Stortinget - Møte onsdag den 10. november 2004 kl. 10

Dato: 10.11.2004

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 22

Øystein Hedstrøm (FrP) [13:25:35]: Jeg har et spørsmål til vår ærede miljøvernminister:

«Vansjø, som er drikkevannskilde for 60 000 mennesker, må renses snarest mulig, sier Statens forurensningstilsyn i en rapport til miljøvernministeren. Tilsynet mener det trengs strakstiltak for 100 mill. kr for å redde vassdraget. Ved et besøk i Våler 1. november i år lovet statsråden mer midler til rensing av sjøen.

Hvilke midler vil bli gitt, og hvilke rensetiltak vil bli prioritert?»

Statsråd Knut Arild Hareide [13:26:15]: I sommar bad eg Statens forureiningstilsyn om ein statusrapport for situasjonen i Vansjø-Hobølvassdraget.

Rapporten frå SFT konkluderer med at Vansjø er sterkt overbelasta av næringssalt. Forureininga kjem i hovudsak av utslepp av avløpsvatn og avrenning frå landbruket. Det er derfor viktig med ein kraftig reduksjon av tilførslane av næringssalt frå begge desse kjeldene.

Rapporten viser òg at etableringa av Morsa-prosjektet i 1999 har gitt betydelege reduksjonar i utsleppa. Eg er imponert over det arbeidet kommunane og Morsa-prosjektet har gjort. Den heilskaplege tilnærminga til forureiningsproblema og lokal medverknad i tråd med EUs rammedirektiv for vatn har her vore viktig.

SFT meiner at situasjonen i vestre del av Vansjø er så alvorleg at ein i tillegg til å redusera tilførslane av fosfor til vassdraget òg bør vurdera nærare ekstraordinære tiltak direkte i sjøen. Dette kan vera utfisking av spesielle fiskeartar, tilførsel av oksygen, hausting av vegetasjon, endringar i reguleringa av vassføringa gjennom vassdraget, o.a.

Eg har som miljøvernminister eit særleg fokus på Vansjø. Eg har no bedt SFT innleia eit samarbeid med Morsa-prosjektet for å styrkja arbeidet med å betra vasskvaliteten i vassdraget, og SFT skal særleg sjå på moglege innsjøinterne tiltak. I Regjeringa sitt forslag til statsbudsjett er kap. 1441 post 39, Oppryddingstiltak, foreslått auka med 14 mill. kr, og ein del av desse midlane er foreslått til meir ekstraordinære tiltak i Vansjø. Den konkrete fordelinga av midlar over posten vil bli klar når me har oversikt over dei prosjekta som kvalifiserer for støtte.

Det primære tiltaket for å betra vasskvaliteten i Vansjø vil framleis vera redusert avrenning frå landbruket og betre avløpsreining. Eg vil streka under at opprydding på avløpssektoren i vassdraget er eit kommunalt ansvar. Her gjeld prinsippet om at forureinar skal betala. Budsjettposten der Miljøverndepartementet støtta avløpstiltak i Vansjø-Hobølvassdraget, har med Stortingets tilslutning blitt overførd til Kommunal- og regionaldepartementet. Morsa-kommunane vil likevel både i år og i dei neste tre åra få auka rammetilskott frå Kommunal- og regionaldepartementet som ein konsekvens av denne overføringa.

Trass i at lokale bønder i løpet av dei siste tre åra har gjennomført imponerande utsleppsreduksjonar, står det framleis att utfordringar på landbruksområdet.

Krafttaket for å redda Vansjø må halda fram, og Miljøverndepartementet og SFT vil søkja å løysa dette i samarbeid med kommunale og regionale myndigheiter og landbrukssektoren.

Øystein Hedstrøm (FrP) [13:29:00]: Jeg takker statsråden for svaret.

Det er gledelig at Miljøverndepartementet nå har satt opprensingstiltak av Vansjø-Hobølvassdraget høyt på den politiske dagsorden. Men når vi går inn i de forskjellige budsjettene, er det vanskelig å få tak i hvilke midler og hvilke konkrete tiltak – det vil være avhengig av midlenes størrelse – som skal iverksettes.

Jeg er også enig med statsråden når han sier at det må være et spleiselag, og at det er kommunene som har ansvar. Men det er også slik, særlig når det gjelder landbrukssektoren, at storting og regjering er ansvarlig for landbrukspolitikken, altså kanaliseringspolitikken, der korn, gress osv., som dyrkes mye i Østfold og i østlandsområdet, betyr stor avrenning av nitrogen og fosfor til våre vassdrag. Så på bakgrunn av det: Alle partiene har sluttet seg til kanaliseringspolitikken, unntatt Fremskrittspartiet. Men da bør også Regjeringen ta det ansvaret og bevilge mer midler for å foreta en rensing av sjøen, og det bør foregå over lengre tid.

Statsråd Knut Arild Hareide [13:30:09]: Eg sluttar meg til den beskrivinga representanten Hedstrøm har av det viktige arbeidet som er i Vansjø. Eg er òg imponert over det lokale arbeidet som blir gjort. Eg var sjølv på synfaring i Vansjø-området for eit par veker sidan, og opplevde der det arbeidet som er gjort. Eg hadde òg møte med SFT i går, der me diskuterte Vansjø-prosjektet.

Eg er ueinig i den beskrivinga at me ikkje har lagt til rette for dette. Me aukar no posten med 14 mill. kr, og me vil altså òg stilla midlar til disposisjon for Vansjø-prosjektet. Eg forventar, og det syner òg den dialogen me har hatt med dei lokale aktørane, at det vil komma ein søknad til departementet. Når den søknaden kjem, vil me vurdera det. Dette er eit viktig arbeid, og me ønskjer å vera med og stø opp om det.

Øystein Hedstrøm (FrP) [13:31:06]: Jeg takker statsråden for tilleggssvaret.

Jeg vil gripe fatt i det han sa om at forurenser skal betale, og at dette er et ansvar for dem som forurenser. Da er det et paradoks at industri og næringsliv får rigorøse regler når det gjelder utslipp – og det kan være bra, fordi man må bygge dyre renseanlegg osv. – mens landbruket, som er den største banditten i dramaet når det gjelder Hobøl-Vansjøvassdraget, har fått støtte i mange år for ikke å forurense. Det kan være støtte til ikke å høstpløye og andre tiltak. Må man ikke etter hvert stille strengere krav til landbrukssektoren hvis ikke Vansjø skal bli ødelagt som drikkevannskilde?

Statsråd Knut Arild Hareide [13:31:52]: Dette er jo ei drikkevasskjelde for over 60 000 personar, og det er klart at når ein opplever dette engasjementet lokalt, er det både fordi ein har dette som drikkevatn, og fordi dette er eit så viktig område.

Så til spørsmålet om landbrukssektoren – eg er ikkje nødvendigvis heilt einig i den beskrivinga. Det er òg gjort eit betydeleg arbeid i forhold til landbrukssektoren, og det er gjort nødvendige tiltak. Gjennom Morsa-prosjektet har òg landbruket gjort nødvendige tiltak her.

I diskusjonen ein har hatt i samband med Morsa-prosjektet, har ein òg vurdert om ein må ha strengare tiltak. Det trur eg er nødvendig å vurdera no, fordi me har sett at sjølv om det er gjort nødvendige tiltak, er ikkje den jobben – på langt nær – god nok. Men eg synest ikkje den vurderinga gjeld landbrukssektoren aleine, det er òg andre sektorar der me må vurdera tiltak i forhold til avløp.