Stortinget - Møte onsdag den 31. januar 2007 kl. 10

Dato: 31.01.2007

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 6

Odd Einar Dørum (V) [11:28:34]: Jeg tillater meg å stille dette spørsmålet til samferdselsministeren:

«Hvor rask saksbehandlingsfremdrift vil man legge opp til i Samferdselsdepartementet for å sikre stortingsbehandling av det brede lokale forliket om Oslopakke 3 høsten 2007?»

Statsråd Liv Signe Navarsete [11:28:58]: Forventa vekst i arbeidsplassar og busetnad i Oslo og Akershus bidreg til at transportveksten held fram, og stiller store krav til utvikling av eit effektivt, sikkert og miljøvenleg transportsystem. Regjeringa er nøgd med at lokalpolitikarar i Oslo kommune og Akershus fylkeskommune tek desse utfordringane på alvor og gjennom eit omfattande tverrpolitisk samarbeid har klart å leggje fram eit samla forslag for å møte utfordringane ved å vidareføre trafikantbetalingssystemet i hovudstadsregionen gjennom Oslopakke 3.

Eg er klar over at det å kunne nytte bompengar til å drifte kollektivtransporten har vore ein særs viktig føresetnad for dei lokale vedtaka om Oslopakke 3. Regjeringa vil kome attende til dette – og andre spørsmål – i samband med hovudstadsmeldinga som vert lagd fram for Stortinget seinare denne sesjonen.

Det er vedteke at det skal verte gjennomført ei ekstern kvalitetssikring av konseptval i tidlegfase – såkalla KS1 – for statlege investeringsprosjekt over 500 mill. kr. KS1 vart vedteke og sett i gang av førre regjering for å betre kvalitetssikringa av store samferdselsprosjekt i ein tidleg fase. Stortinget har òg slutta seg til dette. Regjeringa følgjer difor opp dette arbeidet. Totalkostnadene for Oslopakke 3 overstig KS1-grensa meir enn hundre gonger, og heller ikkje elles er det nokon grunn til at Oslopakke 3 skal verta handsama annleis enn andre store samferdselsprosjekt i landet. Eg går ut frå at representanten Dørum ikkje er usamd med meg i dette.

Eg viser òg til Stortinget si handsaming av Dokument nr. 3:8 for 2005-2006, Riksrevisjonens undersøkelse av effektivitet i offentlige tiltak til kollektivtrafikk – Oslopakke 2. Eit av hovudankepunkta i Riksrevisjonen sin gjennomgang av Oslopakke 2 var at det ikkje var definert klare mål for satsinga. Eg kan ikkje sjå at Oslo kommune og Akershus har definert slike klare mål for Oslopakke 3. Eg er difor oppteken av at det vert gjennomført ei grundig og heilskapleg utgreiing for Oslopakke 3. Eg har allereie påpeika kor viktig dette er, overfor dei lokale styresmaktene, både i møte og i brev.

Ein bompengesøknad om Oslopakke 3 må vidarehandsamast på vanleg måte i Statens vegvesen før saka kan verte oversend Samferdselsdepartementet. Med mange attståande problemstillingar før saka kan handsamast av departementet, er det for tidleg å seie når i stortingsperioden saka kan leggjast fram for Stortinget.

Solveig Horne hadde her overtatt presidentplassen.

Odd Einar Dørum (V) [11:31:34]: Jeg er glad for at statsråden konstaterer at hun er fornøyd med at man tar på alvor det som skjer lokalt.

Jeg er ikke enig med statsråden i at det ikke er klare mål for Oslopakke 3. Avpakket all hovedsetningsbruk i det dokumentet sier man at trafikkveksten skal tas gjennom kollektivsatsing. Det er et helt klart mål og en forutsetning for pakken, slik den er lagt opp, og miljøsatsingen er også knyttet til vei, ved at veiene skal være miljøtiltak i en del av landet hvor det går titusenvis av biler – slik at veitiltakene er miljøtiltak. Jeg kan derfor ikke være enig i at det ikke er klare mål, men jeg oppfatter at statsråden sikkert vil forsikre seg om dette i en dialog med lokale myndigheter.

Når det gjelder de formelle sider ved saken, forstår jeg det som ble sagt. Min utålmodighet knytter seg først og fremt til at det i denne pakken ligger en dekning av en del prosjekter som ikke dekkes i dag – som overskridelsen ved Økern – og ikke minst penger til kollektivsatsing fra 1. januar 2008. Jeg regner med at statsråden gjør sitt ytterste for å få saken fram så raskt som mulig, og derfor er mitt spørsmål til statsråden: Kan hun antyde når det tidligst kan skje? Jeg legger til grunn at hun legger sitt beste skjønn og engasjement i dette.

Statsråd Liv Signe Navarsete [11:32:44]: Eg er glad for at representanten Dørum og eg har ei felles forståing av kor viktig denne saka er. Eg deler absolutt Dørum sitt syn på at det sjølvsagt ligg gode målsetjingar i Oslopakke 3. Det står att å greie ut nokre sider når det gjeld målsetjinga, når me veit at det som ligg i pakka, ikkje vil føre til redusert biltrafikk. Men det er ei stor satsing på kollektivtransport, som forhåpentlegvis skal ta den store veksten som me ser kjem i dette folkerike området. Det synest eg er viktig.

Bompengesøknaden kom i slutten av november. Han vart straks send over til Vegdirektoratet for vidare handsaming. Eg legg opp til at det ikkje skal verte noka trenering i noko ledd som eg har ansvaret for, men med det systemet som ligg inne i KS1, vil det iallfall vere eit godt stykke ut i 2008 før ein kan rekne med at den saka er klar i forhold til KS1-handsaming.

Odd Einar Dørum (V) [11:33:54]: Jeg tror det kan være nyttig for oss alle å bli minnet om hva Oslopakke 3 er. Det er altså en bred, lokal samarbeidsvilje til å løfte en lokal beskatning av bilbruk for å sikre to formål: Det første er 50 pst. av pengene til å sikre drift og investeringer i kollektivtransport, og det andre er å sørge for at tøft miljøbelastede veier legges under bakken. I sum er det helt klart at hensikten er at trafikkveksten skal tas kollektivt. Det er også lagt opp til at man skal klare dette.

Jeg forstår statsrådens behov for å ha en fair og skikkelig behandling. Mitt spørsmål er preget av en utålmodighet etter å få dette på plass, ut fra den brede politiske enighet som foreligger her – for den er enestående. Den inkluderer alle partier i Oslo bystyre og alle partier unntatt Fremskrittspartiet i Akershus fylkesting. Det er sjelden at en norsk samferdselsminister får mulighet til å klippe snora for noe som kan kalles for 40 milliarder kr i lokalt tilskudd i forbindelse med drifting av kollektivtransport, bygging av kollektivtransport og veier. Jeg aner at det i dialogen mellom stasråden og meg i hvert fall ligger en felles vilje til å få det til.

Statsråd Liv Signe Navarsete [11:35:04]: Eg kan understreke det siste. Her ligg absolutt ein felles vilje til å få dette til. Eg føler at me har ein god dialog med dei lokale styresmaktene, og at ein har ei forståing for dei prosessane som nødvendigvis må gå føre seg når det gjeld eit prosjekt av denne størrelsen, som langt overstig grensa for KS1-handsaming.

I tillegg til KS1-handsaminga må vi også førebu ei endring av veglova, dersom me skal kome i møte det som ligg i Oslopakke 1. Ei slik lovendring vil ta eit års tid. Me må ta den tida som trengst, men me skal ikkje bruke tid utover det som er nødvendig for å få ei forsvarleg handsaming av denne viktige saka.