Stortinget - Møte onsdag den 7. november 2007 kl. 10

Dato: 07.11.2007

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 12

Anne Margrethe Larsen (V) [12:11:49]: «I høstens valgkamp ble det kunngjort at flere av de lokale trafikkstasjonene skal bestå, en positiv nyhet for distriktene. Brukertilgjengelighet og et helhetlig tilbud er viktig for innbyggerne. Trafikkstasjonen i Flekkefjord har ti ansatte. De får beholde sine tilbud, men disse er betydelig redusert mht. hallkontroll og oppkjøring av motorsykkel og traktor, som nå må skje i Kristiansand.

Kan statsråden gi trafikkstasjonen et mer helhetlig innhold med mulighet for ambulerende sensor eller nevnte sertifikater på stedet?»

Statsråd Liv Signe Navarsete [12:12:30]: Tenestene som Statens vegvesen tilbyr, er viktige for mange, også i distrikta. I arbeidet med ein heilskapleg plan for tenestetilbodet på trafikkstasjonane har eg difor lagt vekt på at brukarane skal få eit godt og tilgjengeleg tilbod i heile landet. Det er difor no tilbod på langt fleire stader enn det som følgde av nedleggingsplanen under førre regjering.

Tilbodet på den einskilde trafikkstasjonen må tilpassast lokale tilhøve for å gje fleksible og gode løysingar. Dette vert gjort best av Statens vegvesen i samråd med dei lokale brukarane og kommunane. Statens vegvesen vil generelt prioritere å få redusert ventetid for førarprøve og godkjenning av køyretøy i hall.

Statens vegvesen opplyser at det ved Flekkefjord trafikkstasjon i dag er om lag fire årsverk fordelt på fem tilsette. Desse er i hovudsak knytte til skranketeneste, førarprøve for personbil og arbeid med trafikktryggleik.

Utanom kontrolltilbod for tunge køyretøy hadde Flekkefjord trafikkstasjon eit fullverdig tenestetilbod før effektiviseringsplanen frå 2004 vart sett i verk. Tekniske kontrollar for lette køyretøy vart i hovudsak lagde ned i 2005. Likevel har det i ein periode vorte tilbode slike kontrollar ein dag i veka. Etterspurnaden etter denne tenesta har vore liten, samstundes som det er ressurskrevjande å oppretthalde tilbodet. Statens vegvesen legg difor ikkje opp til å gjennomføre tekniske kontrollar ved trafikkstasjonen i Flekkefjord.

I tråd med avtale på eit møte mellom Vegvesenet og kommunen i august i år, der eg sjølv var til stades, vil Statens vegvesen i tillegg tilby praktisk førarprøve for traktor ved Flekkefjord trafikkstasjon. Vidare vil Statens vegvesen leggje til rette for praktisk førarprøve på motorsykkel klasse A1 frå komande sesong ved å nytte sensorar frå Kristiansand trafikkstasjon.

Anne Margrethe Larsen (V) [12:14:26]: Jeg takker statsråden for svaret. Dette var positive signaler, og jeg vil gjerne følge opp litt det siste du nevnte.

Trafikkstasjoner har som nevnt fått et gradvis redusert tilbud, og det gir mindre brukertilgjengelighet. Nettopp i Lista- og Flekkefjord-regionene har dette ført til at oppkjøring på motorsykkel må skje i Kristiansand eller i Egersund, som innebærer en kjørelengde på 15–20 mil, fordi man altså ikke har sensor. Dette er en samfunnsøkonomisk og miljømessig dårlig løsning, synes jeg.

Du nevnte at det kunne være mulighet for en ambulerende sensor. Vil vedkommende kunne komme til Flekkefjord noen dager pr. måned og foreta den nødvendige oppkjøringen? Dette ville være en konstruktiv og fleksibel løsning for veldig mange trafikkstasjoner i Norge.

Presidenten: Presidenten vil gjere merksam på at talen skal rettast via presidenten.

Statsråd Liv Signe Navarsete [12:15:28]: Slik eg har oppfatta Statens vegvesen, som har ansvaret for tilrettelegging av detaljar – eg ber om respekt for at statsråden ikkje kan gå inn i detaljane ved kvar enkelt trafikkstasjon – er poenget at det skal kome sensor frå Kristiansand trafikkstasjon til Flekkefjord for å føreta oppkøyring der. Eg meiner det er ein rasjonell måte å gjere det på. Det er lettare å flytte ein sensor til Flekkefjord for å samle opp og ta ei rekje oppkøyringar på éin dag, enn at alle skal måtte bevege seg den andre vegen, som vil bety mykje meir transport. Me er jo alle opptekne av å redusere både transportmengde og transportulempe for den enkelte. Dette handlar jo òg om tid og tidsressursar for den som skal køyre opp. Det er slik eg har oppfatta situasjonen.

Anne Margrethe Larsen (V) [12:16:26]: Jeg tar med meg svaret fra statsråden til distriktene. Det er positivt. Det er et viktig signal til befolkningen at de lokale trafikkstasjonene består. Men en bygning må jo også ha et innhold. Et redusert tilbud, gjerne med åpningstid tre dager pr. uke, har skapt usikkerhet for framtiden flere steder. Hvilke planer og visjoner er det for framtidens trafikkstasjoner?

Statsråd Liv Signe Navarsete [12:16:57]: På vegner av Regjeringa og Samferdsledepartementet la eg fram ein heilskapleg plan for trafikkstasjonane for ei tid tilbake. Der har me gjort om på ein god del av forslaga til nedlegging frå den førre regjeringa. Me fraus jo den nedleggingsprosessen hausten 2005. Me har brukt tida etterpå på å utgreie behovet for tenester rundt om i ulike delar av landet. Det er ingen tvil om at ein på det tidspunktet då den førre planen vart lagd fram, overvurderte endringane i folks handlingsmønster, bl.a. bruk av Internett. Men ein har ikkje kome så langt at ein ikkje framleis har behov for trafikkstasjonar. Det er ingen tvil om at handlingsmønsteret vårt stadig endrar seg. Slik sett må vi vere opne for at behovet for trafikkstasjonane òg kan endre seg i tida framover. Det er Statens vegvesen som må følgje med på dette og kome med forslag til eventuelle endringar i framtida.

Presidenten: Då er vi komne til spørsmål 13, frå representanten Arne Sortevik til samferdselsministeren.

Den observante vil leggje merke til at Arne Sortevik stiller to spørsmål i denne spørjetimen, noko som ikkje er i tråd med forretningsordenen. Men på grunn av tilhøve som representanten sjølv ikkje rår over, har spørsmålet vore utsett to gonger tidlegare. Derfor dispenserer presidenten frå forretningsordenen.