Stortinget - Møte onsdag den 21. november 2007 kl. 10

Dato: 21.11.2007

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 7

Vera Lysklætt (V) [12:09:05]: Jeg har et spørsmål til kommunal- og regionalministeren:

«Fra og med september 2007 er det innført månedlige vedtak i bostøtten. I Kommunal Rapport 22. mai 2007 hevder Kommunenes Sentralforbund at kommunene vil tape 120 mill. kr i 2007 på endringen. Husbanken bestrider i samme artikkel dette og hevder at tapet bare vil være 2 mill. kr. I avisa Hallingdølen 10. november 2007 blir det på lederplass hevdet at staten ved Husbanken inndrar over 600 mill. kr i 2007 som konsekvens av omleggingen.

Kan statsråden redegjøre for de økonomiske konsekvensene for kommunene i 2007?»

Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa [12:10:03]: Eg er fornøgd med at det er innført månadlege vedtak for bustønad. Omlegginga var mykje etterspurd av kommunane. Stortinget stod samla bak tiltaket. Innføringa inneber at ein no kan søkja om bustønad kvar månad, og eventuelt få utbetalt bustønad den påfølgjande månaden. Det er òg slik at ingen fell ut av ordninga etter omlegginga dersom husstanden framleis har rett til bustønad.

Innføring av månadlege vedtak sikrar at vanskelegstilte husstandar kjem raskt inn i ordninga, mens dei som ikkje har krav på bustønad, fell raskare ut av ordninga. Tidlegare fekk husstandar utbetalt bustønad i opptil fire månader etter at behovet hadde falle bort. No fell husstandar ut av ordninga etter ein månad dersom husstanden t.d. får auka inntekt som følgje av arbeidsdeltaking. Såleis er nyordninga meir treffsikker.

Ifølgje artikkelen i Kommunal Rapport i mai 2007 vart det hevda at omlegginga medførde ei budsjetteknisk mindre inntekt for kommunane på 120 mill. kr på landsbasis. Dette hadde si årsak i rekneskapsmessige tilhøve. Desse er no løyste av Husbanken og KS. Kommunane vil etter dette ikkje tapa økonomisk på omlegginga til månadlege vedtak.

Lat meg elles opplysa at budsjettet for bustønaden for 2008 er auka med 27 mill. kr som følgje av omlegginga til månadlege vedtak. Kommunane vil ikkje tapa – i enkelte tilfelle vil dei faktisk ha økonomisk fordel av omlegginga. Årsaka til det er at mange husstandar slepp å søkja om supplerande sosialhjelp i startfasen av eit butilhøve mens dei ventar på bustønad.

Vera Lysklætt (V) [12:12:03]: Jeg takker for svaret.

Jeg har ett oppfølgingsspørsmål: Ifølge tall fra Husbanken referert i avisen Hallingdølen 10. november hadde over 100 000 mottakere bostøtte til gode for siste kvartal. For en husstand med en i utgangspunktet lav inntekt må dette både ha vært uforutsett og ha kommet ubeleilig. Hvis antallet stemmer, gjelder det langt flere enn vi har blitt forespeilet.

Kan statsråden gjøre rede for antallet som ble rammet av inndratt bostøtte i forrige kvartal, og hva konsekvensene for disse er?

Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa [12:12:40]: Det eg kan seia, er at det er over 100 000 husstandar som tek imot bustønad kvar månad.

Det som er beskrive i Hallingdølen, synest å byggja på ei misforståing. Eg kjenner ikkje detaljane i berekningane, men det kan sjå ut som om beløpet er basert på at alle hushald som tek imot bustønad, før eller seinare vil falla ut av ordninga – og vil dermed mista bustønaden raskare enn ved tidlegare regelverk. Mens ein før fall ut av ordninga etter fire månader, går det no ein månad.

Lat meg òg minna om at det er ei årsak til at nokre hushald fell ut av ordninga. Det kan vera arbeidsdeltaking, død eller andre tilhøve.

Men det er ikkje rett at staten har inndrege 600 mill. kr.

Vera Lysklætt (V) [12:13:51]: Jeg takker for svaret.

Jeg har ikke flere spørsmål.