Stortinget - Møte tirsdag den 23. november 2004 kl. 10

Dato: 23.11.2004

Dokumenter: (Innst. S. nr. 32 (2004-2005), jf. Dokument nr. 2 (2003-2004))

Sak nr. 9

Innstilling fra kontroll- og konstitusjonskomiteen om Riksrevisjonens melding om virksomheten i 2003

Talere

Votering i sak nr. 9

Modulf Aukan (KrF) [11:05:01]: Riksrevisjonen sine oppgåver kan delast inn i rekneskapsrevisjon, forvaltningsrevisjon og selskapskontroll. Ei overordna målsetjing for alle Riksrevisjonen sine oppgåver er at desse skal hjelpa til slik at staten sine inntekter vert betalte inn som føresett. Ein skal også kontrollera at staten sine midlar og verdiar vert brukte og forvalta på ein økonomisk forsvarleg måte og i samsvar med Stortinget sine vedtak og føresetnader.

I Dokument nr. 2 for 2003–2004 peikar Riksrevisjonen bl.a. på at det den seinare tida har vore gjennomført store endringar i forvaltninga. Fleire kommunale oppgåver har vorte statlege. Det fylkeskommunale sektoransvaret på barneverns- og familievernsområdet vert t.d. overført til staten 1. januar 2004. Riksrevisjonen overtok på det same tidspunktet revisjonsansvaret for desse institusjonane. Slike endringar i organiseringa av det offentlege Noreg fører også til endringar i Riksrevisjonen sin kontroll med forvaltninga. Utviklinga går i retning av eit klarare skilje mellom politikk, forvaltning og tenesteyting.

Også den nye ordninga med moglegheit for konkurranseutsetjing av kommunal revisjon gjev auka oppgåver for Riksrevisjonen. IKT-utviklinga skaper dessutan utfordringar for etaten. Men eg er glad for at det no vert gjennomført tiltak for å møta dei utfordringane som den tekniske utviklinga gjev. På vegner av Kristeleg Folkeparti vil eg gje Riksrevisjonen honnør for ei god årsmelding.

Stortinget forventar at Riksrevisjonen arbeider uavhengig og er ein kompetent organisasjon, og at ein opptrer aktsamt og objektivt. Eg opplever det slik at Riksrevisjonen fyller dei måla som er oppstilte for arbeidet. Eg har også merka meg at årsrapporten strekar under poenget med å formidla rapportane med lett språk, slik komiteen tidlegare har streka under.

Riksrevisjonen hadde i 2003 ei ramme på 465 årsverk. Dette er ein betydeleg stab. Ein må kunna slå fast at Riksrevisjonen har ein svært stor fagkunnskap. Det er eit ønske at Stortinget skal kunna dra enda større nytte av denne kunnskapen enn i dag. Eg vil be om at Riksrevisjonen i sine forvaltningsrapportar fokuserer meir på kva slags effekt stortingsvedtak har hatt for innbyggjarane. Som tillitsvald for innbyggjarane spør eg meg ofte: Har dei oppsette måla vorte nådde gjennom forvaltninga si iverksetjing av stortingsvedtaka? Svaret på dette trur eg Riksrevisjonen har moglegheit til å gje Stortinget i større grad enn det som kjem fram av forvaltningsrapportane, slik desse vert utforma i dag. Eg trur også det ville vera nyttig for kontroll- og konstitusjonskomiteen at representantane frå Riksrevisjonen presenterte forvaltningsrapportane sine i møte med komiteen. Vi ville da hatt moglegheit til å få ein dialog om rapporten. Eg vil vurdera å ta initiativ til at ein slik praksis vert innførd.

Til slutt vil eg igjen rosa Riksrevisjonen for det arbeidet som er utført i 2003. Som medlem av kontroll- og konstitusjonskomiteen ser eg fram til nye og innhaldsrike revisjonsrapportar frå Riksrevisjonen.

Kjell Engebretsen (A) [11:09:08]: Det er spennende tanker representanten Aukan presenterer her. Han sier at han nå vil ta initiativ til at det blir innført en slik praksis, altså at Riksrevisjonen får den type oppgaver i sine årsmeldinger. Vi avviser ikke dette på noen som helst måte, men vi vil gjerne se hva Aukan kommer med i neste runde, slik at vi kan ta endelig stilling til det da.

Presidenten: Hvis presidenten hørte riktig, sa representanten Aukan at han ville overveie å ta initiativ. Det betyr vel at han foreløpig er i tenkeboksen. Det er jo et populært oppholdssted.

Flere har ikke bedt om ordet til sak nr. 9.

(Votering, se side 452)

Votering i sak nr. 9

Komiteen hadde innstillet:

Dokument nr. 2 (2003-2004) – Riksrevisjonens melding om virksomheten i 2003 – vedlegges protokollen.

Votering:Komiteens innstilling bifaltes enstemmig.