Thore A. Nistad (FrP) [12:14:09]: Jeg vil få lov til å stille
følgende spørsmål til samferdselsministeren:
«Anbud på Gjøvikbanen
har vært en suksess og trafikkøkningen fra høsten
2005 til høsten 2006 har vært meget stor. I gjennomsnitt
var økningen på 15 pst., og det viser at anbud
og satsingen på Gjøvikbanen har fungert.
Vil statsråden medvirke til at Gjøvikbanen
ytterligere kan forbedres med bl.a. krysningsspor, strømforsyning m.m.
slik at kjøretiden kan kortes ned?»
Statsråd Liv Signe
Navarsete [12:14:41]: Opplegget for betring av togtilbodet på Gjøvikbana
har vore vellukka. I rammeavtala som staten no har inngått
med NSB for dei neste fira åra, har vi framforhandla eit
driftsopplegg med stive ruter gjennom heile dagen òg for
andre jernbanestrekningar, tilsvarande driftsopplegget
som gjeld for Gjøvikbana.
Hovudutfordringane for ei ytterlegare betring
av togtilbodet på Gjøvikbana ligg i jernbaneinfrastrukturen.
Eit nytt kryssingsspor eller forlenging av kryssingsspor mellom
Grefsen og Roa er ynskjeleg for å redusere reisetida og auke
kapasiteten både for godstrafikken mot Bergensbana og persontrafikken
mot Gjøvik. Det ligg ikkje inne planar
om utbygging av eit slikt kryssingsspor i Jernbaneverket sitt handlingsprogram
for NTP-perioden 2006–2009. Etter påtrykk frå ordføraren
i Nittedal og i lys av kapasitetsutfordringane for godstrafikken
på Gjøvikbana mellom Oslo
og Roa har eg likevel bede Jernbaneverket føreta
ei særskilt vurdering av behovet for eit kryssingsspor
ved Jenserud.
Etter Jernbaneverket si vurdering er dagens
straumforsyning god nok til gjeldande togtilbod. Jernbaneverket samarbeider òg
gjennom Jernbaneforum Gjøvikbanen med Oppland fylkeskommune
og kommunane langs bana om kortsiktige tiltak som omfattar oppgradering
av stasjonar, knutepunktutvikling og betre koordinering mellom buss
og tog samt innfartsparkering.
Gjennomsnittleg reisetid på strekninga mellom Oslo og
Gjøvik er i dag om lag to timar. For å oppnå ei
reisetidsinnkorting med om lag 30 minutt, er det nødvendig med
ei omfattande oppgradering av bana, medrekna straumforsyninga. Konkrete
tiltaksplanar vil verte vurderte i samband med arbeidet med rulleringa
av Nasjonal transportplan for perioden 2010–2019
med tilhøyrande handlingsprogram frå Jernbaneverket.
Stortingsmeldinga om Nasjonal transportplan
2010–2019 skal etter planen leggjast fram for
Stortinget i slutten av 2008.
Thore A. Nistad (FrP) [12:16:44]: Jeg takker for svaret. Jeg er veldig fornøyd
med at statsråden vil gripe fatt i dette.
Enkelte stasjoner på Gjøvikbanen
har jo hatt en økning på hele 40 pst.
Ved å ha lagt ut banen på anbud har staten spart
en god del millioner, og i tillegg har vi fått en økning på 40
pst. i antall avganger. Gjøvikbanen har altså vært
et gode for staten, som har spart penger, og den har vært
et gode for de reisende.
Jeg er glad for det ene krysningssporet som
statsråden her nevnte. Men ligger det inne noen
forespørsler om at det kan komme krysningsspor andre
steder – jeg tenker lenger nordover – for
det er et faktum at togene veldig ofte blir stående
på grunn av at de venter på motgående
tog? Det er jo da kun på kortere strekninger man står
og venter inne på stasjonene. Man mangler
krysningsspor flere steder.
Statsråd Liv Signe Navarsete [12:17:45]: Denne regjeringa har ei storstilt satsing
på jernbane. Me doblar løyvingane til infrastruktur
med 50 pst., i motsetnad til Nistad sitt parti, Framstegspartiet,
som ynskte å kutte post 30, investeringar, med 850 mill.
kr. Derfor bør dei som brukar Gjøvikbana, vere
glade for at me har ei raud-grøn regjering som satsar,
og som òg sjølvsagt skal sjå på moglegheita
for kryssingsspor lenger nord. Med Framstegspartiet
sitt kuttforslag er det lite truleg at nordre
delen av Gjøvikbana hadde vorte prioritert høgst.
Oppgradering av jernbana ville vel ha vorte ein fjern og urealistisk
draum.
Eg er glad for Nistad sitt engasjement,
trass i budsjettframlegget. Eg er glad for at me har utolmodige
stortingspolitikarar som pustar oss i nakken for å sikre
at me stendig får eit betre jernbanetilbod, som òg
Regjeringa arbeider intensivt med.
Thore A. Nistad (FrP) [12:18:51]: Nå er ikke dagens statsråd
fra Fremskrittspartiet!
Det som er tilfellet med Gjøvikbanen,
som jeg prøvde å si i mitt forrige spørsmål,
er at til tross for at anbudet var mye lavere enn tidligere, fikk
vi i tillegg 40 pst. økning i antall avganger. Det ble
altså en formidabel besparelse og bedring ved
at Gjøvikbanen ble lagt ut på anbud. Det er en kjensgjerning.
Nå har statsråden stoppet videre anbudsprosesser.
Det ligger enorme innsparingspotensialer ved å endre på de
tilbudene som er i dag. Istedenfor bare å betale
ut penger til NSB, kan man legge strekninger ut på anbud, slik
som man har gjort med Gjøvikbanen. Vil ikke statsråden
tenke i disse baner, slik Fremskrittspartiet
gjør, for å frigjøre midler, slik at
vi kan bruke disse midlene på annen infrastruktur?
Statsråd Liv Signe Navarsete [12:19:47]: Som eg sa, skal folk som brukar jernbane i
dette landet, vere glade for at me har ei raud-grøn
regjering og ein statsråd frå ei slik regjering
og ikkje frå Framstegspartiet.
Framstegspartiet hevdar det synet at jernbana
kan gå utan statlege tilskotsmidlar her i det
sentrale austlandsområdet. Det er jo heilt feil. Me brukar
ein stor del av dei 1,5 milliardar kr me kjøper
tenester frå NSB for, nettopp i intercityområdet
og i nærtrafikkområdet til Oslo.
Når det gjeld konkurranseutsetjing,
har eg heile tida vore klar på at Gjøvikbana
fungerer godt. Me innfører no stive ruter på mange
andre strekningar. Me aukar kapasiteten i neste fireårsperiode
med inntil 15 pst. i rushtida i nærtrafikken til Oslo, noko
som folk heilt klart vil merke. Det er òg mange andre
forbetringar som ligg inne i den avtala som me no har
inngått med NSB, der Regjeringa satsar på å kjøpe
tenester samstundes som me har ei storsatsing på infrastruktur,
drift og vedlikehald i tida framover.