Stortinget - Møte onsdag den 25. februar 2004 kl. 10

Dato: 25.02.2004

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 10

Magnar Lund Bergo (SV): Jeg vil gjerne stille følgende spørsmål til kulturministeren:

«I januar 2003 vedtok styret i NRK å slå sammen 7 distriktskontorer til 3. Hensikten var å effektivisere ledelse og administrasjon for å styrke journalistikken. Kulturministeren godkjente sammenslåingen, men uttrykte til Dagsnytt 9. januar 2003 at det var avgjørende at de journalistiske ressursene ble styrket. I siste utgave av Journalisten kommer det fram at disse kontorene i dag har mindre journalistiske ressurser som følge av sammenslåingen.

Mener statsråden dette er i tråd med intensjonene for sammenslåingen?»

Statsråd Valgerd Svarstad Haugland: Eg har på vanleg måte lagt spørsmålet frå representanten Lund Bergo fram for leiinga i NRK.

NRK sin distriktsorganisasjon har gjennomgått omfattande omorganisering og effektivisering dei siste åra. Målet har vore å styrkja den journalistiske slagkrafta og samstundes få NRK sine budsjett i balanse.

Ein del av innsparingane i 2002 og 2003 vart gjord i samband med samanslåinga av distriktskontora i Hedmark og Oppland, i Trøndelag, i Nord-Noreg og på vestsida av Oslofjorden. Det var heile tida ein føresetnad at innsparingane primært skulle skje innanfor leiing, administrasjon og støtteapparat. I tillegg skulle etableringa av fleire fellessendingar frigjera ressursar til auka journalistisk satsing i dei aktuelle regionane.

NRK opplyser at sjølv om redaksjonelle ressursar i nokon grad òg er ramma, er hovuddelen av innsparingane gjord gjennom effektiviseringar i leiing og administrasjon. I tillegg har etablering av fleire fellessendingar frigjort ressursar, slik at det i dag står fleire journalistårsverk bak kvart sendeminutt på dei fire samanslåtte kontora enn det var tidlegare. Samanslåing av distriktskontora har òg opna for å oppretta fleire nye lokalkontor.

NRK opplyser òg at dei no har sett i gang arbeidet med å flytta ut journalistårsverk frå Marienlyst til distrikta. Kirkenes, Trondheim og Bergen har difor fått tilført nye journaliststillingar frå januar 2004.

Hovudsaka må etter mi meining vera at kvaliteten på sendingane blir like gode eller betre. Eg kan her nemna at lyttartalet for 2003 viser auka oppslutnad om distriktssendingane. I fjor lytta kvar tredje nordmann dagleg til minst éi distriktssending. Nord-Trøndelag og Hedmark var to av fylka som hadde størst auke i lyttaroppslutnad. Dette tyder på at samanslåinga ikkje har gått utover kvaliteten på det redaksjonelle produktet.

Magnar Lund Bergo (SV): Jeg takker for svaret.

Som statsråden er også jeg glad for at NRK befester sin sterke posisjon, og jeg er også glad for at våre verste antakelser om hva denne rasjonaliseringen kunne ha ført til, ikke har slått til. Det ser ut for meg som om dette lykkes i en slik grad – og det vil ikke overraske meg – at NRKs ledelse nå ser fram mot å organisere hele NRKs Distrikts-Norge i fem-seks regionkontor. At det er flere som hører på sendingene, er nå én ting, men er disse spurt om de foretrekker de lokale sendingene eller storregionsendingene? Slike målinger er ikke gitt.

Det andre er at ledelsen i NRK sier at det er flere journalistårsverk pr. sendte minutt. Selvfølgelig, det må det bli, men er det ikke riktigere å spørre om det er mer journalistisk arbeid pr. lytter?

Statsråd Valgerd Svarstad Haugland: Eg synest det siste spørsmålet er litt vanskeleg å svara på. Det som er viktig for lyttarane, er at det er gode program som blir sende. Det er opplagt at det at ein brukar fleire journalistminutt pr. minutt som blir sendt, bør i alle fall bety at kvaliteten blir heva. Med så mange tilbod som vi har i dag, på ulike radiokanalar, opplever vi at det er fleire som lyttar på distriktssendingane, og det betyr at det er kvalitet over dei. Dersom dei ikkje gir oss noko av kvalitet, lyttar vi heller ikkje på dei. Den norske befolkninga blir meir og meir oppteken av kvalitet og av kva dei lyttar til, og dei lyttar til det dei synest er best å lytta til.

Når dei kontora som har vore med i ein samanslåingsprosess, får den største auken i lyttartal, tek i alle fall eg det som eit teikn på at lyttarane er nøgde. For meg er det viktige som generalforsamling i NRK å følgja med på at programma blir betre, og at kvaliteten blir heva, og så langt har eg ikkje grunn til å bli uroa.

Magnar Lund Bergo (SV): Etter at det ble kjent at vi ville ta opp dette spørsmålet i spørretimen, har vi fått mange henvendelser fra ansatte i NRK, og det samme går igjen fra alle. Det har blitt kuttet i journaliststillinger ved alle de sammenslåtte distriktskontorene. Mener statsråden at de ansatte ved disse kontorene tar feil, at de ikke kan telle? I Finnmark, f.eks., har man redusert fra 44 ansatte til 32 i løpet av de siste tre årene, og ved alle de gjeldende kontor som er rammet av sammenslåing, er det færre journaliststillinger. Samtidig har NRK fått 100 flere ansatte i løpet av et år, og vi er også gjort kjent med at NRK legger opp til å kutte journalistårsverk videre ved alle de sammenslåtte kontorene i løpet av neste halvår. Mener statsråden at NRK-ledelsen har gitt henne fullgod informasjon i denne saken, og hva vil statsråden gjøre? Vil statsråden gjøre noe for å stoppe den reelle nedbemanningen ved distriktskontorene?

Statsråd Valgerd Svarstad Haugland: Som eg sa i det fyrste svaret mitt, opplyser NRK at dei har sett i gang eit arbeid med å flytta ut journalistårsverk frå Marienlyst til distriktskontora. Eg nemnde bl.a. Kirkenes som eit av dei kontora som har fått auka bemanning i inneverande år. Talmaterialet som det vart opplyst om i artikkelen i Journalisten, er feil. Det er ein reduksjon i talet på journaliststillingar eller redaksjonelle årsverk, det er rett, men ikkje så stor reduksjon som bladet Journalisten opplyste om.

Poenget er at når NRK skal få økonomien i balanse, må dei òg sjå på årsverka. Det dei seier, er at dei fleste av dei reduksjonane som har skjedd, har kome på administrative stillingar, tekniske stillingar og ikkje på journaliststillingar, for det er noko av det dei ynskjer å hegna om. At det òg er ein reduksjon der, må vi godta, men vi må følgja nøye med på at kvaliteten på programma ikkje blir dårlegare, og der er eg heilt sikker på at lyttarane vil gi oss ganske klare signal i forhold til lyttartal.

Så følgjer eg vidare med i det som skjer i NRK, og ein del av det som representanten antyder kjem til å skje, er iallfall informasjon som eg ikkje kjenner til. Den skal eg innhenta for å sjå kva vi eventuelt skal gjera med det.