Stortinget - Møte mandag den 16. juni 2003 kl. 10

Dato: 16.06.2003

Dokumenter: (Innst. S. nr. 248 (2002-2003), jf. St.prp. nr. 69 (2002-2003))

Sak nr. 6 (videre behandling av saken)

Innstilling fra familie-, kultur- og administrasjonskomiteen om tilsagn om statstilskudd til Stavanger og Sandnes kommuner og Rogaland fylkeskommune til delfinansiering av driftsutgifter ved gjennomføring av det europeiske kulturhovedstadsåret

Talere

Votering i sak nr. 6

Se også behandlingen av sak nr. 6 på formiddagsmøtet.

 

Magnhild Meltveit Kleppa (Sp): Dette er ein gledeleg dag både for Rogaland og for Noreg. Det er teke eit veldig spennande initiativ til ein søknad frå Stavanger og Sandnes kommunar og Rogaland fylkeskommune i fellesskap om status som europeisk kulturhovudstad for Stavanger-regionen i år 2008.

Det var inga sjølvfølgje at Regjeringa følgde opp denne søknaden så utvitydig som ho gjorde. Det å vera kulturminister kan jo innebera at ein som ein del av eit kollegium må gjera smålege kutt, og her var det spørsmål om garanti for ein stor sum. 100 mill. kr i statleg støtte til kultur inneber jo at ein kan utløysa svært mykje, særleg i det fellesskapet som her er lagt. Her er altså 100 mill. kr lagt til grunn frå Stavanger og Sandnes kommunar og Rogaland fylkeskommune og eit tilsvarande beløp frå private aktørar. Regjeringa har lagt eit veldig godt grunnlag, og det er også kjekt at kulturkomiteen følgjer opp så tverrpolitisk som det her er gjort. Det har eg lyst til å understreka frå Senterpartiet si side.

Så kan vi då unna oss å minna kvarandre om at det hender det er nokre som føler seg litt ille ved fordi dei tykkjer at Noreg i for liten grad blir rekna med i Det europeiske fellesskapet. På dette punktet er det altså høve til å søkja EU om slik status anten ein er medlem i EU eller ikkje medlem.

Framstegspartiet har uttrykt si bekymring i dag – ja, ikkje berre bekymring, men også motstand. Eit av argumenta, slik eg forstod det, var at desse to kommunane som her er involverte, frå før ikkje løyser primæroppgåvene sine. Eg skjønar at slik tenking kan førekoma, men då går det jo faktisk an for Framstegspartiet å engasjera seg endå meir for at kommunane skal ha høve til å løysa primæroppgåvene sine. Akkurat i dag har kommunalkomiteen avgitt innstilling om kommuneproposisjonen for neste år, og dersom Framstegspartiet der hadde lagt endå meir pengar inn i forslaget sitt, hadde dei fått fleirtal i lag med parti som vil yta endå meir til kommunane. Det betyr at desse to kommunane og mange andre hadde hatt høve til å løysa fleire av primæroppgåvene sine utan å måtta venta til 2008.

Frå Senterpartiet si side ynskjer vi både å styrkja kulturen og å styrkja kommunane si moglegheit til å utføra primæroppgåvene sine. Kulturen er på mange måtar limet i samfunnet og ein plattform som det er godt for dei fleste å orientera livet sitt ut frå. I søknaden vart nemnt både litteratur, kunst, film, musikk, opera og vern av kulturminne. Det betyr fokus på fortida, på tradisjonelle verdiar, på notida og på ei spennande framtid.

Det er sagt i proposisjonen at Stavanger-regionen lenge har vore møtestad både for heimlege tradisjonar og for framande impulsar. Det finst jo eit knippe med eksempel på det. Går vi til næringslivet og nemner skipsfart og sardinar, eller til notida og nemner oljen, så ser vi det. Ser vi på u-landsengasjement og at det fyrste misjonsselskapet vart stifta i Stavanger, då tek vi med oss ein annan bit av historia. Og frå notida kan vi også nemna det internasjonale forfattarparlamentet sitt nettverk som fristad for forfølgde forfattarar – altså over lang tid både tradisjonar og nytenking. Dette vil jo fokusera på det ypparste. Det er viktig å ta vare på det folkelege. Dette betyr at vi tek for gitt at desse 100 mill. kr kjem i tillegg til den støtta som frå før er gitt til kultur.

Frå Senterpartiet ser vi på dette både som ein kulturell og ein økonomisk gevinst, og vi ser på det som viktig i ei tid der denne regionen misser tradisjonelle industriarbeidsplassar. Dette kan gi regionen ein opptur og danna eit grunnlag for nye arbeidsplassar for regionen og for landet.

Statsråd Valgerd Svarstad Haugland: EUs kulturhovudstadsprogram, som vart etablert av kulturministrane i EU i 1985, har vore viktig for å synleggjera kulturen sin plass i Europa og styrkja oppfatninga av ein felles europeisk kulturtradisjon. Erfaringa viser at det å få status som europeisk kulturhovudstad har gitt både kulturell og økonomisk gevinst for dei aktuelle byane og også for vedkomande land. Programmet er også ope for land utanfor EU. Som kjent fekk Bergen status som europeisk kulturby saman med åtte andre byar i 2000.

Basert på ein søknad frå kommunane Stavanger og Sandnes og Rogaland fylkeskommune går Regjeringa inn for å søkja EU om at Stavanger-regionen får status som europeisk kulturhovudstad i 2008. Føresetnaden er at Stortinget sluttar seg til forslaget i denne proposisjonen. Svært mange kulturaktørar i Stavanger-regionen er involverte i prosjektet, og søknaden er støtta av dei største byane i Noreg. Stavanger by og Stavanger-regionen har dei beste føresetnader for å gjennomføra prosjektet på ein måte som vil gi positiv internasjonal merksemd, og som vil inkludera norsk kulturliv generelt. Stavanger-regionen har lenge vore ein møtestad både for heimlege tradisjonar og framande impulsar. Kontakten med dei britiske øyane, kontinentet og med landa rundt Austersjøen har vore tette og omfattande. Stavanger har sidan 1997 vore medlem av det internasjonale forfattarparlamentet sitt nettverk av fribyar for forfølgde forfattarar. Byen og regionen kan i dag visa til eit rikt kulturliv, med stor breidd og høg kvalitet.

Som fleire er kjende med, er Stavanger utpeikt av Norsk Kulturforum som Noregs kulturkommune i 2003. Status som europeisk kulturhovudstad vil gi ytterlegare drivkraft for å forsterka denne positive utviklinga.

På dette tidspunktet har søknaden frå Stavanger og regionen karakter av å vera ei meir generell ramme for arrangementet. Prosjektplanen vil bli vesentleg meir detaljert dei nærmaste åra dersom søknaden blir innvilga i Brussel. Verdiar som blir framheva i søknaden, er kunstnarleg fridom, kulturelt mangfald og fellesskap, og at den viktigaste målgruppa for arrangementet vil vera born og unge.

I medhald av rådsavgjerda av 25. mai 1999 med nye føresegner om dei europeiske kulturhovudstadene, er det Storbritannia blant EUs medlemsland som skal nominera kulturhovudstad i 2008. Stavanger-regionen har valt året 2008 på grunn av sine noverande og historiske band til Storbritannia. Stavanger har alt invitert til samarbeid med Liverpool, som nyleg vart nominert som kulturhovudstad.

Stavanger-regionen har søkt om eit statleg tilskot på 100 mill. kr av eit totalbudsjett på 300 mill. kr til gjennomføring av arrangementet. Resten vil bli dekt av dei tre regionale partane, private sponsorar og eigeninntekter. Regionen vil ha ansvaret for den inntektsdelen som skal koma frå private sponsorar og eigeninntekter. Aktiviteten i prosjektet vil bli redusert dersom dei ikkje greier å skaffa heile beløpet. Det vil med andre ord ikkje bli søkt om ekstra støtte frå staten for å dekkja inn eventuelle mindreinntekter. I denne proposisjonen blir det foreslått å gi tilsegn til Stavanger og Sandnes kommunar og Rogaland fylkeskommune om eit statstilskot på inntil ein tredjedel av driftsutgiftene ved gjennomføring av det europeiske kulturhovudstadsåret. Stønaden er avgrensa oppetter til 100 mill. kr og vil bli fordelt over åra 2006–2008, dersom Brussel går inn for Stavanger.

Det er frå EU si side enno ikkje avklara om det på bakgrunn av utvidinga av EU frå 1. mai 2004 vil bli lagt opp til om det skal vera inntil to eller tre kulturhovudstader pr. år i tida framover. Eg meiner at ein søknad til EU om kulturhovudstadsstatus for Stavanger-regionen vil gi eit positivt signal om Noreg sin vilje til å delta aktivt i kultursamarbeidet i EU i åra framover. Dette er særleg viktig i samband med utvidinga av EU og EØS-avtalen. Eg er difor veldig glad for at fleirtalet i komiteen ser positivt på dette initiativet. Eg er òg glad for at komitefleirtalet, liksom eg sjølv, har lagt stor vekt på det regionale samarbeidet og den sterke viljen regionen har til å satsa på dette prosjektet. Så få vi håpa at vi får støtte i Brussel, slik at Stavanger verkeleg blir ein kulturhovudstad i 2008.

Presidenten: Det blir replikkordskifte.

Karin S. Woldseth (FrP): Vi hørte statsråden si at staten skulle dekke en tredjedel av driftsutgiftene, opptil 100 mill. kr. Vi vet også av erfaring at dette med Bergen som kulturby ikke gikk så bra økonomisk. Jeg lurer på hva statsråden har tenkt å si til Stavanger og Sandnes hvis de faktisk ikke greier å holde seg innenfor dette budsjettet. Må de da ta midler fra egne kommuner, og går det da eventuelt ut over primæroppgavene?

En annen ting jeg kunne tenke meg å spørre statsråden om, er: Foreligger det på statsrådens bord en søknad om støtte til et nytt konserthus i Stavanger?

Statsråd Valgerd Svarstad Haugland: For å ta det siste fyrst: Nei, det ligg ikkje nokon søknad om eit nytt konserthus i Stavanger på mitt bord førebels. Eg reknar med at det kjem ein søknad, for ein planlegg å byggja eit nytt konserthus i Stavanger. Men desse to sakene treng ein ikkje å sjå i samanheng. Det går an å få Stavanger som kulturby utan å få konserthus, og det går òg an å gi støtte til eit konserthus uavhengig av kva EU svarar på søknaden om Stavanger som kulturby.

At det ikkje gjekk så bra med Bergen som kulturby, er det vel kanskje delte meiningar om. Bergen la opp eit budsjett som var ca. ein tredjedel, litt meir, av det som Stavanger-regionen no gjer. Stavanger-regionen ynskjer å satsa større. Bergen var kulturby i 2000, og då var det veldig mange byar som var det. No er det snakk om to, kanskje tre. Det kjem an på om dei utvidar det til å ha ein frå søkjarlanda, ein frå utanfor EU og ein frå EU. Det er mange komponentar her som er ukjende, men eg er heilt sikker på at dei kjem til å ha økonomisk styring på prosjektet i Stavanger.

Presidenten: Flere har ikke bedt om ordet til replikk.

De talere som heretter får ordet, har en taletid på inntil 3 minutter.

Bent Høie (H): Det er nå snart fem år siden ideen om at Stavanger-regionen skulle ha ambisjon om å bli europeisk kulturby, første gang ble lansert. Den gangen var det nok mange som lurte på om en hadde tatt seg vann over hodet. Det var imidlertid det som mange nå kaller for et stort hode til mål, og det skapte etter hvert oppslutning og begeistring. Med vedtaket i dag går prosjektet over fra å være Stavanger-regionens søknad til å bli Norges søknad. Nå er det Norge som søker om å gi Europa en kulturby i 2008, som Storbritannia med Liverpool.

Jeg er glad for at staten har valgt å understreke dette gjennom den solide økonomiske deltakelsen som Regjeringen har foreslått, og jeg vil benytte anledningen til å takke statsråden for det engasjementet hun har vist i denne saken. For dette er ikke bare et kulturelt løft for Stavanger-regionen, det gir oss en unik mulighet til å få norsk kultur ut i Europa, men ikke minst til også å la oss inspirere av andre.

Stavanger som kulturell frihavn er et begrep som en har knyttet til søknaden, og dette har en dobbel betydning. Stavanger har lange tradisjoner for sine internasjonale forbindelser gjennom både sjøfart, misjon og nå oljevirksomhet. Og der mennesker møtes, der oppstår og utvikles kulturer. Men Stavanger har også en nyere tradisjon, som fristed for forfulgte forfattere. Dermed vil søknaden også være knyttet til at en ønsker å bruke denne anledningen til å markere ytringsfrihet, men ikke minst åpenhet for uttrykk også i andre kunstarter enn litteratur, der en kan komme til Stavanger og vise hva en står for. I år 2000 var det en utstilling på Solastranden, som het «Another Place», ved Anthony Gormly. Den utstillingen var ekstremt omstridt lokalt før den kom på plass. Det var stor motstand, men den skapte, til å være en så alternativ utstilling, veldig stor begeistring og oppslutning i befolkningen etterpå. Det viser at med en slik utstilling åpnet en øynene og fikk et nytt perspektiv. Og på mange måter vil jeg tro at kanskje den utstillingen var med på å berede grunnen for at det var mulig å bære gjennom en såpass stor ambisjon som å bli en europeisk kulturby.

Vi har dessverre ikke et politisk medlemskap i Europa, men vi kan i hvert fall si og understreke at vi kulturelt er en del av Europa. Og det er kanskje viktigere enn noen gang å understreke det i disse dager når EU skal utvides, og at vi dermed benytter denne anledningen til å markere vår tilhørighet til Europa gjennom å søke om å bli europeisk kulturby.

Presidenten: Flere har ikke bedt om ordet til sak nr. 6.

Vi kommer nå til en rekke saker som er forslag oversendt fra Odelstingets møte, med unntak av sak. nr. 17. Er det noen i salen som har noe imot at presidenten bare refererer sakens nummer, så kommer vi tilbake til navn på forslagsstiller under avstemningen? – Ingen ytrer seg mot det, og da vil presidenten bare referere sakens nummer. Da sparer vi tid.

Votering i sak nr. 6

Komiteen hadde innstillet:

Stortinget samtykker i at Kultur- og kirkedepartementet gir tilsagn til Stavanger og Sandnes kommuner samt Rogaland fylkeskommune om et statstilskudd på inntil en tredjedel av driftsutgiftene ved gjennomføring av det europeiske kulturhovedstadsåret, dersom Stavanger-regionen tildeles status som europeisk kulturhovedstad i år 2008. Støtten er begrenset oppad til 100 mill. kroner og fordeles over årene 2006-2008.

Presidenten: Fremskrittspartiet har varslet at de vil stemme imot.

Votering:Komiteens innstilling bifaltes med 83 mot 16 stemmer.(Voteringsutskrift kl. 20.22.15)