Stortinget - Møte onsdag den 7. november 2007 kl. 10

Dato: 07.11.2007

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 11

Dagfinn Sundsbø (Sp) [12:05:00]: «Et flyselskap som opererer fra Gardermoen, avviste nylig en funksjonshemmet fra å gjennomføre en forhåndsbestilt reise. Funksjonshemmede brukere av Flytoget opplever at de blir bedt om å vente til senere avganger fordi det ikke er tid til å trekke ut handikaprampen på toget.

Hvilke reaksjonsformer er tilgjengelige mot transportører som ikke legger til rette for at personer med nedsatt funksjonsevne kan benytte deres tilbud, og hva vil statsråden gjøre for å fremme utvikling av et universelt utformet transporttilbud?»

Statsråd Liv Signe Navarsete [12:05:38]: Eg takkar for at det vert sett søkjelys på eit viktig spørsmål. Det er svært ille at reisande med redusert mobilitet eller funksjonshemming framleis opplever å verte nekta å reise med offentlege transportmiddel.

Eg er oppteken av å styrkje dei formelle rettane til passasjerar med funksjonshemming eller redusert mobilitet, men dei døma representanten Sundsbø nemner, viser at transportselskapa har ein lang veg å gå med å praktisere gjeldande regelverk og vanleg skikk for kundehandsaming.

Samferdsledepartementet følgjer nøye med på tilgjengelegheitspraktiseringa i transporten, og eg viser til at politisk leiing allereie har kommentert den fyrst nemnde saka i media på ein svært tydeleg måte.

For luftfartens del har rettane til denne passasjergruppa så langt i stor grad vorte ivaretekne gjennom ei frivillig erklæring som vart utforma i samarbeid mellom EU-kommisjonen og ECAC, European Civil Aviation Conference, i 2001, og som ein del store og velvillig innstilte flyselskap har slutta seg til. Samferdsledepartementet har teke inn desse krava som eit krav i standardavtalen for anbodsrutene.

For å betre på dette arbeider eg med å utforme ei ny forskrift som forbyr å diskriminere reisande ved å vise til redusert mobilitet eller funksjonshemming. Tilsvarande regelverk er òg utarbeidd i EU. Forskrifta går ut på høyring i desse dagar.

Det nye regelverket vil vere ei klar forbetring av dagens ordning, m.a. ved at ansvaret vil liggje på lufthamnoperatøren framfor det enkelte flyselskapet. Vidare vil det verte mogleg for Luftartstilsynet å kontrollere om flyselskapa og lufthamnene respekterer forordninga, og å sanksjonere eventuelle brot. Endeleg vil passasjeren sjølv kunne klage saka si inn for den nye flyklagenemnda, som er under etablering.

Når det gjeld å sikre rettane til passasjerar med redusert mobilitet eller funksjonshemming òg ved bruk av andre offentlege transportmiddel, syner eg til arbeidet med ei ny antidiskrimineringslov som Regjeringa tek sikte på å leggje fram for Stortinget til våren. I tilfellet Flytoget vil eg ta opp spørsmålet om manglande bruk av rampe for å ta om bord rullestolbrukarar i eit eige brev til Flytoget.

Dagfinn Sundsbø (Sp) [12:07:52]: Jeg takker statsråden for svaret, og spesielt for at det var så vidt konkret når det gjelder tiltak for å gjøre noe for å sikre funksjonshemmede universelt utformede transportsystemer. Det ble her nevnt både forskriftsarbeid og antidiskrimineringsloven, og det ble nevnt at Flytoget også kan vente seg et brev om den aktuelle problemstillingen.

Beklageligvis så er ikke de to eksemplene jeg viste til, de eneste jeg kan vise til. Når man først reiser et slikt spørsmål, er det mange som melder seg på. Her står jeg med et utklipp fra NRK Buskerud, hvor en dame sier at NSB gjør henne handikappet. Hun viser til at det er fullstendig umulig for en rullestolbruker å ta seg fram på Drammen stasjon. Billettluke, undergang, uteområdene – ingen ting er organisert slik at det er mulig å komme fram. «NSB gjør meg handikappet», sier hun.

Jeg er redd for at vi er i en situasjon hvor dette er tilfellet, og mitt oppfølgingsspørsmål er da knyttet til det som går på hvilke reaksjonsformer vi må ha for at vi skal kunne stoppe dette.

Statsråd Liv Signe Navarsete [12:09:02]: Når det gjeld det siste spørsmålet om utforming av stasjonar, er det eit spørsmål som ligg til staten direkte, der me no arbeider etter andre retningslinjer enn før, og for at det skal vere fullt tilgjenge for alle. Dessverre har me framleis ein lang veg å gå før dette er fullgodt – òg når det gjeld utforming av stasjonsområdet på eksisterande stasjonar.

Dei sanksjonsmoglegheitene som ligg her pr. i dag, er ikkje svært store. Det er ikkje laga eit eige sanksjonssystem for denne typen åtferd, og det skulle eigentleg ikkje vere naudsynt heller. Det burde vere både vanleg service og god folkeskikk å sikre at alle passasjerar kjem med, uavhengig av om ein har ei funksjonshemming eller er rørslehemma på noko vis. Så det som eg vil gjere inntil me får det nye regelverket på plass, er å halde eit større fokus på dette. Eg vil igjen ta det opp med transportselskapa som ligg under mitt departement, og sikre at det igjen vert implementert i deira daglege rutinar, at ein skal ta ut rampar, at ein skal sikre at folk kjem om bord, og at folk skal få naudsynt hjelp. På kort sikt er dette svaret mitt. Så viss det ikkje nyttar, får me vurdere om ein må gå inn med eigne sanksjonar. Eg håper inderleg at det ikkje skal vere naudsynt.

Dagfinn Sundsbø (Sp) [12:10:38]: Jeg er helt enig i at vi må håpe at folkeskikk og serviceholdning er det som skal sikre oss bedring på området.

Så ser også jeg fram til at vi får på plass et antidiskrimineringslovverk som vil formalisere både de plikter transportører vil ha på linje med andre i samfunnet, og de reaksjonsmuligheter samfunnet vil måtte ha for å følge opp sakene fra de enkelte brukerne. Men det er noe vi antakelig skal få lov til å jobbe sammen om framover før det legges fram for Stortinget.

Statsråd Liv Signe Navarsete [12:11:18]: Eg er heilt samd i vurderingane til representanten Sundsbø her, og eg ser fram til eit konstruktivt samarbeid i tida framover.