Stortinget - Møte onsdag den 10. november 2004 kl. 10

Dato: 10.11.2004

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 21

Bendiks H. Arnesen (A) [13:18:08]: Jeg har et spørsmål til miljøvernministeren:

«I Vesterålen og en del andre områder i landet har bønder hatt store tap på grunn av enorme mengder gås som beiter ned og ødelegger grasarealene. Forholdet har vært belyst gjennom både prøvetiltak og prosjekter. Nå etterspørres en mer varig forvaltningsordning for gås, der også miljøvernmyndighetene er med.

Hva vil statsråden gjøre for å ivareta de langsiktige miljømessige og næringsmessige forhold i denne saken, også sett i lys av internasjonale avtaler og ansvar?»

Statsråd Knut Arild Hareide [13:18:45]: Fleire artar av viltlevande gjæser trekkjer over landegrensene i Europa og har viktige leveområde i Noreg. Ofte beiter dei trekkjande gjæsene på eit relativt lite jordbruksareal og kan påføre einskilde bønder monalege avlingstap. Dette gjer seg gjeldande spesielt i visse område i Nord-Trøndelag og i Nordland. Eg har forståing for at dei bøndene som blir ramma av desse tapa, føler at dei ikkje kan ta ansvaret aleine.

Noreg har slutta seg til internasjonale avtalar som forpliktar oss til å ta vare på det biologiske mangfaldet. Mellom anna er Noreg tilslutta Bonn-konvensjonen om vern av trekkjande artar av ville dyr.

I stortingsmeldinga om Noregs oppfølging av konvensjonen om biologisk mangfald, St.meld. nr. 42 for 2000–2001, er det lagt til grunn at alle styresmakter, næringar og andre relevante aktørar skal ta del i arbeidet med berekraftige bruk og vern av det biologiske mangfaldet.

Viltstyresmaktene har vore merksame på problematikken med gjæser og jordbruk i samband med handteringa av verkemidla i viltlova, som spesielt gjeld felling av gjæser. Mellom anna er det fastsett jakttid for artar der dette er forsvarleg. Det er likevel klart at felling av gjæser ikkje er eit tilstrekkeleg verkemiddel i dette tilfellet.

Ved jordbruksoppgjeret i 2003 blei det stilt 1 mill. kr til disposisjon for eit prosjekt som skal resultera i forskningsbaserte tilrådingar om effektive tiltak for forvalting av gås. Nasjonale og internasjonale forpliktingar skal takast omsyn til, og det skal gjerast ei avveging av omsyn til miljøvern og landbruk. Fylkesmannen i Nordland og fylkesmannen i Nord-Trøndelag har ansvar for prosjektet, og ein skal komma med ein sluttrapport ved utgangen av 2004. Når resultata av dette prosjektet ligg føre, vil Miljøverndepartementet og Landbruksdepartementet vurdera korleis ulike tiltak mest effektivt kan verka saman i denne saka.

For 2005 blir det også over jordbruksavtalen sett av til saman 350 mill. kr til regionale miljøprogram og vel 100 mill. kr til kommunale miljøverkemiddel i landbrukssektoren. Midlane blir fordelte til dei einskilde fylka og kommunane for å stimulera til ei landbruksdrift som tek omsyn til dei samla regionale og lokale miljøutfordringane for sektoren. I regionar der omsynet til trekkjande artar av gås inngår som ei viktig miljøutfordring, vil offentlege midlar kunna prioriterast til slike tiltak.

Eg meiner derfor at miljø- og landbruksstyresmaktene har hatt ei aktiv tilnærming til tiltak. Denne innsatsen vil me vidareføra.

Bendiks H. Arnesen (A) [13:21:22]: Jeg takker statsråden for svaret.

Det er jo slik at de fleste gåseartene i Europa har økt til dels kraftig de siste ti årene, og de øker fortsatt. Og jakten er blitt mindre. Så er det slik at endringer i landbruket og bruk av beiter har ført til at gåsa også har trukket inn på innmarka. Ved en bedre forvaltning av gåsa ville den kunne ha blitt en ressurs istedenfor at den nå er en konfliktgrunn. Jeg har ikke hørt noen som vil ha bort all gås. Planer for en bedre forvaltning er lagt, som statsråden her nevner, og det er fortsatt ting på gang for å forebygge disse skadene.

Men jeg har lyst til å spørre om statsråden ser på dette som en ren miljøsak og ikke som noe som i de områdene som er rammet, økonomisk skal belastes bøndene, f.eks. gjennom å bruke midler over jordbruksavtalen. Vil statsråden se på dette som en miljøsak og håndtere økonomien i prosjektene ut fra det?

Statsråd Knut Arild Hareide [13:22:29]: Eg forstår godt den problematikken som representanten Arnesen tek opp. Det er enkeltpersonar som har betydelege utfordringar når det gjeld desse problema. Og som representanten òg sa, har problema auka.

Eg er glad for at me har fått til eit prosjekt. I det prosjektet er både Landbruksdepartementet og Miljødepartementet inne. Eg synest det er viktig å ha eit tett samarbeid her. Dette er ei sak som er viktig for miljøet. Me har teke på oss internasjonale forpliktingar når det gjeld å ta vare på artane. Men dette rammar òg bøndene. Bondelaget har vore oppteke av denne saka. Me har no eit prosjekt som me jobbar med. Eg trur nettopp at eit samarbeid mellom miljømyndigheitene og landbruksmyndigheitene er det som blir viktig i denne saka framover, så eit samarbeid er det eg vil leggja til rette for.

Bendiks H. Arnesen (A) [13:23:29]: Mitt poeng er at jeg ikke ønsker at bøndene, i tillegg til å være belastet med dette problemet, også skal bli økonomisk belastet.

Jeg vet at det er en stor vilje og et stort engasjement for å finne løsninger i de områdene som er berørt. Og det er viktig at man nå følger opp. Når planen er ferdig, må man følge opp, og så må man gjøre de ting som er nødvendige, slik at det ikke blir handlingslammelse.

Så har jeg lyst til å spørre i forhold til dette som går på internasjonale avtaler: Vil statsråden ta disse tingene opp? For det er klart at det berører internasjonale avtaler, det er internasjonale forhold som gjør at vi er i denne situasjonen. Vil statsråden ta disse spørsmålene opp i et internasjonalt perspektiv, for å få gjort de nødvendige framstøt også der?

Statsråd Knut Arild Hareide [13:24:29]: Til representanten Arnesens spørsmål vil eg seia at Noreg allereie i dag er ein talsmann for berekraftig utvikling når det gjeld alle artar. Det er me forplikta til i forhold til internasjonale konvensjonar. Nettopp å ha ei sunn utvikling av artane er viktig. Så allereie i dag er me talsmenn for å sikra ein berekraftig bruk av det biologiske mangfaldet. Eg vil fokusera på denne saka, fordi me ser at det er eit aukande problem. Men som eg sa i det førre svaret mitt, er det viktig at det blir eit samarbeid mellom miljømyndigheitene og landbruksmyndigheitene. Det trur eg er den beste vegen å gå for å sikra ei løysing på sikt.