Stortinget - Møte onsdag den 5. november 2008 kl. 10

Dato: 05.11.2008

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 18

Gunnar Gundersen (H) [12:52:08]: Jeg vil rette følgende spørsmål til kunnskapsministeren:

«På TV 2‑nyhetene den 16. oktober stilte statsråden opp i et intervju rundt spesialundervisning i Lunner kommune. Kommunen må kutte kostnader. Ordføreren understreket at kommunen skal drive en skole i tråd med lovverket, men statsråden bidro til å skape tvil om dette. Lunner kommune har hatt et tilbud om spesialundervisning på ungdomstrinnet utover det som er lovpålagt, og vurderer sine handlinger nøye.

Var statsråden i kontakt med kommunen for å orientere seg om situasjonen før han ga sin kommentar til TV 2?»

Statsråd Bård Vegar Solhjell [12:52:48]: Mine kommentarar i TV 2‑nyheitene ved den aktuelle anledninga galdt plikta som alle kommunar har til å gi den spesialundervisninga som er lovpålagd. Det er ekstremt viktig. Vi veit dessverre at for mange elevar ikkje får oppfylt sin lovpålagde rett til spesialundervisning, og nokon må stå opp for dei og gjere det krystallklart. Kommentarane var ikkje retta mot den konkrete budsjettsituasjonen i Lunner kommune, og eg hadde ikkje vore i kontakt med kommunen om denne saka.

Eg kan ikkje sjå at kommentarane skulle føre til at det vart skapt tvil, snarare tvert imot. Det eg var oppteken av, var å peike på at det er viktig at alle elevar som treng det, får den spesialundervisninga dei har krav på etter opplæringslova. Det sa eg òg i mine kommentarar, og eg trur eg tvert imot gjorde det klarare at ein må følgje lova. Den retten til spesialundervisning som elevane har, kan ein ikkje sjå bort frå, og innhaldet i spesialundervisninga skal ikkje verte redusert på grunn av f.eks. manglande dekning i kommunebudsjetta.

Gunnar Gundersen (H) [12:54:01]: Jeg har sett innslaget flere ganger, og jeg tror det er liten tvil om at det sås tvil om hvorvidt kommunen vil følge det som er lovpålagt.

Statsråden og jeg helt enige om at vi bør ha en tøffere oppfølging av det som faktisk er lovpålagt, også når det gjelder spesialundervisning. Men kommunene er også pålagt å tilpasse seg en økonomi innenfor de rammene de faktisk opplever. Her var det en kommune hvor ordføreren stod fram og garanterte at den tilpasningen ikke ville skje på bekostning av det som er lovpålagt.

Jeg mener det er et ganske viktig skille i vår måte å drive samfunnet på at kommunene har både en rett og en plikt til å tilpasse seg slik de finner det mest fornuftig, så lenge de ikke bryter lovverket. Det var det jeg reagerte på da statsråden var ute og kommenterte. Jeg vil be om at han avklarer det for framtiden, slik at man ikke bidrar til å så tvil om hva som foregår ute i de enkelte kommuner.

Statsråd Bård Vegar Solhjell [12:55:04]: Det vil sjølvsagt vere heilt utenkjeleg for meg å blande meg inn i budsjettbehandlinga i ein kommune i Noreg, fordi det er eit lokalt ansvar.

Det som derimot er mitt ansvar å blande meg inn i, og som eg synest er viktig, er for det første at alle elevar i Noreg som har krav på spesialundervisning, skal få oppfylt sin rett til det. Eg vil bruke alle anledningar òg i fortsetjinga til å gjere det så krystallklart som mogleg, for eg trur det er ein bodskap som for sjeldan når ut til både kommunepolitikarar, foreldre og ungane sjølve.

For det andre vil eg i tillegg seie herfrå at det ofte vil vere behov for meir enn det lovpålagde minstetilbodet for at tilbodet om spesialundervisning skal vere godt. Eg vil sterkt oppfordre til at ein vurderer det og gir eit så godt tilbod som mogleg – òg utover det som er lovpålagt.

Gunnar Gundersen (H) [12:55:59]: Slik sett er jeg fornøyd med svaret. Men kunnskapsministeren vet også at i norsk skole har vi en stor utfordring i å finne nye løsninger for nettopp spesialundervisningen. Vi har fokusert veldig på dette med tidlig innsats, at man kanskje må gi spesialundervisning mye tidligere.

Man har ganske stor kreativ kraft ute i de mange kommunene rundt omkring i landet, og det er igjen viktig at statsråden ser forskjellen mellom det å kommentere forhold som bryter loven, og forhold hvor kommunene tilpasser seg innenfor det som er deres grad av frihet – den friheten som lovverket gir. Det var for å ta opp det jeg mente var et lite overtramp overfor Lunner kommune i forhold til nettopp den graden av frihet kommunene skal ha til å kunne tilpasse sine tjenester, jeg stilte spørsmål i dag.

Statsråd Bård Vegar Solhjell [12:56:54]: Eg peikte ganske enkelt på kva lova seier, og at det må følgjast. Og det vil eg fortsetje med.

Så kunne eg ikkje vore meir einig i at vi må gjere ein betre tidleg innsats. Den raud‑grøne regjeringa har på ein heilt annan måte enn tidlegare i Noreg teke tak i det. Det ligg no ei stortingsmelding til behandling i Stortinget der vi varslar det som allereie er lagt fram i budsjettet. Det er 1 milliard kr til kommunane neste år, til fleire lærarar og andre pedagogar i første til fjerde klasse i norsk og matematikk og til obligatorisk kartleggingsverktøy når det gjeld lesing dei første skuleåra. Vidare er det ei plikt for kommunane å ha ein kvalitetsrapport der ein går igjennom kvaliteten i opplæringa, det er ei rektorutdanning som nettopp skal fokusere på tidleg oppfølging – for ikkje å snakke om det som skjer før skulestart, at vi no har hatt ein barnehagerevolusjon. Det året eg vart fødd, i 1971, gjekk under 3 pst. av barna i Noreg i barnehage. No er det 95 pst. av dei som begynner på skulen, som har det faglege og sosiale grunnlaget. Dét er tidleg innsats i praksis.

Presidenten: Den ordinære spørretimen er omme.