Stortinget - Møte onsdag den 15. mars 2006 kl. 10

Dato: 15.03.2006

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 12

Borghild Tenden (V) [12:46:31]: Jeg har følgende spørsmål til samferdselsministeren:

«Både ved behandlingen av Nasjonal transportplan og i valgkampen gikk de tre regjeringspartiene inn for å øke bevilgningene til samferdselsformål utover regjeringen Bondevik II. I innstillingen til Nasjonal transportplan, Innst. S. nr. 240 for 2003-2004, gikk Senterpartiet inn for å øke rammen til samferdselsformål med 30 mrd. kr i perioden 2006–2015.

Hvordan er fremdriften til statsråden for å nå målet om en økning på 30 mrd. kr innen 2015?»

Statsråd Liv Signe Navarsete [12:46:10]: Ved handsaminga av stortingsmeldinga om Nasjonal transportplan som Bondevik II-regjeringa la fram, hadde dei tre noverande regjeringspartia kvar sine framlegg om auke av rammene. Etter at framlegga frå Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti var forkasta, røysta dei subsidiært for framlegget frå Arbeidarpartiet, som fekk fleirtal.

I valkampen gjekk partia naturleg nok inn for å få tilslutnad til sine program, men gjorde det samstundes klart at dei ville forhandle om ei sams politisk plattform for eit regjeringssamarbeid. Resultatet av desse forhandlingane framgår av Soria Moria-erklæringa. I denne er det uttalt at Regjeringa vil auke satsinga på samferdsel i tråd med Stortingets vedtak. Dette inneber ein rammeauke på 22 milliardar kr i høve til framlegget frå Bondevik II-regjeringa, og er altså det aktuelle målet for Regjeringa i dag.

Dette betyr ei sterk satsing. I den korte tida Regjeringa hadde til å endre budsjettframlegget frå Bondevik II-regjeringa hausten 2005, fekk me til ein klar auke i løyvingane til samferdsel, men ikkje så stor som ynskjeleg. I åra framover vil Regjeringa i sin budsjettpolitikk leggje felleserklæringa til grunn, medrekna auka satsing på samferdsel. Som kjent vert budsjettet vedteke for eit år om gongen, og eg kan ikkje her og no gi noko tal for komande budsjett.

Det er òg ein klar føresetnad for ein langtidsplan at budsjetta på ein ansvarleg måte må tilpassast den finanspolitiske situasjonen for det einskilde året. Lat meg her sitere kva ein samla komite uttalte i Innst. S. nr. 240 for 2003-2004 om Nasjonal transportplan, jf. side 8:

«Komiteen har merka seg at Regjeringa understreker at planen først og fremst er ein prioriteringsplan, og at oppfylging vil skje i det einskilde budsjett. Komiteen vil understreka at planen òg i framtida skal vera ein plan for framdrift av prosjekt, og at planen på den måten legg sterke føringar for dei årlege budsjetta.»

Regjeringa vil leggje dette til grunn for sin budsjettpolitikk.

Borghild Tenden (V) [12:48:12]: Jeg takker statsråden for svaret.

Jeg ser at Senterpartiet ikke følger opp sine lovnader i forbindelse med NTP, og det er beklagelig at de reverserer det de har lovet. Det har jo vært veldig mye skryt av disse 460 millionene som blir lagt inn i budsjettet for 2006. Sannheten er jo at Regjeringen allerede ligger etter det de lovet. Jeg forventer da at det kommer i revidert. Dersom det ikke skjer, hva skal velgerne tro om den videre framdrift for det som bevilges innenfor samferdselssektoren?

Statsråd Liv Signe Navarsete [12:48:52]: Veljarane skal uansett tru at med denne regjeringa ligg me 460 mill. kr framfor det me ville ha gjort dersom Venstre hadde halde fram i regjering i lag med Kristeleg Folkeparti og Høgre. Det er iallfall ei klar melding til veljarane.

Veljarane veit elles særdeles godt – det veit òg representanten Tenden – at i ei regjeringsplattform og eit samarbeid er det plattforma som gjeld, og ikkje dei einskilde partia sine program. Dei ligg der, og dei har me gått til val på. Me fekk ikkje fleirtal åleine, og det gjorde heller ikkje Venstre. Så same kven av oss som hadde kome i regjering, måtte me ha gått inn i eit samarbeid. Det gjorde me, og me er veldig stolte av den ambisjonen som ligg i Soria Moria-erklæringa om ein auke på 2,2 milliardar kr på Samferdselsdepartementet og Fiskeri- og kystdepartementet sine budsjett. Det er det min jobb å arbeide for å følgje opp, og det gjer eg kvar dag.

Borghild Tenden (V) [12:49:53]: Jeg takker igjen statsråden for svaret.

I valgkampen gikk jo som kjent Senterpartiet høyt på banen når det gjaldt gratis ferger. Jeg regner med at de ligger innenfor bevilgingene, og mitt oppfølgingsspørsmål er da: Hvordan er framdriften for det med gratis ferger, som var en lovnad i valgkampen?

Statsråd Liv Signe Navarsete [12:50:16]: Regjeringa har sett i gang ei utgreiing om gratis ferjer. Det er ei stor utgreiing der ein skal sjå på alle sider, både dei konkurransemessige, dei samfunnsøkonomiske og sjølvsagt òg verknaden for næringsutvikling og busetnad i dette landet. Den utgreiinga skal vere ferdig ved utgangen av 2006 og vil då danne grunnlag for ei vurdering av om nokre ferjestrekningar skal gjerast gratis, slik det er nedfelt i Soria Moria-erklæringa. Så det arbeidet er i godt gjenge, og det er eit spennande arbeid, som me sjølvsagt skal følgje opp vidare.