Stortinget - Møte onsdag den 7. mai 2008 kl. 10

Dato: 07.05.2008

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 7

Øyvind Halleraker (H) [11:58:08]: Jeg har et spørsmål til samferdselsministeren:

«Fremstående representanter fra Jernbaneverket og forskningsmiljøer uttaler at den norske måten å bygge jernbane på koster staten milliarder av kroner ekstra. Regjeringen ønsker hverken å anvende OPS-modeller eller sitt eget forslag fra Soria Moria, prosjektfinansiering.

Er statsråden enig i at dette er å kaste bort verdifulle økonomiske ressurser som kunne vært brukt på andre prosjekt?»

Statsråd Liv Signe Navarsete [11:58:40]: Eg er samd i at jernbaneprosjekt skal byggjast ut så billig som mogleg innafor dei planføresetnadene som er vedtekne for dei einskilde prosjekta. Dette gjeld utan omsyn til på kva måte prosjektet vert finansiert.

Samferdsledepartementet bad Jernbaneverket i 2006 om å gjere ei vurdering av kva for gevinstar som kunne vore oppnådde om ein hadde bygd ut heile Vestkorridoren under eitt med ei meir optimal framdrift, i staden for som no, med ei parsellvis utbygging og i periodar utan optimal framdrift av anlegg som var starta opp. I 2006 auka t.d. Stoltenberg II-regjeringa løyvinga til Lysaker stasjon med 25 mill. kr for å få meir optimal framdrift i prosjektet.

Gjennomgangen frå Jernbaneverket synte at det ville ha vore mogleg å redusere byggjekostnadane monaleg. Den største samfunnsøkonomiske gevinsten er likevel knytt til at ved ei samla og rask utbygging hadde heile dobbeltsporet kunna takast i bruk på eit tidlegare tidspunkt.

Eg vil gjere merksam på at planane for utbygging av dobbelsporet i Vestkorridoren vart omhandla i St.meld. nr. 46 for 1999-2000, Nasjonal transportplan 2002-2011. Her går det fram at hovudårsaka til at det vart valt ei parsellvis utbygging, var at jernbanekapasiteten på strekninga var sprengd, og det hasta med å kome i gang med utbygginga sjølv om det ikkje låg føre vedtekne planar for heile strekninga.

Denne regjeringa har som prinsipp at prosjekt som er starta opp, skal drivast så rasjonelt som mogleg. Eg meiner at utbygginga av jernbaneprosjekta i Vestkorridoren er eit godt døme på dette. Samla for 2007 og 2008 er det løyvt i overkant av 1,6 milliardar kr til anleggsprosjekta som framleis er i gang i Vestkorridoren. Eg vil tillate meg å minne representanten Halleraker på det taktskiftet som kom i norsk samferdslepolitikk med regjeringsskiftet. Utbygginga av Vestkorridoren hadde ikkje optimal framdrift. Tilleggsløyvinga Regjeringa kom med til budsjettframlegget for 2006 frå regjeringa Bondevik II og den vidare opptrappinga vi har hatt, slik at jernbana sitt investeringsbudsjett no er meir enn 50 pst. høgre, har vore avgjerande for at vi no held framdrifta i Vestkorridoren. Då me overtok, stod det prosjektet i fare for å måtte stanse opp.

Eg gjer òg merksam på at Regjeringa har teke den krevjande avgjerda å utsetje oppstart av prosjekt som har vore varsla starta, m.a. Barkåker-Tønsberg, slik at god framdrift kan sikrast på dei prosjekta som alt er i gang. Regjeringa har difor alt teke viktige grep for å sikre betre utnytting av ressursane som går til jernbana.

Når det gjeld spørsmålet om bruk av OPS-modellar eller andre former for prosjektfinansiering, viser eg elles til svaret mitt på spørsmål 6, frå representanten Arne Sortevik.

Øyvind Halleraker (H) [12:01:21]: Jeg takker for svaret.

I eksemplet fra Jernbaneverket med strekningen Lysaker-Asker har staten altså tapt 1,5 milliarder kr. I tillegg kommer selvsagt næringslivets og samfunnets tap fordi ting går sent eller sågar ikke blir startet opp.

Fra vegsektoren kjenner vi til sammenlignbare motorvegstrekninger som faktisk er under bygging nå, i OPS-regi og i statlig regi, henholdsvis Grimstad-Kristiansand og E18 gjennom Vestfold. De har en ganske sammenlignbar lengde og kompleksitet, men OPS-prosjektet bygges på halve tiden, uten overskridelser og med oppsiktsvekkende lavt sykefravær og den type kostnader.

All evaluering av OPS-modellene peker i én retning. Til tross for dette nøler Regjeringen. Kan statsråden leve med at det ikke skjer noe særlig her lenger, når staten påviselig sløser med midlene?

Statsråd Liv Signe Navarsete [12:02:21]: Det undrar meg at representanten Halleraker og Høgre tek opp dette spørsmålet, for det viser jo til fulle at representanten sitt parti sat i fire år og sløste med staten sine midlar. I fire år sat Høgre i ei regjering som kunne ha teke tak i denne saka, men dei sikra ikkje eingong rasjonell framdrift innafor dei budsjetta som vart vedtekne.

Eg må jo seie at eg blir forundra når eg les St.prp. nr. 1 for 2005-2006. Der går det fram at Bondevik II-regjeringa meiner at ei låneordning for jernbaneinvestering ikkje bør takast i bruk sidan den norske staten ikkje manglar midlar, i motsetning til det som er grunngiving for bruk av alternative finansieringsordningar i andre land. Her blir det konkludert med at på bakgrunn av administrative, kostnadsmessige og finanspolitiske omsyn meiner Bondevik II-regjeringa at ei statleg låneordning for finansiering av jernbaneprosjekt ikkje bør etablerast.

I fire år sat Høgre i regjering. Dette er konklusjonen frå Høgre i regjering. Det viser til fulle at når ein kjem ut av regjeringskontora, gløymer ein kva ein eigentleg har meint.

Øyvind Halleraker (H) [12:03:25]: Jeg takker igjen for svaret.

Høyre i regjering viser også at vi igangsatte OPS-prosjekter med stor suksess, og det var det som var bakgrunnen for mitt spørsmål.

I Sverige anvender man en prosjektfinansiering slik disse regjeringspartiene skrev at de ville gjennomføre i Norge. Tre år er gått, og vi har sett lite til det.

Botniabanen er en høyhastighetsstrekning på 20 mil som realiseres på åtte-ti år nettopp innenfor en slik modell, til en oppsiktsvekkende lav kilometerpris. Her benyttes bl.a. det svenskene kaller Riksgjeldskontoret som medfinansiør. I Norge har vi hatt Garantiinstituttet for eksportkreditt for skip og borerigger og «you name it». Men selskapet Botniabanen AB er eid av det offentlige, og det er altså organiseringen og strukturen her som gjør at de bygger så mye raskere og mer rasjonelt.

Hvordan går det med statsrådens oppfølging av egne løfter i Soria Moria-erklæringen om denne typen organisering i Norge, nemlig prosjektfinansiering?

Statsråd Liv Signe Navarsete [12:04:29]: For det fyrste er det denne statsråden som sette i gang ei utgreiing i regi av Jernbaneverket for å sjå om det er noko å hente på å ha ei samanhengande utbygging og eventuelt ei anna finansiering. Ikkje eingong dét hadde Høgre i regjering fantasi til å setje i gang.

Når det gjeld spørsmålet om Regjeringa vil vurdere prosjektfinansiering eller ikkje, har me i samband med utkastet til Nasjonal transportplan fått innspel frå etatane som spelar opp til ein slik diskusjon. Den diskusjonen skal eg sjølvsagt sørgje for vert teken, og svaret på dette vil måtte kome i storingsmeldinga om Nasjonal transportplan til hausten.