Stortinget - Møte fredag den 6. februar 2004 kl. 10

Dato: 06.02.2004

Sak nr. 3

Interpellasjon fra representanten Olav Akselsen til nærings- og handelsministeren:
"Den kraftforedlande industrien i Noreg har utvikla seg til å vera ei av dei viktigaste næringane i landet. Denne industrien sysselset i dag om lag 22 000 menneske, og er ei svært viktig næring for distrikta og for mange underleverandørar i Noreg. Tilgang på nok kraft til konkurransedyktige prisar har vore avgjerande for denne utviklinga. Dei gamle kraftkontraktane vert no gradvis fasa ut, og industrien må kjøpa kraft til ein marknadspris som er vesentleg høgare enn for dei ein konkurrerer med ute i verda. Prisauken i den norske kraftmarknaden kan føra til at kraftprisane blir meir enn dobla - for nokre verksemder tredobla, til dømes for Sør-Norge Aluminium AS (SØRAL) og verksemder i Mo i Rana. Alt tyder på at denne industrien er inne i ei krevjande tid, med stadig hardare konkurranse og uvisse knytt til uavklara miljøkrav.
Kva vil statsråden gjera for å unngå nedbygging av den kraftforedlande industrien i Noreg framover?"

Talere

Olav Akselsen (A): Det er no omtrent 100 år sidan det kraftforedlande industrieventyret tok til her i landet. Ved hjelp av utanlandsk kapital og djerv ingeniørkunst tok bondestaten dei første stega inn i den industrielle verda.

Det var først då me tamde fossane og nytta energien til å produsera metall, legeringar og kjemiske produkt, at utviklinga mot det Noreg me i dag kjenner, skaut fart. Historia om kraftforedlande industri er historia om det moderne Noreg.

Kraftanlegg og industribygg spratt opp, og det blei danna samfunn me før ikkje hadde sett her i landet, industristadene. Mange av dei som ikkje fann sysselsetjing i primærnæringane, fekk eit alternativ til emigrasjon. g etter krigen, då Noreg skulle byggjast opp att og landet skulle industrialiserast, var dette ei av dei næringane ein satsa på.

Då Noreg gjekk inn i det førre hundreåret, var me eit av dei fattigaste og teknologisk mest tilbakeståande landa i Europa. Då me gjekk ut av dette hundreåret, var me kanskje det rikaste og også eit av dei teknisk mest avanserte. Den kraftforedlande industrien har ein stor del av æra for denne utviklinga. I snart hundre år har denne industrien skaffa oss ny teknologi, valutainntekter, sysselsetjing og velstandsutvikling.

Når eg i dag er oppteken av rammevilkåra til denne industrien, er det likevel ikkje av nostalgiske grunnar, for også no er dette ei av dei viktigaste næringane våre. Kraftforedlande industri knivar med fiskerisektoren om å vera den største næringa her i landet etter oljeindustrien, målt i eksportverdi. g når det gjeld direkte og indirekte sysselsetjing, er dette ein av dei viktigaste bransjane våre.

Denne næringa er òg ei av dei absolutt viktigaste distriktsnæringane våre. Den kraftforedlande industrien er som oftast hjørnesteinsbedrifter i sine lokalmiljø. Anna lokalt næringsliv er ofte bygd opp rundt denne næringa. Mange stader er det svært få alternative arbeidsplassar og lite grunnlag for ny næring. Dei fleste av desse industristadene ligg òg langt frå andre byar og tettstader. Berre sjeldan ligg dei i det ein kan kalla normal pendlaravstand.

Gjennom den offentlege debatten og media kan ein få inntrykk av at dette er ein gammaldags og svært forureinande industri. Det er ikkje tilfellet. Sjølv om mange av bedriftene er gamle, er dei òg hypermoderne. Mange av produkta som blir produserte, er høgteknologi av ypparste klasse. Denne bransjen har gjennomgått ei kontinuerleg og imponerande utvikling dei siste tiåra. Effektivitetsveksten har vore enorm. Denne industrien produserer i dag 50 pst. meir enn han gjorde for 20 år sidan, men med same energibruk som då.

I same periode har talet på tilsette gått ned, slik at produksjonen pr. tilsett har gått drastisk opp. Mange av dei norske bedriftene er i dag heilt i verdssjiktet når det gjeld effektivitet.

I same periode er det også investert milliardbeløp i miljøtiltak. Det er derfor grunnlag for å seia at dette er den reinaste industrien i sitt slag i verda. I dag er mange av dei utsleppa som før var eit stort problem, mikroskopiske. Gjennom forsking og utvikling har ein fått fram ny teknologi som har løyst mange av dei gamle miljøproblema.

Som eg sa innleiingsvis, har utviklinga av den kraftforedlande industrien i Noreg vore eit eventyr. Men dessverre står denne næringa i dag overfor svært store utfordringar her i landet. Greier me ikkje å løysa desse utfordringane, er det ein stor fare for at me om nokre år må seia: Snipp, snapp, snute, eventyret er ute.

I løpet av dei siste åra har Hafslund Metall, Odda Smelteverk og Lilleby Metall lagt ned. Magnesiumproduksjonen på Herøya er stengd av. Norsk Hydro har vedteke at dei ikkje vil gjera nødvendige moderniseringar av sine verk i Årdal og i Høyanger, noko som i verste fall kan føra til at 1 000 industriarbeidsplassar forsvinn i desse bygdene. I tillegg har Hydro starta ein sparekampanje som vil redusera talet på tilsette i konsernet ytterlegare her i landet.

Elektrisk kraft er ein av dei viktigaste innsatsfaktorane for denne industrien. I dag betalar industrien i snitt ca. 11 øre/kWh for krafta. Det er bra i internasjonal samanheng. Men i løpet av få år vil svært mange av dei langsiktige kraftkontraktane gå ut, og bransjen må forhandla fram nye. Slik marknaden i Norden ser ut i dag, må ein rekna med at framtidig pris blir godt over 20 øre/kWh.

For enkelte bedrifter, som dei i Mo i Rana, vil dette føra til ei tredobling av kraftprisane nærast over natta. Når me veit kva inntening desse bedriftene har i dag, ser me alle at dette vil bli svært krevjande. g dei fleste andre bedriftene innan denne bransjen vil få eit stort prishopp, og for mange vil det vera eit spørsmål om det i det heile er mogleg med vidare drift her i landet. Faren for avskaling er svært stor.

Samtidig med at prisen på kraft til denne industrien i Noreg nærast vil eksplodera, tilbyr land som Canada, Australia og New Zealand kraft med låg fastpris for 20–30 år framover i tid.

Noreg og Sverige var blant dei aller første landa som liberaliserte kraftsektoren og etablerte ein fri elkraftmarknad. Etter at denne marknaden har fungert i godt og vel ti år, må me kunna slå fast at det nærast ikkje har kome ny kraftproduksjon i denne tida. Kraftbalansen blir strammare for kvar dag som går. Tilgangen på kraft og prisen på denne gjer at Noreg er svært lite attraktivt for nye investeringar. Samtidig ser me at andre land aktivt trekkjer til seg investeringar ved å lokka med gunstige og stabile kraftkontraktar.

Dei fleste land har i dag ulike prisar på kraft til industriproduksjon og til vanleg forbruk. Dei langsiktige kraftkontraktane som er i ferd med å gå ut her i landet, tilsvarar om lag 18 TWh.

Sjølv om norsk politikk på dette området blir regulert gjennom EØS-avtalen, bør me etter mitt syn ha som mål at denne kraftmengda òg i framtida skal gå til industriproduksjon og ikkje til vanleg forbruk. Eg trur også det er mogleg innanfor internasjonale avtalar å laga ein eigen marknad for industrikraft. Dette burde me i alle fall ha utgreidd skikkeleg.

Dessutan må det vera slik at me som er politikarar, har eit ansvar for energibalansen og med det prisane på kraft. Dersom det er politisk vilje, er det mogleg å få til større energiproduksjon i Noreg. Ei meir aktiv oppfølging av det Stortinget vedtok i samband med energimeldinga våren 2000, ville ha gjeve oss ein betre energibalanse i dag, og med det lågare prisar.

Eit anna område der norsk kraftforedlande industri ser ut til å vera i ei særstilling, er i forhold til framtidige miljøkrav. Sjølv om norsk industri i dag er i verdseliten når det gjeld utslepp, ønskjer fleirtalet her i huset særnorske miljøkrav. Då Stortinget behandla klimameldinga, vedtok fleirtalet eit eige norsk klimaregime.

Sjølv om eg er tilhengar av strenge miljøkrav, må desse krava vera realistiske og nokonlunde i tråd med det som konkurrentlanda våre har. Alternativet er nedlegging og utflytting av produksjon.

Det at oppfølginga av Kyoto-avtalen og det han vil føra til, ikkje er avklara, er ei ytterlegare forverring av denne bransjen sine rammevilkår i Noreg. Paradoksalt nok kan strenge norske miljøkrav føra til auka utslepp i verda fordi produksjonen vil bli flytta til land med heilt andre miljøstandardar enn dei me har.

Det hastar med å gje denne bransjen positive signal. I 2003 forsvann nesten 20 000 industriarbeidsplassar her i landet. Noreg er no eit av dei landa i Europa som har lågast industrisysselsetjing. Me må derfor føra ein aktiv politikk for å ta vare på dei me har igjen. Eg er derfor svært glad for at Regjeringa har valt å følgja opp LO sitt forslag om eit industripolitisk utval.

Mange av arbeidsplassane som forsvann i fjor, gjorde nok det som eit resultat av høg rente og sterk krone. No er helsetilstanden i norsk økonomi heldigvis noko betre. Ein økonomisk politikk for stabil rente og valutakurs er avgjerande for at næringslivet vårt skal greia seg, men for den bransjen som eg har teke opp i denne interpellasjonen, er det ikkje nok.

Greier me ikkje å snu utviklinga for denne næringa, vil ho bli sterkt redusert. Mange bedrifter vil bli nedlagde. Teknologiske miljø vil gå tapt. Talet på industriarbeidarar vil gå ytterlegare ned. Mange lokalsamfunn vil mista hjørnesteinsbedrifta si. Sentraliseringa vil bli forsterka. Noreg vil tapa valutainntekter. Miljøproblema vil auka. Dei globale utsleppa vil auka. Derfor spør eg kva næringsministeren vil gjera for unngå nedbygging av den kraftforedlande industrien i Noreg.

Statsråd Ansgar Gabrielsen: Jeg synes nok interpellanten har et noe defensivt utgangspunkt. Utfordringene er ikke bare å unngå nedbygging. Slik jeg ser det, er det også en utfordring å legge til rette for vekst i den kraftforedlende industrien i Norge i årene som kommer.

Regjeringen er opptatt av at industrien skal ha konkurransedyktige rammebetingelser. Den kraftforedlende industrien bidrar i stor grad til verdiskaping og sysselsetting, særlig i Distrikts-Norge. Industrien ligger langt framme i å utvikle og ta i bruk moderne teknologi. Kraftkrevende industri konkurrerer i internasjonale markeder med sterk konkurranse. Den er omstillingsdyktig og har absolutt vist evne og vilje til å være innovativ. Dette er en av våre fremste kompetansenæringer. Norske miljøer ligger langt fremme internasjonalt, bl.a. innenfor materialteknologi. Mye avansert forskning og utvikling skjer innenfor norske kraftkrevende næringer. Den kraftkrevende industrien i Norge har samtidig et betydelig omfang og står for om lag 11 pst. av den samlede norske eksportverdi. Den sysselsetter, som vi har hørt, ca. 22 000 personer. Det utgjør om lag 7,5 pst. av den samlede sysselsettingen i industri og bergverk. Mange av bedriftene er også hjørnesteinsbedrifter i sine lokalsamfunn i Distrikts-Norge.

Den globale konkurransen, teknologisk utvikling og internasjonale miljøavtaler har ført til omstilling i den kraftforedlende industrien. I noen tilfeller har dette medført nedleggelse og omstilling til annen virksomhet. På steder med et ensidig næringsgrunnlag har det selvsagt skapt spesielle utfordringer. Investeringer i nytt utstyr kombinert med reduksjon i antall ansatte kan være en utfordring, selv om virksomheten ikke legges ned.

Det er likevel grunn til å understreke de betydelige nyinvesteringene i kraftforedlende bedrifter som har funnet sted de siste årene. En enorm investering er foretatt i aluminiumsindustrien på Sunndalsøra og i Mosjøen og i sinkproduksjon i Odda. Det er også flere interessante eksempler på nye engasjementer fra utenlandske konsern i norsk kraftkrevende industri. Et godt eksempel på dette er det franskeide Eramet, som 12. desember i fjor varslet at de satser videre i Norge, i Sauda og Porsgrunn. Samtidig som selskapet legger ned manganproduksjonen i Boulogne i Frankrike, satser det altså videre her i Norge.

Regjeringen legger stor vekt på å bidra til rammebetingelser som fremmer verdiskaping og vekst i konkurranseutsatt næringsliv. Vi har gjennomført mer enn 19 milliarder kr i skatte- og avgiftslettelse. Det meste av dette har gått til industrien. ESA har pålagt Norge å legge lik elavgift på alt næringsliv. Fra årsskiftet er derfor elavgiften midlertidig fjernet for alt næringsliv. Det arbeides med utforming av et nytt avgiftssystem, basert på forbruk til lys og varme, som sikrer industrien fortsatt fritak.

Konkurranseutsatt næringsliv har de siste årene møtt betydelige utfordringer. Dyre lønnsoppgjør siden 1996 og sterk vekst i offentlig sektor har bidratt til høyt rentenivå og høy kronekurs, noe som interpellanten var inne på. Det har gitt økte kostnader og svekket industriens konkurranseevne. Gjennom en målbevisst og stram økonomisk politikk har Regjeringen bidratt til å snu denne situasjonen. Siden statsbudsjettet for 2003 ble lagt frem, er styringsrenten i Norges Bank satt ned med til sammen 5 prosentpoeng. Samtidig er kronekursen kraftig redusert, og industriens konkurranseevne er betydelig bedret. Grunnlaget er lagt gjennom en målbevisst og stram økonomisk politikk. Lønnsutviklingen er nå mer på linje med den våre viktigste konkurrentland har. Et moderat oppgjør til våren vil være avgjørende for at denne positive utviklingen kan fortsette. Det opplever jeg at partene er opptatt av.

God tilgang på rimelig elektrisk kraft har vært en forutsetning for etablering og fremvekst av kraftforedlende bedrifter i Norge. Industrialisering av Norge har vært knyttet til vannkraften, som interpellanten understreket. Industri og kraftverk ble mange steder i landet bygget ut parallelt. Som et resultat av hjemfallslovgivningen har mange av kraftverkene hjemfalt til staten. Som kompensasjon for tap av egen kraftproduksjon har kraftforedlende industri fått en betydelig del av kraften sin gjennom langsiktige avtaler på politisk bestemte vilkår. EØS-forpliktelsene har imidlertid ført til at disse avtalene ikke lenger kan videreføres. En videreføring av industrikraftkontraktene i strid med EØS-forpliktelsene ville påført industrien et uholdbart tilbakebetalingskrav og en usikkerhet som de ikke kan leve med. Det var derfor et samlet storting som i 1999 sluttet seg til at de gamle politisk bestemte kraftkontraktene skulle fases ut frem mot 2011. Samtidig ble industrien for siste gang tilbudt avtaler på myndighetsbestemte vilkår.

Gjennom energiloven var Norge tidlig ute med å liberalisere omsetning av kraft. I dag skjer det endringer på dette området i hele Europa. Liberaliseringen har lagt grunnlaget for en mer effektiv utnyttelse av kraftressursene i og mellom land. Den har også lagt grunnlaget for økt verdiskaping i kraftnæringen, som også er en stor og viktig del av norsk næringsliv.

Omleggingen av industrikraftregimet har skapt en utfordring for de kraftintensive bedriftene. Dette er en utfordring mange av bedriftene allerede har grepet gjennom å ta aktivt i bruk de mulighetene som ligger i et velfungerende kraftmarked. Kraftkrevende industri har lang brukstid, store kraftvolum og tar ut kraft på høyt spenningsnivå. Det fører til at disse bedriftene oppnår lavere kraftpriser enn andre forbrukere. Mange har etter hvert inngått avtaler om langsiktige kraftleveranser på forretningsmessige vilkår. Dette gir grunnlag for fortsatt kraftbasert industrivirksomhet.

Den samlede kraftforsyningssituasjonen er viktig for den kraftkrevende industrien i Norge, som interpellanten understreket. Kraftmarkedet i Norge og Norden er blitt strammere. Det er et mål for Regjeringen å sikre at det er et markedsmessig tilbud av elektrisk kraft til akseptable priser. Samtidig er det behov for å redusere avhengigheten og sårbarheten overfor svingninger i tilbudet av vannkraft. Regjeringen har presentert en strategi for en mer robust energiforsyning, som inneholder tiltak for økt krafttilgang. Det er bl.a. gitt konsesjoner for om lag 1,2 TWh ny vannkraft. Som interpellanten sa, har det siden liberaliseringen vært relativt lite utbygging. Faktum er at tillatelser gitt de siste to år er mer enn summen av de åtte foregående.

I år har vi også gjort skatteendringer som gjør det mer attraktivt å investere i vannkraft. Tiltak for å stimulere til økt utbygging av små kraftverk er også gjennomført. Det er tildelt tre konsesjoner til gasskraftverk, og det er trukket opp en politikk for realisering av gasskraftverk med CO2-håndtering. Samtidig har vi styrket innsatsen for miljøvennlig omlegging av energibruk, og produksjonen er styrket. Med et felles nordisk kraftmarked er det selvsagt også viktig hva som skjer i våre naboland når det gjelder kraftproduksjon og overføringskapasitet. Rammevilkårene på miljøområdet er viktige for kraftforedlende bedrifter og resten av prosessindustrien, et synspunkt jeg deler med interpellanten.

Mitt inntrykk er at industrien tar miljøutfordringene på alvor. I utformingen av klimapolitikken har Regjeringen en god dialog med industrien om enkeltelementer i kvotesystemet som det legges opp til å innføre. Det er et klart mål å utforme systemet slik at industribedrifter som er lønnsomme, med en internasjonal kvotepris under Kyotoprotokollen, ikke flytter ut eller legger ned som en følge av klimakostnadene. Oppfølgingen av Gøteborg-protokollen for å redusere utslipp av svoveldioksid og nitrogenoksider skjer også gjennom et samarbeid med prosessindustrien.

Jeg vil også peke på at miljøvernministeren nylig har gitt stålvirksomheten i Mo utsettelse av fristen for kvikksølvrensing til tilsvarende krav stilles til konkurrerende bedrifter i EU. Utsettelsen er gitt for å sikre industrien i Mo samme vilkår som konkurrenter i andre land og for å sikre fortsatt virksomhet i Norge.

Endringer i markedet, kunnskap og teknologi gjør det nødvendig med stadige omstillinger i norsk næringsliv, og gjennom en helhetlig innovasjonspolitikk vil Regjeringen legge til rette for økt nyskaping og vekst. Det er helt nødvendig for å møte morgendagens velferdsutfordringer. Vi vil bidra til en mer koordinert og målrettet innsats på tvers av ulike politikk- og forvaltningsområder. Innovasjonsutfordringen angår alle deler av norsk næringsliv. Introduksjon av nye produksjonsprosesser, forskning og utvikling, på nye og mer avanserte produkter, og innføring av nye organisasjonsformer er noen eksempler på denne innovasjonen. Innenfor kraftforedlende industri og den øvrige prosessindustrien er det mange gode eksempler på slikt nybrottsarbeid.

Regjeringen fører en målrettet politikk for å sikre gode rammevilkår for konkurranseutsatt næringsliv. Politikken gir nå resultater. Industrien, også prosessindustrien, og den kraftkrevende industri signaliserer nå en absolutt økt optimisme. Gjennom å legge til rette for økt nyskaping og vekst tar vi fatt i langsiktige verdiskapingsutfordringer. Dette gir gode vekstmuligheter for en innovativ, kraftforedlende industri.

Rolf Terje Klungland (A): Det er merkelig, ja nesten patetisk, å høre på de forskjellige statsrådene når de snakker om kraftbalanse, industri og framtidsutsikter.

Vi har altså i dag en energiminister som oppfordrer – det gjorde han så sent som i fjor vinter – industrien til å stenge ned produksjonen, for han skulle selge strømmen på det frie markedet til mye høyere pris enn det industrien ville gi. Vi har fått meldinger om at det er forventet at industrien i Norge vil komme til å bygge ned sin virksomhet på grunn av mangel på kraft i framtiden. Vi har en miljøvernminister som ved hjelp av SV har fått vedtatt en klimapolitikk som vil rasere norsk kraftforedlende industri, og så har vi altså en næringsminister som i dag sier at han ønsker vekst i kraftforedlende industri framover.

Det er ikke lett å gripe fatt i hva som er den reelle politikken, men da må en egentlig konsentrere seg om å se på det som har skjedd.

Interpellasjonen i dag er kjempeviktig for framtidig industriutvikling i Norge. Det er viktig å rette fokus mot den, og næringsministeren har tidligere vært opptatt av akkurat den problemstillingen som i dag blir debattert. Så sent som den 27. februar i 1997 sa næringsminister, da stortingsrepresentant, Ansgar Gabrielsen her i Stortinget:

«Industrien har selv gjentatte ganger pekt på behovet for å fremskaffe mer kraft, og det vil etter mitt skjønn være av helt avgjørende betydning at så skjer.»

Videre sa han:

«En forutsetning for at industrien vår i framtiden skal kunne få elektrisk kraft til konkurransedyktige priser, er at det er ledig kraft.»

Ja, vi i Arbeiderpartiet hadde håpt at Regjeringen, og i hvert fall næringsministeren, hadde fulgt opp de konkrete ordene og sørget for at vi fikk mer kraft tilgjengelig i Norge. Vi tror at det er en forutsetning for at vi i framtiden skal ha kraftforedlende industri, med den store verdiskapingen og den viktige distriktsmessige virkningen det vil ha framover.

I næringsministerens valgområde sier nå både Lista aluminiumsverk og Øye smelteverk at de er klar til å utvide sin produksjon under forutsetning av at det er kraft i det norske markedet. Og spørsmålet til energiministeren blir kanskje: Vil han følge opp ordene fra 1997?

Ivar Kristiansen (H): Vi skal selvfølgelig ha utfordringen foran oss når vi diskuterer kraftkrevende industri, som vi har når vi diskuterer all annen industri i Norge fremover. Men så til de grader å møte fremtiden på vegne av norsk kraftintensiv industri med bøyd hode som det Arbeiderpartiet gjør – jeg viser særlig til det siste innlegget her – tjener verken kraftkrevende industri, norsk industri og næringspolitikk generelt eller de bedriftene som nå daglig melder om rekordresultat, produksjonsrekord i Mo i Rana i 2003, osv. osv. Vi har tunge investeringer pågående innenfor denne industrigrenen som vil være til glede for de samfunn den er etablert i.

Det innebærer selvfølgelig ikke at vi ikke skal ta på alvor de mange utfordringene som ligger foran oss, som kraftbalanse, prispolitikk osv. Men det kan neppe være ukjent, i hvert fall ikke for kraftkrevende industri, at vi må 15 år tilbake for å få med oss det som skjedde innenfor kraftregimet i prosessindustrien, det som går på de gamle fastprisavtalene mellom bedriftene og staten. Under skiftende arbeiderpartiregjeringer har det vært enstemmighet, og man har stemt for dette prisregimet og utfasingen av de kraftavtalene som eksisterte.

Utenforstående kan jo, vil jeg si, risikere å bli sittende igjen med det inntrykk at Arbeiderpartiet har hatt et sett av menyer å presentere for kraftkrevende industri som er diametralt annerledes enn det den sittende regjeringen har å presentere. Sånn er ikke bildet. Sånn er ikke hverdagen. De som er uinnvidd, må jo sitte med det inntrykket etter å ha hørt Akselsen og Klungland. Begge sier at noe må gjøres, men Regjeringen har i debatten ikke fått en eneste anvisning, verken forut for dagens debatt eller i dagens debatt, om hva som skal gjøres annerledes. Og det synes jeg at Akselsen & Co. nå er nødt til å være tydelige og presise på. Hvis ikke blir denne debatten hengende i løse luften. Det er mulig det er det en ønsker – å ha et trygt ståsted i løse luften også i denne næringspolitiske debatten. Det er da vel ikke sånn at Arbeiderpartiet var imot innføringen av energiloven? Det er vel ikke sånn at Arbeiderpartiet er for myndighetsbestemte energipriser? Og det er vel ikke sånn at Akselsen mener at det er mulig i dag å skaffe et eget prisregime og kraftregime for prosessindustrien alene?

Til slutt: Jeg tror ikke det tjener industrien at vi beskriver den som at den ligger totalt i stabilt sideleie, for det er langt fra tilfellet.

Eirin Faldet hadde her overtatt presidentplassen.

Øystein Hedstrøm (FrP): Den problemstilling som interpellanten reiser, er ikke av ny dato. Utviklingen i kraftkrevende industri, som i store deler av industrien ellers, har vært bekymringsfull lenge, selv om vi ser noen lysglimt. Regjeringens feilslåtte næringsnøytrale politikk og et betydelig skatte- og avgiftstrykk, slik vi ser det, og derav en lav kapitaltilgang til næringslivet som følge av det, gjør livet vanskelig for svært mange virksomheter. Den stramme situasjonen i kraftmarkedet gjør ikke hverdagen lettere.

I denne situasjonen vil jeg minne om Fremskrittspartiets forslag om å føre en økonomisk tilbudssidepolitikk, som innebærer betydelige skatte- og avgiftslettelser, for øvrig i tråd med prosessindustriens egne ønsker. Arbeiderpartiet og regjeringspartiene har stemt imot. Jeg vil minne om at finansministeren nylig understreket at han er positiv til skattelettelser som kan bidra til økonomisk vekst. Fraværet av skattelettelser i inneværende års statsbudsjett vitner dessverre om at finansministeren aksepterer en lavere vekstrate enn strengt nødvendig.

Arbeiderpartiet har vært opptatt av utfordringene i energipolitikken, som stramt kraftmarked og usikre miljøkrav. Representanten Akselsen uttalte bl.a. til Finansavisen den 2. juli i fjor at han skulle sikre bygging av gasskraftverk og fjerne særnorske miljøkrav, dette til tross for at Arbeiderpartiet bare få måneder tidligere hadde stemt imot tilsvarende forslag fra Fremskrittspartiet. Det er vanskelig å se sammenhengen mellom Arbeiderpartiets retorikk og hva som i realiteten er partiets politikk. I Finansavisen sa representanten Akselsen at klimakvotesystemet vil medføre vesentlige kostnadsulemper i forhold til konkurrentene. I innstillingen om norsk klimapolitikk kan man derimot lese at Arbeiderpartiet ønsker at

«Norge setter i verk tiltak som gir vesentlige utslippsreduksjoner før det internasjonale kvotesystemet trer i kraft fra 2008».

I praksis kreves det altså at gasskraftverk skal pålegges dyr CO2-håndtering, i alle fall om man skal tro det Arbeiderpartiet skriver i innstillingen om norsk klimapolitikk. Dette er senere blitt bekreftet av Jens Stoltenberg, som sa at gasskraftverk ikke skal medføre økte utslipp av CO2.

Vi kan ikke se at Arbeiderpartiets energipolitikk, slik den er formulert i stortingsinnstillinger, vil gi bedre rammevilkår for kraftkrevende industri. Fremskrittspartiet har fremmet mer enn 30 forslag på energiområdet det siste året, og våre mange forsøk på å snu den negative utviklingen i kraftbalansen har ikke vunnet gehør i Arbeiderpartiet. De har heller ikke fremmet eller presentert alternative forslag som kan gi utviklingsmuligheter, noe som betyr noe for den industrien. Derfor mener vi Arbeiderpartiet ikke har troverdighet på dette området, og man har heller ikke presentert løsningsforslag som bedrer betingelsene.

Ingvild Vaggen Malvik (SV): Det er bra at representanten Akselsen er opptatt av historie, men her var det et par elementer som manglet. Jeg tillater meg å supplere litt.

Norsk aluminiumsindustri og annen kraftkrevende industri ble bygd opp ved hjelp av tilgang på billig, subsidiert kraft, og Statkraft var myndighetenes fremste instrument. Så fikk vi den nye energiloven på begynnelsen av 1990-tallet, med omleggingen til et markedsbasert kraftsystem. Både Statkraft og andre kraftprodusenters rolle ble endret – nå var det om å gjøre å tjene mest mulig penger. Deretter fikk vi EØS-avtalen. Jeg vil gjerne minne om de forsikringene som flertallet på Stortinget gav ved inngåelsen av EØS-avtalen, om fortsatt mulighet til å sørge for at viktige industriarbeidsplasser kan opprettholdes gjennom ordninger som sikrer kraftkrevende industri priser bedriftene kan leve med. Men like fullt legges nå elavgiften om, etter ordre fra ESA, og tiden er ute for de politisk bestemte kraftkontraktene. SV var imot både energiloven og EØS-avtalen, bl.a. fordi vi ikke ønsket å miste de instrumentene vi hadde for næringsutvikling og bevaring av norske industriarbeidsplasser.

Det som skjer nå, er en avtrapping av de langsiktige kraftkontraktene, samtidig som det er uklarhet rundt Statkrafts videre rolle. Det er ikke lenger mulig å subsidiere strøm til industrien. Dersom Akselsen mener at man med dagens EØS-avtale kan gjøre det, er det i så fall veldig interessant.

Å rope på gasskraft blir ren symbolpolitikk. For det første forutsetter gasskraft en strømpris på under 30 øre pr. kWh for å være lønnsomt, dessuten vil overskuddskraften bli eksportert ut av landet. Og gasskraft vil få kvoteplikt i klimakvotesystemet, akkurat som i EU. Den styringsmuligheten vi sitter igjen med i dag, er gjennom eierskap, bl.a. av Statkraft.

Det er to måter å redusere energikostnadene til industrien på: enten gjennom redusert kraftpris – en mulighet som partiene som Akselsen og Gabrielsen tilhører, har bidratt til å fjerne – eller gjennom redusert energiforbruk. Enøkpotensialet i Norge er beregnet til 20 TWh. Baksiden av den billige kraftmedaljen var at bedriftene ikke satset tilstrekkelig på å spare energi. PIL og Enova har kartlagt energieffektiviseringspotensialet for kraftkrevende industri til å være 5,3 TWh, pluss 1 TWh spillvarme som kan gjenvinnes – mye å hente, altså.

Den opplagte løsningen er å sørge for at Statkraft får nødvendig armslag samt pålegg om å jobbe med energieffektivisering inn mot norsk industri. Vil ministeren aktivt bruke Statkraft som et instrument for å utløse dette sparepotensialet? Det er etter min mening et vesentlig spørsmål og en oppskrift på en løsning som er blitt etterlyst flere ganger fra denne talerstolen. I så fall forutsetter det at vi beholder 100 pst. statlig eierskap i Statkraft. Det går fortsatt rykter om at Regjeringen ønsker å privatisere Statkraft. Da er mitt spørsmål til statsråden: Kan han fortelle oss om han synes privatisering av Statkraft er en fornuftig strategi med tanke på framtiden for norsk kraftkrevende industri?

Ingebrigt S. Sørfonn (KrF): Med sitt betydelege omfang har kraftkrevjande industri ei viktig rolle som motor i norsk næringsliv. Dette kjem både av det faktum at bransjen står for ca. 7,5 pst. av det samla talet på sysselsette i industri og bergverk, og at enkelte av desse bedriftene er hjørnesteinsbedrifter i mange lokalsamfunn og regionar. Gjennom forskjellige ringverknader vert på denne måten den totale næringspolitiske effekten mykje større enn det som einsidig kan lesast ut av statistikkane for kraftkrevjande industri. Av denne grunn er me opptekne av at bransjen ikkje berre skal overleva, men òg ha vekst- og utviklingsmoglegheiter. Dette kjem til uttrykk på mange område og gjennom ei rekkje tiltak. Eg vil trekkja fram tre slike område.

For det første er det ein nær samanheng mellom pris og tilgang på kraft. Derfor har Bondevik II gjort mykje for å auka tilgangen på kraft, og Regjeringa vil gjera meir. Under vår regjering er det gjeve vasskraftkonsesjonar for ei samla energimengd som langt overstig det som vart gjeve på heile 1990-talet, og betydeleg meir enn det som vart gjeve under regjeringa Stoltenberg. Som kjent var interpellanten energiminister i den sistnemnde regjeringa. Det er derfor ikkje grunnlag for interpellanten sin relativt sterke kritikk av manglande tiltak for å forbetra kraftbalansen, med mindre dette har vore meint som sjølvkritikk.

I tillegg har vår regjering gjort det lettare å byggja ut mini- og småkraftverk, og ho har fått til ei rekordstor satsing på vindkraft. Sjølv om det ikkje er realistisk, vil eg likevel som eit eksempel nemna at dersom alle omsøkte vindmøller vert utbygde, vil det svara til ca. 10 TWh rein energi.

Det andre tiltaket som eg vil nemna, er arbeidet med ny modell for elavgift for næringslivet for tilpassing til ESA sine krav. To ulike modellar har vore ute på høyring, og målet er å finna ei ordning som ikkje påfører kraftkrevjande industri ytterlegare avgifter og dermed utgiftsauke. Her må eg få skyta inn at eg er noko undrande til at interpellanten sitt parti, Arbeidarpartiet, i sitt alternative budsjett for 2004 ville vidareføra det gamle elavgiftsregimet fram til 1. juli i år. Ei slik løysing ville medføra ein betydeleg risiko for at kraftkrevjande industri i ettertid ville verta påført store ekstraordinære kostnader i form av straffegebyr frå ESA.

Det siste punktet som eg får tid til å ta med, er det faktum at ved å føra ein forsvarleg og stram finanspolitikk har vår regjering medverka til at norsk rentenivå no er på linje med det som me finn i EU, og kronekursen har kome ned på eit konkurransedyktig nivå. Dette siste var eit klart og eintydig krav frå den konkurranseutsette eksportindustrien hausten 2002, og òg her har vår regjering levert fullt ut i forhold til bestillinga.

Odd Roger Enoksen (Sp): Det er i aller høyeste grad en nødvendig debatt vi har i dag, for det er ikke lenge til kontraktene som industrien sitter på i dag, går ut, og det er tid for å handle. Men den bakgrunnsbeskrivelsen som ble gitt i forhold til årsaken til de problemene industrien har i dag, er særdeles mangelfull. Det er faktisk ikke slik at det først og fremst er energiloven som er årsaken til at vi er i den situasjonen vi er i i dag. Det er ikke alle deler av energiloven jeg er like glad for, og det er helt nødvendig å se på elementer i energiloven. Den kom altså ikke for at e-verkene skulle tjene mest mulig penger, men for at man skulle unngå unødvendig utbygging. Jeg vil minne om at vi de siste 10–15 siste årene nesten ikke har hatt utbygging av ny kapasitet, til tross for en sterk økning i forbruk. Det tyder på at vi på slutten av 1980-tallet hadde en stor overkapasitet i produksjonen av elektrisk kraft. Den overproduksjonen solgte vi ut av landet med store tap, rett og slett fordi vi ikke hadde bruk for den selv. Det er en situasjon som energiloven sørget for at vi unngikk. Men så er ikke energiloven god nok i en situasjon med underdekning på kraft.

Det er også verdt å minne om at det faktisk er EØS-avtalen som er årsaken til at vi i dag ikke kan gi myndighetsbestemte kraftkontrakter. Det er verken energiloven eller mangel på kraft som er årsaken til det.

Arbeiderpartiet har vært en pådriver for et friest mulig nordisk marked, et fritt nordisk marked, som i dag mer eller mindre er blitt et fritt europeisk marked. Arbeiderpartiet har også vært en pådriver for å få størst mulig overføringskapasitet til landene rundt oss, hvilket innebærer at det er de som betaler best, som får kraften, og ikke nødvendigvis industrien, med det regimet vi har.

Det er derfor nødvendig å se på et sett av virkemidler, ikke bare tilgang på elektrisk kraft, som selvfølgelig også er viktig i en underskuddssituasjon. Det er også nødvendig å se på f.eks. hvordan vi skal kunne utfordre EØS-avtalen med hensyn til å inngå avtaler eller å utnytte de muligheter som ligger der for å sikre denne industrien tilstrekkelig kraft. Det må ikke være et mål for oss å få ros når vi reiser til Brussel, eller andre steder i EU-land, for å være det landet som er flinkest til å tilpasse oss EU. Det må derimot være et mål å utnytte mulighetene for å bygge opp norsk industri og norsk næringsliv.

Vi er også nødt til å se på de tariffsystemene vi har, slik at det er lønnsomt å ta ut kraft nærmest mulig der produksjonen foregår, og det er i hovedsak også der industrien er etablert. Men det er klart at når det er like rimelig å ta ut kraft etter å ha overført den over ledningsnettet mange tusen kilometer, som det er å ta den ut i veggen på kraftstasjonen, så vil ikke industrien ha det fortrinn som en slik differensiering kunne innebære. Det er også nødvendig å øke tilgangen på energi gjennom enøk, gjennom modernisering av de eksisterende kraftverk som vi har, og gjennom utbygging av småkraftverk. Men det er en illusjon å tro at en storstilt utbygging av gasskraft, hvor prisen vil ligge på godt over 20 øre pr. kWh, ja kanskje opp mot 30 øre, vil være det som berger industrien, når vi vet at denne industrien i dag betaler i gjennomsnitt 11 øre pr. kWh. Da er det en del andre utfordringer som også må løses.

Ranveig Frøiland (A): Etter Arbeidarpartiet si meining er dette ei veldig viktig næring. Ho er viktig for distrikta, 22 000 menneske er sysselsette der, det er ein høgteknologisk industri, og dei har gjort veldig mykje på miljøsida, med krav til utslepp, men vi kan ikkje ha det slik at det er strengare krav i Noreg enn i dei andre landa som ein konkurrerer med. Dersom ein flyttar arbeidsplassane ut, vil desse varene verta produserte med ein mykje dårlegare miljøteknologi. Det er realiteten.

Eg må seia at eg er veldig forundra over denne debatten her i dag, for alle snakkar om sine kjepphestar, anten det no er EØS-avtalen eller det er energilova. Dersom vi meiner at vi har ei felles utfordring for å vareta desse industriarbeidsplassane, som vi meiner er så viktige, så synest eg at vi bør bruka ein annan tone alle saman, for dette er grådig viktig.

Ivar Kristiansen vil ha anvising frå salen her om kva Regjeringa skal gjera. Eg trudde at når ein i ein interpellasjon peikte på den store utfordringa denne industrien har, og på kor viktig den er, så er det statsråden sin jobb å setja seg ned, saman med industrien, for å finna ut kva ein kan gjera for å løysa problema i fellesskap. Ivar Kristiansen seier at ein har i grunnen ikkje nokon problem i denne industrien. Men statsråden sa at han ville ha vekst. Og då spør eg: Korleis skal vi klara det? Eg trur vi har strev nok med å halda på dei arbeidsplassane vi har i dag.

Så har det vore ein retorikk som har gått på kven som har gjeve mest konsesjon til å byggja ut – kva regjering på 1990-talet som har gjort det. Det er for lite kraft, og det er bygt ut for lite kraft dei siste ti åra. Arbeidarpartiregjeringa gav altså konsesjon til å byggja gasskraftverk som ville ha gjeve atskilleg fleire TWh enn det Ingebrigt Sørfonn f.eks. seier at denne regjeringa no har fått til. Men poenget er ikkje kva ein har gjeve konsesjon til – det er ikkje bygt noko gasskraftverk. Vi må gjera noko alle saman i fellesskap for å få til noko meir.

Eg meiner at denne interpellasjonsdebatten er veldig viktig, men då må vi leggja noko retorikk til sides og be statsråden gjera noko i forhold til denne industrien, at vi ikkje har særnorske miljøkrav, men at han kan konkurrera på lik linje med andre når det gjeld miljø. Og så må ein ha tilgang til meir kraft – det er det viktigaste.

Erlend Nornes (H): Eg kan ikkje lova at all retorikk blir lagd til sides.

Det er etter mi meining lett å seia seg einig med statsråden i at interpellasjonen har ei defensiv tilnærming til kraftkrevjande industri. Prosessindustrien er ei av landets viktigaste næringar. I 2002 stod prosessindustrien for om lag 13 pst. av nasjonen sin eksportverdi og var den viktigaste eksportnæringa etter olje- og gassindustrien – føre både verkstadindustrien og fiskeindustrien. Dette er ei næring som også har gjennomført store investeringar dei siste åra, slik statsråden var inne på i innlegget sitt.

Prosessindustrien sysselset – som me har høyrt – om lag 22 000. Talet på sysselsette har rett nok vore jamt fallande sidan 1980, men dette må sjåast i samanheng med at produktivitetsveksten i dei kraftforedlande næringane det siste tiåret har vore vesentleg høgare enn gjennomsnittet for industrien. Ein skal også vera klar over at prosessindustrien dei seinare åra i stor utstrekning har skilt ut mange tenestefunksjonar. Ei verksemd som denne representanten kjenner godt, Norzink, skilde på slutten av 1990-talet ut over hundre årsverk til andre verksemder. Dette er likevel ikkje arbeidsplassar som har forsvunne frå Odda-samfunnet. Omstillingar innan prosessindustrien er difor ikkje noko nytt.

Kraftsituasjonen er sjølvsagt ei utfordring for kraftkrevjande industri. Det er likevel ikkje noko nyhende for næringa at dei politisk styrte kraftkontraktane er under utfasing. Allereie i 1994, då denne representanten arbeidde hjå Norzink i Odda, var dette eit spørsmål som stod høgt på agendaen. Norsk Hydro, Elkem, Norske Skog, A/S Saudefaldene, A/S Tyssefaldene på vegner av Norzink og Tinfos har alle funne langsiktige løysingar på krafttrongen sin, under dette langsiktige leigeavtalar. At enkelte aktørar har venta med å inngå avtalar i ein periode med stigande marknadsprisar på kraft, er sjølvsagt uheldig for dei det gjeld. Det spørst likevel om svaret på dette er å gripa inn politisk.

Ein skal også vera forsiktig med å ropa på politiske tiltak i etterkant av det som var ein ekstraordinær situasjon på kraftmarknaden i 2003. Dei høge prisane på kraft i 2003 var eit resultat av den mest nedbørsfattige hausten på femti år, og situasjonen er no i ferd med å normalisera seg. Det har likevel vorte klart for dei fleste at skal ein ha ein fungerande kraftmarknad, må også tilbodssida fungera.

Samarbeidsregjeringa har gjennomført ei rekkje tiltak for å styrkja krafttilgangen, i motsetnad til kva som skjedde då representanten Akselsen sjølv sat i regjering. Medan dåverande statsminister Stoltenberg kunngjorde at tida for større vasskraftutbyggingar var over, har denne regjeringa gjeve konsesjonar for utbygging av 1,4 TWh ny vasskraft. Det er også gjennomført skatteendringar og forenklingar i handsaminga av mindre vasskraftsaker, for å gje incentiv til nye investeringar i vasskraft. Når det blir vist til at arbeidarpartiregjeringa gav konsesjon for bygging av gasskraftverk, hjelper ikkje det i den aktuelle situasjonen, då gasskraftverka ikkje blir bygde på grunn av manglande økonomi i desse investeringane.

Ein må i tillegg ta høgd for dei kraftige forbetringane som har skjedd når det gjeld dei generelle rammevilkåra for næringslivet det siste året, t.d. nedgang i rentenivå og normalisering av kronekurs – og òg kraftig nedsetjing av avgifter og skattar. Då kan ein slå fast at inntrykket av ei regjering som ikkje gjer noko for kraftkrevjande industri, som blir forsøkt skapt – og som kom fram av innlegget frå representanten Klungland – er fullstendig feilaktig.

Heidi Grande Røys (SV): Interpellanten tek opp eit tema som ligg hjartet mitt nær, og eg er glad for at ein slik debatt gir oss moglegheit til å ha politisk merksemd på kraftkrevjande industri. Det trur eg industrien treng.

Vi har ein del einsidige, små industrisamfunn her i landet som er totalt avhengige av at industribygginga held fram, for at dei skal kunne bestå som levedyktige lokalsamfunn. Desse industriplassane er ikkje på nokon måte noko subsidiesluk, men har tvert imot levert milliardar av kroner til å byggje velferd i landet. Dette forpliktar oss til å stille opp for desse samfunna når bedriftene ikkje tek samfunnsansvaret sitt på alvor.

Spesielt er aluminiumsverka i Sogn utsette, fordi Hydro ikkje vil modernisere verka. Eg vil påstå at Hydro har ei spesiell forplikting når det gjeld desse samfunna, spesielt med tanke på at Hydro i mange år har fått svært gunstige rammevilkår frå staten si side for nettopp å utvikle bedrifta si. Vi vil at desse industristadene skal halde fram med å produsere og skape til fellesskapet – fordi dei er gode til det, og fordi modernisering og vidareutvikling av desse verka vil vere svært lønsamt. Både Sunndalsøra, Årdal og Høyanger viser at sjølv med høgare kraftpris – Høyanger-moderniseringa vil føre til ein kraftpris på 20 øre/kWh – er det lønsamt å investere i ny teknologi. Hydros nei har utelukkande si årsak i strategiske vurderingar, ikkje i bedriftsøkonomiske. Moderniseringa i Høyanger vil ha ei internrente på 22 pst., og overskotet vil – alt etter aluminiumsprisar og dollarkurs –årleg kunne liggje på eit nivå mellom 200 og 400 mill. kr. Dette takkar Hydro nei til, noko som for meg vert uforståeleg. Eg seier ikkje at kraftpris og krafttilgang ikkje er viktige rammevilkår for denne industrien, men Hydro har altså takka nei til betre rammevilkår knytte til denne spesielle avgjerda som gjeld Sogn.

Vi i SV vil likevel jobbe med rammevilkår i alle saker der vi kan putte det inn. I budsjettframlegget før jul auka vi t.d. avskrivingssatsane for maskin og utstyr med 5 pst., noko som vil gjere modernisering og investering endå meir lønsamt for bedriftene. Vi trur at satsinga på vidareforedling av aluminium i Noreg kan vere eitt verkemiddel for å halde ved lag sysselsetjinga. Vi har allereie ein framtidsretta vidareforedlingsindustri, som i stor grad leverer til bilindustrien. Fundamus i Høyanger t.d. utvidar no produksjonen med 30 pst. og går med fine overskot – med, morosamt nok, kommunal eigarskap.

Gjennom målretta satsing på å utvikle kompetansen innanfor nye marknader sikrar vi at aluminium held fram med å vere eit materiale som medverkar til vekst og sysselsetjing. Men då må vi satse endå meir på forsking og utvikling. Produksjon av primæraluminium og vidareforedling av aluminium er forskings- og kompetanseintensivt! Vi har nettopp den føremonen. Det er jo i Årdal at Hydro har utvikla prebake-teknologien. Smelteverket i Høyanger vart kåra til verdas sikraste aluminiumsverk – fekk «Raising to the Challenge Award» for 2003 – og har altså det lågaste fluorutsleppet i verda, så alt dette kan vi. Det handlar berre om å satse vidare.

Torny Pedersen (A): For meg som kommer fra industrifylket Nordland, er dagens interpellasjon interessant. Snart er Nordland ikke lenger et industrifylke, selv om representanten Kristiansen skryter veldig av resultatene. Industrien i Rana vil fra 2005 merke de store økningene og ikke minst svingningene som kraftmarkedet i Norge er inne i. Da går kraftkontraktene ut.

Fundamentet for industrien i Rana er forankret i kraftressursene etter nedleggingen av Jernverket på slutten av 1980-tallet. Prisen på disse kraftressursene var gunstig for industrien. Under omstillingen av industrien i Rana var det en forutsetning for å lykkes at industrien fikk beholde kraftkontraktene. Og ikke nok med det. Det ble også lovet at de skulle forlenges i god tid før utløpet i 2005 for å sikre en videre positiv utvikling av Rana-samfunnet. I ettertid vet vi hva som skjedde i den saken.

Det er lov til å stille seg spørsmålet om det er riktig at Norge er og har vært det snilleste landet innenfor EØS. Det er et tankekors at norske myndighetsbestemte industrikraftvilkår har vært åpne og offentlig tilgjengelige, mens de i EU er unntatt offentlighet, selv i direktivet om prisinnsyn.

Det er viktig å merke seg at alle de 98 bedriftene i Mo Industripark er avhengige av hverandre, og at alle på en måte er avhengige av at de store bedriftene består – slike som Fundia, Fesil Rana Metall og gamle Elkem Rana.

Etter 2005, med stipulerte kraftpriser da, vil industriparken få en merkostnad på om lag 240 mill. kr. Det paradoksale er at Rana ligger i et overskuddsområde når det gjelder kraft. Og dersom industrien til slutt må legge ned, vil dette være kraft som ingen kan benytte seg av, da overføringsnettet har for liten kapasitet. Kunne denne overskuddskraften gått tilbake til bedriftene, ville kraft også i framtiden kunnet være et konkurransefortrinn for norske kraftintensive virksomheter.

Vi er også kjent med problemene rundt arbeidsgiveravgiften sist høst. Dette slår sterkt ut for bedriftene i Mo Industripark, også for servicebedriftene. Så vi er, som interpellanten sier, inne i en krevende tid. De fleste distriktspolitiske virkemidlene er på vei ut. Man kan spørre seg om det fra Regjeringens side er en villet politikk, eller om Regjeringen vil gå i bresjen for å komme med tiltak. Det er ikke nok med et positivt miljøregnskap.

Olav Akselsen (A): Eg vil takka for det engasjementet mange har lagt for dagen i dag, men eg må likevel seia at eg er noko overraska over den tonen folk har valt å leggja seg på. I min interpellasjon har eg ikkje angripe nokon, men prøvd å beskriva ein del problem som eg oppfattar er der, og som me i fellesskap har eit ansvar for å løysa. Derfor er eg litt overraska over at eg blir angripen på den måten eg har blitt det.

Eg håpar sjølvsagt det er grunnlag for å seia at eg er optimistisk. Eg stod på torget i Årdal i lag med 2 500 årdølingar som var bekymra for framtida si. Eg håpar òg at det ikkje var grunnlag for den pessimismen som mange følte der.

Eg er glad for at både næringsministeren og representanten Kristiansen ser lyst på framtida. Det er rett nok slik at det har vore store investeringar i denne bransjen dei siste åra. Men i dag er det nesten ingen investeringsplanar. Derimot er det veldig mange rasjonaliserings- og nedstengingsplanar. Og dei fleste bedriftene som opererer innanfor denne marknaden, seier at Noreg ikkje er den staden dei vil bli i framtida.

Det at eg har fremja denne interpellasjonen, betyr ikkje nødvendigvis at eg eller Arbeidarpartiet har alle svara. Men eg føler likevel at situasjonen er så alvorleg at nokon må byrja denne debatten.

Dei fleste som har delteke i debatten i dag, har skote på Arbeidarpartiet og på meg. Me har sikkert vår del av ansvaret, men eg trur dessverre ikkje det hjelper alle dei som i dag er bekymra for å miste arbeidsplassane sine. Det eg ønskte med interpellasjonen, var å gje næringsministeren ei moglegheit til å beskriva den politikken han og Regjeringa har på dette området. Eg må konstatera at Regjeringa ikkje har nokon spesiell politikk på dette området.

Eg er einig i at me må ha dei generelle rammevilkåra på plass, men for denne bransjen er det ikkje nok. Me må ha tilgang på kraft! No blir det mykje ledig kraft, for langsiktige kontraktar går ut. Derfor meiner eg at me bør nytta dei moglegheitene som me har til å undersøkja om det innanfor EØS-reglane går an å laga ein eigen marknad for kraft til industrien. Alle andre land har det.

Eg må seia at eg tar ikkje så veldig seriøst dei som ikkje har orden på økonomien, dei som vil føra ein politikk som gjer at renta blir skyhøg. Eg må òg seia at når folk frå eit parti som har gjort alt det har kunna for å hindra at me skal ha tilgang til kraft i Noreg, er bekymra for den kraftkrevjande industrien, tek eg heller ikkje det særleg alvorleg.

Ein kan skulda meg for mykje, men å skulda meg for at eg har jobba mot å byggja gasskraft i Noreg, er heilt urimeleg. I den tida eg var energiminister, gav me løyve til å byggja ut 12 TWh. Mange har sagt at det hjelper ikkje i dag. Det har aldri vore slik at den siste utbygginga har vore lønsam. Men hadde desse gasskraftverka vore utbygde, hadde me sjølvsagt hatt ein lågare generell pris i kraftmarknaden.

Konklusjonen etter denne debatten er at Regjeringa ikkje vil gjera noko spesielt. Bekymringa er lita. Eg håpar folk i Mo i Rana, som om 14 månader får tredobla kraftprisen i sine bedrifter, merkar seg det.

Statsråd Ansgar Gabrielsen: Jeg kan være enig med representanten Akselsen i at det har vært ispedd en del retorikk i debatten. Det tar jeg kanskje mer som et tegn på at de gode ideene og forslag til konkrete handlinger og grep for å motvirke utfasing av myndighetsbestemte kraftkontrakter, som er et problem for enkelte av bedriftene, ikke er så lett å finne. Men jeg kan ikke annet enn å kommentere et par–tre av de punktene som har vært oppe.

Det er klart at jeg deler representanten Akselsens vurderinger når en hører SV-representanter snakke med bekymring om denne industrien. Det fremstår i hvert fall som noe hult. Det å peke på Hydro som selve problemet blir nokså underlig – et selskap som de siste ti årene har investert 1,5 milliarder kr pr. år.

Når det gjelder hva vi har gjort, og hva vi ikke har gjort de siste ti årene i forhold til kraftbalanse og kraftutbygging, så vet Stortinget bedre enn noen andre at det har vært relativt liten kraftutbygging. Representanten Klungland henviste til en uttalelse fra meg den 27. februar 1997 om behovet for å fremskaffe mer kraft. I likhet med representanten Akselsen kan jeg vel neppe beskyldes for å ha vært den største miljøaktivisten i denne salen, enten det har dreid seg om vannkraft eller andre forhold. Og det var ikke undertegnede som holdt nyttårstale og antydet at kraftutbyggingens tid var over. Det var helt andre.

Jeg tror debatten egentlig også er et uttrykk for et faktum som vi må legge til grunn, og som representanten Akselsen snakket om, at Norge ikke er det stedet der det vil bli investert. Vi kan utvide det til å si at det har formodningen for seg at Europa ikke vil være det stedet hvor det vil bli foretatt de store investeringene i ny produksjonskapasitet. Det har ganske enkelt å gjøre med at det er to–tre andre store land i verden – hvor man har innelåste kraftressurser, hvor man ikke har overføringskapasitet – som fremstår som mer attraktive, fordi man der kan få kraften billigere, ikke fordi den er subsidiert, men fordi kapasiteten er så stor og mulighetene til å selge den er færre enn her.

Jeg tror imidlertid at man innenfor denne bransjen vil fortsette med videreutvikling, med – jeg holdt på å si – innovasjonsprosesser som gjør at vi med samme energimengde, men med langt færre ansatte, har økt kapasiteten med 50 pst. de siste 20 år. Det er et faktum, og det vil nok også fortsette. Det er nok også en del av problembildet, når man skal være helt ærlig. For det er jo klart at det jobber mange tusen færre i denne bransjen, som altså produserer 50 pst. mer.

Jeg opplever at det i bransjen tross alt er en betydelig grad av optimisme. Og det går rimelig bra for tiden, nettopp fordi man har fått orden på de helt grunnleggende ting. Det er ingen tvil om at man i denne bransjen skulle ønske at man kunne ha fått kraft til en helt annen pris. Jeg tror det blir vanskelig å vedta politisk bestemte priser, men det vi opplevde forrige vinter, tror jeg vi skal bli spart for – forhåpentligvis i lang tid.

Presidenten: Med disse ordene er debatten i sak nr. 3 over.