Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden

Stortinget - Møte onsdag den 16. januar 2008 kl. 10

Dato:
President: Carl I. Hagen
Tilbake til spørretimen

Spørsmål 15

Jan Tore Sanner (H) [12:28:47]: «Med jevne mellomrom har venstresiden i norsk politikk forsøkt å fjerne eller utvanne karakterene i skolen, til skarpe protester fra elever og foreldre. Jeg legger til grunn at statsråden erkjenner at forslag som svekker karakterene, vil svekke læringstrykket i skolen ytterligere. Regjeringen har åpnet for å prøve ut ulike virkemidler for vurdering.

Vil statsråden, med sin nye erkjennelse om situasjonen i norsk skole, åpne for forsøk med karakterer fra femte klasse der dette ønskes lokalt og av den enkelte skole?»

Statsråd Bård Vegar Solhjell [12:29:27]: For å styrkje læringa til elevane og deira utbytte av læringa må dei verte møtte med klare faglege forventningar. Eg veit at mange elevar ikkje får god nok informasjon om kvar dei står samanlikna med måla i læreplanane. Fagleg relevante tilbakemeldingar frå lærarane er ein viktig del av læringsprosessen. Elevar og føresette har krav på slik tilbakemelding. Dette skuleåret har vi derfor sett i verk ei nasjonal utprøving av kjenneteikn på måloppnåing. Desse kjenneteikna beskriv meistring i forhold til måla i læreplanane og vil vere viktige verktøy for lærarane i arbeidet med å gje elevane ei vurdering som dei kan lære av. Den utprøvinga som er sett i gang, inkluderer skriftleg vurdering på barnetrinnet, men utan bruk av karakterar. Alle elevar, òg elevane på barnetrinnet, skal vere sikra ei fagleg og motiverande vurdering i form av tydelege beskrivingar av kva dei meistrar, og kva dei må jobbe vidare med.

Føremålet med all vurdering må vere at elevane skal lære av tilbakemeldinga. Eit argument for karakterar er at karakterane gjev grunnlag for å samanlikne prestasjonar, f.eks. når det gjeld inntak til vidare utdanning eller yrke, men dette er ikkje eit aktuelt tema for elevar på barnetrinnet.

Ei tilbakemelding gjennom ein talkarakter fortel kvar eleven er på ein skala frå éin til seks. Eit tal beskriv ikkje for eleven kva han eller ho meistrar i forhold til krava i læreplanen. Eit tal gjev heller ikkje i seg sjølv informasjon om kva eleven må arbeide vidare med for å bli betre i faget. Å innføre karakterar på barnetrinnet vil vere å innføre eit tilbakemeldingssystem som både har liten informasjonsverdi og liten læringsverdi for den eleven det gjeld. Eg meiner difor at det ikkje er behov for forsøk med bruk av karakterar på barnetrinnet. Vi treng å arbeide for eit betre og grundigare system for evaluering, og dessutan betre tilbakemeldingar. Vi har sett i gang ei rekkje forsøk. Eg har stor tru på at meir systematiske, skriftlege tilbakemeldingar på barnetrinnet kan styrkje skulen, men eg er ikkje innstilt på å opne for forsøk med bruk av karakterar på barnetrinnet.

Jan Tore Sanner (H) [12:31:39]: La meg først si at det gleder meg at Sosialistisk Venstreparti og venstresiden i Arbeiderpartiet nå, etter 25 års kamp mot karakterene, forvalter dagens karaktersystem og har lagt bort forsøk på å utvanne karakterene i ungdomsskole og videregående skole. La meg først si at det gleder meg.

Det er ikke slik at karakterenes relevans utelukkende knytter seg til informasjon til arbeidsgiver og høyere utdanningsinstitusjoner. Jeg kan ikke se at statsråden har noe faglig eller forskningsmessig belegg for å hevde at karakterene ikke også bidrar til å øke læringstrykket i skolen og er en viktig informasjonskilde for elevene. Jeg kan heller ikke se at det er noen stor forskjell om en elev får tilbakemelding om at 18 av 20 oppgaver er riktige, eller om han får en tallkarakter. Mitt spørsmål er: Hvorfor er ikke statsråden villig til å sette i gang forsøk, når han legger så stor vekt på at man trenger forskningsmessig belegg for vurderingsopplegget?

Statsråd Bård Vegar Solhjell [12:32:51]: Vi har nok langt større ambisjonar for kor gode tilbakemeldingar vi skal klare å gje elevane på barnetrinnet, enn berre ein talkarakter eller ein prosentandel riktig eller galt. Poenget med dei forsøka vi no jobbar med når det gjeld vurdering, er nettopp at vi skal klare å gje nyanserte, gode tilbakemeldingar som faktisk seier noko om kva ein er nøydd til å jobbe vidare med, kva ein meistrar godt, og gjerne òg korleis ein må jobbe vidare med det. Det vil krevje omfattande bruk av systematiske munnlege og skriftlege tilbakemeldingar og vurderingar. Eg trur det vil kunne gje oss ei kraftig betring om vi lukkast med det i dei vurderingane som vi gjev elevane på barnetrinnet, og det vil vere viktig for elevane både å vere klar over kva dei må lære, og å få ei klar føling med at dei meistrar det dei faktisk får til.

Jan Tore Sanner (H) [12:33:56]: La meg først si at det er ingen uenighet om viktigheten av en grundig tilbakemelding. Den enigheten har vært etablert gjennom mange år, uten at man nødvendigvis har kommet frem til et skikkelig system for en skriftlig og muntlig mer utfyllende tilbakemelding.

Jeg forstår fortsatt ikke denne aversjonen mot å åpne for forsøk. Jeg gleder meg over at sosialdemokratene i Sverige nå har åpnet for at man kan innføre karakterer på et lavere trinn i skolen. Det er nettopp ut fra erkjennelsen av at dette kan være ett av flere virkemidler for å øke læringstrykket i skolen og bedre tilbakemeldingen til både elevene, foreldrene og samfunnet rundt.

Jeg savner fortsatt en begrunnelse fra statsråden for hvorfor han ikke vil åpne for forsøk med en faglig vurdering av et slikt opplegg der hvor det er ønskelig fra skolens side.

Statsråd Bård Vegar Solhjell [12:35:03]: Dersom det er så stor einigheit om det, er det forunderleg at ikkje Høgre, som sat i fire år, var ein pådrivar for nettopp å lage og prøve ut eit meir nyansert og grundig system for tilbakemelding til elevar på barnetrinnet. Og det er forunderleg at representanten Sanner utelukkande tek opp talkarakterar og ikkje korleis det går med arbeidet med å gje gode og systematiske skriftlege og munnlege tilbakemeldingar som fortel kva ein får til, korleis ein kan få til ting betre, osv. - det er ikkje det representanten Sanner tek opp i sitt spørsmål og viser at han er oppteken av.

Det er særs godt grunngjeve at vi no set i gang den typen forsking som vi gjer. Det er òg teke med ei rekkje andre sider ved vurderingssystemet i dei prosjekta som det no vert jobba med i Utdanningsdirektoratet, og målet er nettopp betre læring for den enkelte og klare og gode tilbakemeldingar på det arbeidet ein gjer.

: