Stortinget - Møte onsdag den 30. april 2003 kl. 10

Dato: 30.04.2003

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 3

Åslaug Haga (Sp): Mitt spørsmål til kultur- og kirkeministeren er følgende:

«Filmleieavtalen mellom kinoene og filmbyråene er innklaget for ESA. Avtalen er i dag en viktig årsak til at Norge har et stort antall små og mellomstore kinoer som kan tilby filmframvisning til samme pris som store kinoer i de større byene. En oppheving av filmleieavtalen vil føre til en konkurranse der store kinoer med høyt publikumstall vil favoriseres på bekostning av de små kinoene.

Hvordan vil statsråden forhindre kinodød samt sikre publikum tilgang til populære filmer til samme pris over hele landet?»

Statsråd Valgerd Svarstad Haugland: Eg har med stor interesse følgt den pågåande saka om filmleigeavtalen og ESA. Avtalen har ein svært viktig funksjon, særleg i forhold til dei minste kinoane. Eg kan opplysa om at eg tok opp spørsmålet om filmleigeavtalen i eit møte med ESA tidlegare i vår. Eg gav då uttrykk for bekymring for dei kultur- og distriktspolitiske konsekvensane dersom ordninga ikkje blir ført vidare på ein eller annan måte. Filmleigeavtalen er som kjent ein privatrettsleg avtale mellom Film&Kino og Norske Filmbyråers Foren-ing. Kultur- og kyrkjedepartementet er difor ikkje direkte part i saka.

Etter det eg kjenner til, er Film&Kino i gang med å vurdera alternativ til filmleigeavtalen for å sikra kinoane levering av film til akseptable vilkår som ikkje er i strid med EØS-avtalen. Eg håpar at partane finn fram til ein slik avtale som sikrar at det framleis vil vera eit godt kinotilbod i heile landet.

Elles vil eg minna representanten Haga om – som tidlegare kulturminister veit ho det sikkert – at det finst ei fordeling mellom staten og kommunane når det gjeld ansvar for filmpolitikk og kinopolitikk. Filmpolitikken som inneber stønad til produksjon av film, er eit statleg ansvar, medan ansvaret for kinopolitikken gjennom lov om film og videogram er lagt til kommunane. Det er difor lite eg direkte kan gjera for å sikra at kommunane ikkje legg ned kinoar.

Åslaug Haga (Sp): Da EØS-avtalen ble vedtatt, ble den vedtatt som en relativt snever handelsavtale. Så har dynamikken i avtalen gjort at den nå omfatter stadig nye områder. Det vi ser i forhold til filmleieavtalen, er at EØS-avtalen ikke bare griper inn i kulturpolitikken, men også i distriktspolitikken. Dette mener jeg illustrerer en meget betenkelig side ved EØS-avtalen.

Det er riktig som statsråden sier, at man har hatt en arbeidsfordeling mellom stat og kommune når det gjelder kinoer. Spørsmålet er nå om vi får en så elendig avtale, om vi får så dårlige løsninger på dette området at det blir nødvendig for staten å gå inn og se på hvordan man kan opprettholde kinoene rundt omkring i landet sånn at folk faktisk får et likeverdig tilbud.

Mitt spørsmål til statsråden er: Hun må da nødvendigvis ha en mer offensiv holdning til hvordan man skal greie å sikre at folk i hele landet får et likeverdig filmtilbud, enn å vise til at det er en arbeidsfordeling mellom stat og kommune?

Statsråd Valgerd Svarstad Haugland: Eg oppfattar faktisk Senterpartiet som eit parti som er oppteke av den kommunale fridomen, og at det skal vera ansvarsfordeling mellom kva staten skal gripa inn i, og kva kommunane skal ha ansvaret for. Det har i alle fall vore eit syn som eg, kanskje i forvilling, har teke inn over meg.

Eg vil òg minna om at eg har dei same verkemidla som representanten hadde då ho var kulturminister, i forhold til kva ein kan gripa inn i og gjera. Likevel tok eg dette opp då eg var på møte med ESA. Vidare vil eg minna om at grunnen til at dette blir ei sak i ESA, er at det er krefter i Noreg som melder dette inn. Dei som lagar problem for oss, er altså norske motkrefter. Der har vi ein jobb å gjera.

Eg kan nok òg dela frustrasjonen i forhold til at subsidaritetsprinsippet ikkje alltid er like tydeleg i alt som blir gjort i Brussel, men eg trur som sagt ein klarer å finna fram til nye ordningar som sikrar kinoane. Det er i alle fall mitt inntrykk etter den samtalen eg hadde med ESA, at viljen var til stades. Men som ikkje direkte part kan ikkje eg gripa direkte inn i saka.

Åslaug Haga (Sp): Statsråden har sjølsagt rett i at Senterpartiet er opptatt av det lokale sjølstyret. Det har vi vært, og det skal vi være. Men problemet er at det stadig dukker opp nye utfordringer for lokaldemokratiet, og det er lite penger til rådighet. Det vil også være situasjonen i forhold til det å sikre kinoene.

Men dette er en ganske interessant affære. Jeg erkjenner sjølsagt at staten her ikke er direkte part i forhandlingene som pågår i Brussel. Samtidig griper dette spørsmålet dypt inn i den norske kulturpolitikken. Derfor er det interessant å høre hvilken rolle statsråden oppfatter at hun har i forhold til denne prosessen, og om hun ikke i større grad burde kunne bruke boksehansker i forhold til ESA enn det ser ut til at hun har gjort. Hun sier at hun har tatt opp saken, men statsråden gir ikke inntrykk av at hun har kjørt saken hardt i forhold til ESA. Hvilket handlingsrom mener statsråden at hun har i denne saken og i forhold til EØS-avtalen?

Statsråd Valgerd Svarstad Haugland: Eg har, som sagt tidlegare, ikkje andre boksehanskar enn dei representanten Haga hadde som kulturminister. Ho kunne heller ikkje gjort noko anna enn det eg gjer no.

Eg har vore i samtale med ESA, og ESA er godt representert med Noregs-kjennarar, så dei kjenner til dei geografiske og kulturmessige utfordringane vi har for å få eit godt tilbod over heile landet. Eg veit òg at Film&Kino er aktivt i gang med å sjå på alternativ slik at ein kan oppretthalda eit godt kinotilbod.

Eg kjem til å halda meg orientert, men eg er nøydd til å respektera den fordelinga vi har om kvar eg skal gripa direkte inn, og kvar det er dei kommunale styresmaktene som har det overordna ansvaret. Det er ikkje alltid like lett å halda fingrane av fatet, men vi er nøydde til å gjera det når vi veit at vi har fått kvart vårt ansvarsområde. Eg er oppteken av at det skal vera eit godt kinotilbod i heile landet. Og som ein person som er oppvaksen på landsbygda, er eg klar over at det er heilt nødvendig med andre tiltak i forhold til distriktskinoane enn i sentrale strok. Og det håpar eg inderleg òg skal vera framtida for norsk kinopublikum.