Stortinget - Møte onsdag den 16. januar 2008 kl. 10

Dato: 16.01.2008

Tilbake til spørretimen

Spørsmål14

Martin Engeset (H) [12:21:36]: «En årsak til at mennesker faller ut av arbeidslivet, er at de ikke har hatt godt læringsutbytte i skolen. I behandlingen av Dok. nr. 8:10 (2005-2006) om å styrke voksnes grunnleggende ferdigheter het det fra en enstemmig komité: «Komiteen ber departementet komme tilbake til Stortinget med en egen sak med forslag til tiltak om hvordan man kan sikre voksnes rett til grunnskoleopplæring.» Det er gått nesten to år siden behandlingen uten at noe er skjedd.

Hva vil statsråden gjøre for å følge opp Stortingets vedtak?»

Statsråd Bård Vegar Solhjell [12:22:16]: Vaksne fekk rett til grunnskuleopplæring i 2002. Denne retten er utforma på ein slik måte at den gjeld alle som treng slik opplæring. Opplæringslova seier òg at opplæringa skal tilpassast behova til den vaksne, både når det gjeld omfang, lengd og tidspunkt for undervisninga. Retten til grunnskuleopplæring omfattar òg retten til opplæring i grunnleggjande ferdigheiter som lesing og rekning.

Då retten til grunnskuleopplæring vart innført, auka ikkje deltakinga i slik opplæring like mykje som ein kanskje hadde trudd på førehand. Det kan kome av fleire ting, m.a. at vi har hatt ein stram arbeidsmarknad, slik at det har vore lettare å få jobb, eller at vaksne ikkje kjenner rettane sine, eller at ein del ikkje er motiverte for slik opplæring.

Eg vil understreke at det ikkje er tvil om at vaksne har rett til grunnskuleopplæring tilpassa behova deira. For å følgje opp komiteen sin merknad vil eg likevel gå gjennom praktiseringa av lovverket, sjå på korleis informasjonsarbeidet kan styrkjast slik at fleire vaksne vert klar over rettane, og vurdere om samarbeidet mellom ulike aktørar kan styrkjast slik at kvaliteten på tilboda kan verte betre. Eg vil kome tilbake til Stortinget med dette i samband med St.prp. nr. 1 for 2008-2009.

Eg meiner at det å ha tilstrekkelege grunnleggjande ferdigheiter er ein føresetnad for anna læring og kompetanseutvikling, og Regjeringa har sett i verk fleire tiltak - både for at fleire vaksne skal få opplæring, og for at kvaliteten på opplæringa skal verte betre.

Våren 2007 underteikna Regjeringa og KS ein samarbeidsavtale der målet er å leggje til rette for eit styrkt og meir systematisk samarbeid på lokalt nivå mellom NAV og styresmaktene for utdanning. Eit betre samarbeid skal bidra til å få fleire i arbeid eller utdanning.

Så vil eg òg nemne at Regjeringa i 2006 etablerte «Program for basiskompetanse i arbeidslivet», som er eit tiltak for å styrkje tilbodet om opplæring i grunnleggjande ferdigheiter for vaksne.

For mange vaksne vil tilrettelegginga av og kvaliteten på tilboda vere avgjerande for om dei kan eller ønskjer å delta. For å bidra til at opplæringa lettare kan verte tilpassa vaksne, er det utvikla eit nytt rammeverk som består av kompetansemål og rettleiingar for m.a. grunnleggjande lese- og skriveferdigheiter og rekneferdigheiter. Kompetansemåla i rammeverket tek utgangspunkt i kompetansemåla i læreplanane for Kunnskapslyftet, men er tilpassa livs- og arbeidssituasjonen til vaksne.

Eg vil til sist nemne at Regjeringa til våren vil fremje eit forslag om å utvide retten til vidaregåande opplæring for vaksne. Forslaget vil innebere at alle vaksne over 25 år vil få rett til vidaregåande opplæring dersom dei ikkje har fullført slik opplæring tidlegare.

Martin Engeset (H) [12:24:58]: Jeg takker statsråden for svaret, som jeg mener i for stor grad bærer preg av at han synes å legge til grunn at bare man vedtar en lovmessig rettighet, så er jobben gjort. Hele denne problemstillingen viser vel at så enkelt er det ikke.

Svært mange av dem som står i fare for å bli ekskludert fra arbeidsmarkedet, mangler grunnleggende kunnskaper i lesing og skriving. Det tilsvarende gjelder i minst like stor grad for mange av de flere hundre tusen som allerede står utenfor arbeidslivet, og som har en eneste stor drøm og et eneste håp, nemlig å få en ny sjanse og få lov til å komme tilbake i arbeidslivet. Derfor er dette faktisk den beste sosialpolitikken man kan bedrive, og det beste en kan gjøre for å motvirke fattigdom - noe jeg trodde var viktig for SV.

Hva vil statsråden konkret gjøre på kort sikt for å løfte disse menneskene ut av en håpløs situasjon og gi dem en ny sjanse?

Statsråd Bård Vegar Solhjell [12:25:59]: Meininga med svaret var å presisere at eg ikkje trur at det er nok berre å vedta ein rett - sjølv om eg meiner det er viktig å seie at den retten er til stades - men tvert imot å seie litt om kva eg har tenkt å gå gjennom og vurdere for å sjå om vi følgjer opp den retten godt nok.

Berre for å gjenta det kort: Eg meiner at vi må sjå på korleis informasjonsarbeidet kan styrkjast, slik at fleire vert klar over sine rettar, for det kan nok vere teikn som tyder på at rettane ikkje er godt nok kjende. I tillegg må vi vurdere om samarbeidet mellom alle dei aktørane som er inne i biletet for å oppfylle rettane, er godt nok. Eg ønskjer då å leggje det fram for Stortinget i samband med neste St.prp. nr. 1.

Martin Engeset (H) [12:26:52]: I et brev som Høyres leder, Erna Solberg, sendte til statsrådens forgjenger, Øystein Djupedal, i juni 2007, og som hun fikk svar på først i slutten av september 2007, inviterte Høyres leder til et samarbeid på dette viktige saksområdet. Da svarte statsrådens forgjenger, Djupedal:

«Vi er nå i full gang med å følge opp de varslede tiltakene.»

Siden den gang har det vært ganske stille. Det skyldes kanskje at det har vært statsrådsskifte. Men jeg håper og ber innstendig om at statsråden merker seg Høyres sterke engasjement i denne saken og er innstilt på et godt samarbeid også med opposisjonen for å få til tiltak her som virker for grupper som er helt avhengige av grunnleggende kunnskaper for å kunne få en ny sjanse.

Statsråd Bård Vegar Solhjell [12:27:49]: Det er eg innstilt på. Men eg meiner nok at merkelappen at det ikkje skjedde noko i perioden til forgjengaren min, er urimeleg. Tvert imot skjedde det viktige ting på dette området i den perioden. «Program for basiskompetanse i arbeidslivet» vart etablert. Dette er eit viktig program, som mange bedrifter deltek i og har fått tildelt støtte til opplæring gjennom. Vi inngjekk ein avtale med KS om å leggje til rette for betre samarbeid, og no er som kjent eit forslag om vidaregåande opplæring i emning.

Men eg er likevel innstilt på å gå gjennom om praktiseringa av denne retten er god nok, og kome tilbake til Stortinget med mine konklusjonar om det.