Eirin Faldet (A) [12:06:06]: Jeg tillater meg å stille følgende
spørsmål til samferdselsministeren:
«Det har kommet mange henvendelser
om dårlig strøing og vedlikehold på såpeglatte
og sporete veger i Hedmark og Oppland. Vegstandarden varierer som
et resultat av at det er flere entreprenører som har fått
anbud på vedlikeholdet.
Hva vil statsråden gjøre
for å sikre gode og trygge kjøreforhold
om vinteren?»
Statsråd Liv Signe
Navarsete [12:06:35]: Drifta av riks- og fylkesvegnettet vert gjennomførd
med basis i dei såkalla funksjonskontraktane som ein inngår
med private entreprenørar etter konkurranseutsetjing.
Kontraktane har ei lengd på inntil fem år, og
det er 13 slike kontraktar i Hedmark og Oppland, som omfattar 3
600 km riksveg og 4 600 km fylkesveg.
Fyrste del av vinteren 2006/2007 har vore
svært mild, og i Hedmark og Oppland har det vore
mange og hyppige vekslingar mellom varmegrader og kuldegrader, ofte kombinert
med nedbør. Dette har tidvis medført glatte vegar
og vanskelege køyreforhold i begge fylka. Vegane som har vore
salta, har hatt tilfredsstillande standard, men Statens vegvesen
har fått mykje kritikk for sein og utilstrekkeleg
strøing på vegnettet der det har vore
bruka sand.
Under slike vêrforhold kan det verte
glatt over heile vegnettet samstundes. Entreprenørane skal
begynne å strø med ein gong det vert glatt, og
kontraktane seier kor mange timar dei har for å fullføre
arbeidet. For riksvegane i Hedmark og Oppland gjeld same
standard som for riksvegar generelt, medan det for fylkesvegane
er gitt lokale standardar som er tilpassa kor viktige vegane er.
Statens vegvesen tek stikkprøver for å kontrollere
at eigenkontrollen til entreprenøren fungerer. Funksjonskontraktane
er krevjande å følgje opp for begge partar, både på grunn
av funksjonskrava og lengda på vegnettet.
Stikkprøver tekne i haust og i vinter
har ikkje avdekt mange tilfelle der entreprenøren
ikkje har utført arbeidet innan tidsfristen.
Men det er avdekt ein for stor del tilfelle der entreprenøren
har vore seint ute med å begynne arbeidet. Dette
har Statens vegvesen gripe fatt i, og dei er no i kritisk dialog
med dei aktuelle aktørane. Det har òg vore gjennomført
trekk i utbetalingane til entreprenørar som følgje
av manglande oppfylling av kontraktane.
Arbeid med å revidere vedlikehaldsstandarden
er sett i gang og vert gjennomført i løpet av
eit års tid. Ny vedlikehaldsstandard vil verte innarbeidd
i kontraktane etter kvart som dei vert fornya, og er såleis
eit langsiktig tiltak.
Statens vegvesen vil vurdere skjerpa tiltak
overfor entreprenørane som kan føre
til meir rettidig oppfylling av kontraktane. Dette kan innebere auka
innsats på stikkprøver, oppfølging av
eigenkontrollen hos entreprenørane og å sørgje
for at dei faktisk nyttar dei hjelpemidla Vegvesenet har stilt til
disposisjon, slik som vêrradar og klimastasjonar.
Eirin Faldet (A) [12:09:07]: Jeg takker statsråden for et positivt
svar. Jeg er glad for at statsråden tar tak i dette, og
at skjerpet kontroll blir et hovedsatsingsområde i tiden
framover.
Det som oppleves, er at en tar altfor store
hensyn til årsdøgnstrafikk istedenfor å rykke
raskt ut og gjøre veien sikker for trafikkantene.
Slik det oppleves nå, er brøyterodene for lange.
Dette er for å spare antall brøytebiler, og dermed
kostnader. Ved store snøfall blir det problemer, bl.a.
på grunn av manglende kapasitet.
Byggherren, som er Statens vegvesen, har ansvaret,
og det må de faktisk ha. Det vi er redde for, er at kravene
i anbudspapirene er såpass løselige at det ikke
er lønnsomt å rykke ut for å sikre
veivedlikeholdet når det f.eks. kommer snø. Det
er vær- og føreforhold det må tas mest
hensyn til, ikke hvordan det ligger an med kontrakten.
Statsråd Liv Signe Navarsete [12:10:23]: Eg er heilt samd med representanten Eirin
Faldet i det ho seier. Men det er jo slik at i dei funksjonskontraktane
som no er inngåtte, der varierer frist og ferdiggjering mellom
ein og fire timar. På dei mest lågtrafikkerte
fylkesvegane i Oppland er fristen opptil seks timar. Den er sett
av fylket. Tilsvarande vegar i Hedmark skal berre strøast
når det ikkje er framkomeleg for vinterskodde
bilar, så der må sjølvsagt fylkeskommunen
sjå på det.
Statens vegvesen Region øst nytta
fyrste halvår 2006 278 årsverk til stikkprøvekontroll
av 1 300 km veg i Hedmark og Oppland. Det resulterte faktisk i 59
tilfelle der entreprenørar fekk trekk i utbetalingane som
følgje av stikkprøvekontroll. Så det
er klart at kontrollane er viktige, og dei verkar. Det er kanskje økonomiske
trekk som vert det viktigaste verkemiddelet på kort sikt,
og så må me leggje til rette for betre funksjonskontraktar
på lang sikt.
Eirin Faldet (A) [12:11:41]: Veivedlikeholdet er privatisert så mye
at ansvaret på en måte blir pulverisert, og vi
er jo veldig skeptiske til alle disse private kontraktene.
Jeg har lyst til å spørre
statsråden om hun vil legge til rette for at oppdragsgiveren
kan gjennomføre god kvalitet på vintervedlikeholdet.
Vil statsråden gå igjennom alle anbudspapirene,
slik at vi får lik standard i hele landet, og at
det til enhver tid tas hensyn til de lokale vær- og føreforholdene?
Og: Vil hun gå igjennom hele anbudssystemet og
se om dette er det riktige og det beste for trafikantene?
Det er skummelt når bussjåfører ikke
tør kjøre skolebarna til skolen. Derfor må vi
gå igjennom hele systemet for at vi skal sikre
trafikantene. Vi kan gjerne ha kontroller, men vi må ha
så sterke incitamenter at det blir gjort noe, og at brøytebilen
kan nå fram så fort som mulig.
Statsråd Liv Signe Navarsete [12:12:57]: Som eg sa i mitt hovudsvar, er det lik standard
som er lagt til grunn i heile landet, så standarden skal
ikkje variere frå fylke til fylke.
Det som kan variere i periodar, er sjølvsagt
vêr- og føreforhold.
Eg legg ikkje skjul på at
statsråden òg kan vere kritisk til funksjonskontraktane.
Eg får altfor mange rapportar inn om for dårleg
brøyting, frå mange delar av landet – òg frå Hedmark – noko
representanten har teke opp i dag. Det har resultert i
at Statens vegvesen no går igjennom funksjonskontraktane.
Dei har eit arbeid på gang – som eg sa, skal det vere
avslutta innan eit år – med å forbetre funksjonskontraktane
som gjeld vedlikehald av vegnettet. Eg trur at det er eit viktig
arbeid, og eg håpar at det skal medverke til at me skal
få ein betre standard på vegvedlikehaldet vinterstid
rundt om i landet, òg i Hedmark.