopp gjeld det som m.a. utanriksministeren har peikt på, nemleg at ein ved å delta vil få innverknad og få utvida demokratiet.

Eg synest likevel – sjølv om det er i ein spørjetime – at utanriksministeren bør kunna seia noko om kva som er ei ideell organisering for auka demokratisering, så lenge ein veit at folk i EU er svært skeptiske til den elitistiske politiske kulturen som har vore under utvikling lenge. Eg vil utfordra han på kva slags prosessar han meiner er nødvendige for at omgrepet demokratiutviding skal ha eit reelt innhald både i forhold til EU og i forhold til det norske folk. Dette er ei viktig sak òg på landsmøtet i partiet, så vidt eg har forstått.

Presidenten: Spørsmål 4 er fra representanten Bastesen til nærings- og handelsministeren. Presidenten kan ikke se hr. Bastesen og antar at han er på et nytt tokt. Vi går da videre til spørsmål 5.