Stortinget - Møte onsdag den 14. januar 2009 kl. 10

Dato: 14.01.2009

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 7

Line Henriette Holten Hjemdal (KrF) [12:01:39]: «Det er en hyggelig utvikling at flere og flere velger å pendle med tog. Dessverre opplever mange dagpendlere at togene ikke kommer og går når de skal.

Er det et mål for statsråden at togene kommer og går når det er angitt i rutetabellen?»

Statsråd Liv Signe Navarsete [12:01:57]: På dette spørsmålet kunne eg ha gitt eit veldig kort svar – og berre sagt ja. Men eg skal med respekt for både representanten og for Stortinget seie litt meir enn det.

Det er sjølvsagt eit grunnleggjande kjenneteikn ved eit godt togtilbod at toga kjem og går slik det er annonsert i rutetabellen. Som eg sa i mitt svar på spørsmålet frå representanten Bøhler, er eg ikkje nøgd med den utviklinga me har hatt dei siste åra når det gjeld forseinkingar i togtrafikken. Denne utviklinga er negativ, og den svekkjer tilliten til toget.

Eg kan forsikre representanten Holten Hjemdal om at å få til ein meir punktleg togtrafikk er eit viktig mål for meg. Som eit overordna mål overfor Jernbaneverket er det sett krav om at minst 90 pst. av alle tog skal vere i rute til endestasjonen. For lokaltog, Flytoget og regiontoga i intercitytriangelet Skien–Halden–Lillehammer vert toga rekna som forseinka når dei kjem meir enn fire minutt for seint fram til endestasjonen. For andre regiontog, for fjerntoga og godstrafikken er grensa sett til seks minutt. Denne målsetnaden har vist seg vanskelegare å oppnå for dei fleste togstrekningane dei siste åra.

Som nemnt i mitt svar på spørsmål frå representanten Bøhler, er hovudårsaka til dette at Jernbaneverket på mange strekningar slit med ein gamal og nedsliten jernbaneinfrastruktur der det er behov for meir omfattande fornyingar enn det som har vore gjort over mange år. Ikkje minst gjeld dette i Oslo-området, som er navet i det norske jernbanenettet og som har størst betydning for om rutetabellen kan haldast for dei fleste toga. Det viktigaste denne regjeringa kan gjere i denne samanhengen, er å foreslå auka løyvingar til vedlikehald og fornying av jernbanenettet. Samla for heile perioden 2006–2009 har det under denne regjeringa vorte løyvd om lag 1,1 milliardar kr meir til drift og vedlikehald enn det som det tidlegare vart lagt opp til for planperioden 2006–2009, medan den samla løyvinga til Jernbaneverket, medrekna investeringar, er 615 mill. kr høgare enn det Stortinget vedtok i samband med Nasjonal transportplan for perioden 2006–2009.

Sjølv om me har kome godt i gang med å ruste opp jernbanenettet, står det att mykje arbeid for å nå målet om ein meir driftsstabil togtrafikk, samstundes med å få auka kapasiteten i jernbanenettet for å få overført meir trafikk frå veg til jernbane. Dette er eit viktig arbeid som Regjeringa vil kome tilbake til i samband med Nasjonal transportplan for 2010–2019. Det gledelege i den situasjonen me er i, er at mange fleire vel å bruke jernbane. Problemet er at det legg ytterlegare press på eit nedslite nett. Så det hastar med å kome vidare. Me er komne i gang, men, som sagt, her står det att veldig mykje viktig arbeid.

Line Henriette Holten Hjemdal (KrF) [12:04:48]: Jeg takker for svaret.

Jeg synes det er betryggende at samferdselsministeren, som kunne ha gitt et kort svar, velger å gi et litt mer grundig svar, og at man er opptatt av at toget skal være presist – det er mange togpendlere som ikke opplever det i sin hverdag.

I Smaalenenes Avis 3. januar kan vi lese at tog 156, som skal gå fra Knapstad stasjon 06.43, ikke har vært presist siden februar 2007 – og det er jo en stund siden. Rundt 40 pendlere har i 2008 stått og ventet i til sammen 24 timer på jernbanestasjonen. Det er jo slik at østre linje har en fjernstyring, og derfor må det krysses på betjente stasjoner. Disse pendlerne ønsker ganske enkelt en rutetabell som forteller at toget kommer når det kommer. Man er villig til å være med på å endre tabellen slik at toget kommer når det kommer, og ikke slik det er i dag, at det kommer på tider det ikke skal komme.

Statsråd Liv Signe Navarsete [12:05:55]: Eg får håpe at toget kjem når det kjem. Det som er målet, er at det kjem når det står i rutetabellen at det skal kome. Det er heilt klart ei utfordring. Det eg oppfattar at representanten seier, er at ein bør vurdere å endre rutetabellen i forhold til det ein ser ein greier å levere. Det er eit godt og konstruktivt innspel. Eg meiner NSB bør vurdere om det bør gjerast endringar, for eg skjøner irritasjonen og frustrasjonen hos folk når dei må stå i vintermørkret og kulden og vente på eit tog som ikkje kjem når det er annonsert. Så det er eit innspel å vurdere.

Så er det sjølvsagt slik at alt heng saman med alt. I Oslo-området er rutene så tette og toget går så ofte at det å begynne å forandre i ein ende, ofte vil føre til ein dominoeffekt i heile systemet. Så om moglegheita er der for å gjere store endringar, kan eg ikkje svare på her og no, men det er i alle fall eit konstruktivt innspel.

Line Henriette Holten Hjemdal (KrF) [12:07:04]: Jeg er glad for de signalene som statsråden nå kommer med. Det er klart at alt henger sammen med alt, men det å be NSB vurdere en endring av denne rutetabellen, er mulig. Det er venterom på stasjonen før og stasjonen etter, og den bufferen som legges inn, bør legges inn der, slik at disse 35–40 pendlerne slipper å stå ute i all slags vær. De sier de har det fint om våren og sommeren, men det er litt ufyselig når været ikke er helt godt. Skal vi få flere over på tog, så er jo den beste PR-en at vi har fornøyde kunder. Vi må ha flere pendlere over på tog med tanke på de klimautfordringene vi står overfor. Det er jo en viktig del av klimaforliket, som bl.a. Kristelig Folkeparti gikk inn for sammen med Regjeringen for to år siden.

Er det slik at statsråden vil følge opp denne saken overfor NSB?

Statsråd Liv Signe Navarsete [12:08:07]: Eg opplever at både Kristeleg Folkeparti og representanten er konstruktivt opptekne av å gjere noko positivt for togpendlarane. Det er ei målsetjing som eg absolutt deler. Eg skal ta med meg det forslaget som har kome her i dag, og skal sjekke med NSB om moglegheitene er der. Eg kan ikkje love positiv respons, men eg kan love at eg skal ta det opp. Så får me kome tilbake på eigna måte når svaret kjem.