Presidenten: Det vert nokre endringar i den oppsette spørsmålslista, og presidenten viser i den samanhengen til den oversikta som er omdelt på representantane sine plassar i salen. Presidenten gjer framlegg om at dei foreslåtte endringane i dagens spørjetime blir godkjende – og ser det som vedteke.
Endringane var desse:
Spørsmål 1, frå representanten Svein Flåtten til finansministeren, blir utsett til neste spørjetime, då statsråden er bortreist.
Spørsmål 11, frå representanten Gunnar Kvassheim til olje- og energiministeren, blir utsett til neste spørjetime, då statsråden er bortreist.