Stortinget - Møte onsdag den 22. april 2009 kl. 10

Dato: 22.04.2009

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 2

Borghild Tenden (V) [11:35:56]: «Det har i det siste vært mye oppmerksomhet omkring trafikksikkerhet og særlig ungdomsulykker. Ungdommene må gjennomgå opplæring på en trafikkskole for å kunne ta førerkort før førerprøve avlegges. Kunnskapen og holdningene den enkelte tilegner seg gjennom opplæringen, er viktig grunnlag for adferd i trafikken etter at førerprøve er avlagt.

Hva gjøres for å kvalitetssikre trafikkskolene?»

Statsråd Liv Signe Navarsete [11:36:24]: Eg ser med stor uro på dei mange alvorlege trafikkulukkene som i aukande grad har ramma unge bilførarar i aldersgruppa 18 til 25 år. Mange av desse ulukkene kjem av høg fart, og i enkelte tilfelle er òg ruspåverknad og manglande bruk av bilbelte involvert.

Gode haldningar og trafikktrygg åtferd hjå unge bilførarar vert skapt gjennom kunnskap om konsekvensar og gjennom køyretrening med erfarne bilførarar. Innhaldet i og kvaliteten på opplæringa som trafikkskulane gir, er viktige for å skape gode haldningar og leggje til rette for trafikktrygg åtferd. Eg er difor svært oppteken av kvalitetssikring av dei som tilbyr føraropplæring.

Vegtrafikklovgivinga stiller krav til trafikkskulane gjennom krav til etablering og drift, samt til innhald, omfang og metodar for undervisninga. For at ein trafikkskule skal kunne tilby føraropplæring, må skulen vere godkjend av Statens vegvesen. For å få ei slik godkjenning må skulen bl.a. ha ein fagleg leiar som tilfredstiller nærare oppgitte krav, og dei som underviser ved skulen, skal vere godkjende trafikklærarar.

Statens vegvesen fører tilsyn med trafikkskulane for å sikre at undervisninga er i samsvar med trafikkopplæringsforskrifta. For å sikre at tilsynet vert gjennomført med tilstrekkeleg kvalitet og profesjonalitet vart det i 2007 etablert eigne tilsynsseksjonar. Frå 1. januar 2008 var tilsynsseksjonar i operativ drift i alle fem regionane. I 2008 vart det gjennomført om lag 750 tilsyn hjå trafikkskulane.

I løpet av ein toårsperiode vil det verte gjennomført tilsyn med alle trafikkskulane. Ordinært tilsyn vert gjennomført ved etablering og drift, dernest vert det utført tilsyn med nærare utvalde tema i opplæringa. Vegdirektoratet vel ut desse i samarbeid med tilsynsleiarane på bakgrunn av innhenta informasjon m.a. frå sensorkorpset, ulukkesregistreringar og erfaringar frå tidlegare tilsyn. I tillegg vert det gjennomført særskilt tilsyn på bakgrunn av førespurnader frå publikum og andre som indikerer manglar ved konkrete trafikkskular.

Tilsyn med verksemder underlagde regelverk for føraropplæring er eitt av fleire tiltak som er særleg prioritert i 2009. Regjeringa har òg i Nasjonal transportplan 2010–2019 lagt opp til at Statens vegvesen skal auke innsatsen for tilsyn med opplæringsinstitusjonar og interne faglege kvalitetsrevisjonar. Dette vil bidra til sterkare kvalitetssikring av trafikkskulane.

Borghild Tenden (V) [11:38:58]: Jeg takker statsråden for svaret.

Bakgrunnen for spørsmålet mitt er at jeg har fått signaler fra seriøse trafikkskoler om at det finnes mange useriøse trafikkskoler i markedet. Så mitt oppfølgingsspørsmål er: Er dette informasjon som har nådd samferdselsministeren?

Statsråd Liv Signe Navarsete [11:39:26]: Eg opplever å ha særdeles god kommunikasjon med Autoriserte Trafikkskolers Landsforening. Dei er med på møte hjå oss. Eg har ikkje i desse møta – som eg kan minnast – registrert å ha fått den type informasjon, så det er i så fall noko eg må røkje etter.

Men som eg sa i mitt hovudsvar, vil me no i løpet av ein toårsperiode gjennomføre tilsyn med alle trafikkskulane. Dei tilsyna er grundige, og dei vert gjennomførte etter visse reglar. Det skal lagast ei oppsummering etter tilsynet, og ein skal påpeike manglane. Eg forventar at viss ein då kjem over trafikkskular som ikkje tilfredsstiller dei krava dei skal, vil dei verte avdekte i desse kontrollane.

Borghild Tenden (V) [11:40:30]: Jeg takker igjen for svaret.

Vi går en russetid i møte, og vi går en ny sommer i møte. Fra 2007 til 2008 økte faktisk antallet ungdomsulykker med 52 pst. Senest 18. april kunne jeg lese i Asker og Bærums Budstikke at en nylig pensjonert kjøreskolelærer sier om de unge:

«De kjører for lite, har for lite erfaring og mangler forståelse for fart og hvilke krefter som er i gang i trafikken.»

Dette mener jeg – og sikkert mange med meg – er svært alvorlig nå på vårparten.

I 2005 ble det innført en ny trafikkopplæring. Målet var at det skulle redusere antall ulykker. Skal det skje en evaluering av denne trafikkopplæringen? Hvordan ser statsråden på at den nye trafikkopplæringen faktisk ikke har fungert slik som målet var, at den skulle redusere antall trafikkulykker?

Statsråd Liv Signe Navarsete [11:41:29]: Den nye trafikkopplæringa vart innført av statsråd Skogsholm i 2005. Det er ingen tvil om at opplæringa treng å verte evaluert og sannsynlegvis òg forsterka på enkelte område. Intensjonen var veldig god, men dessverre ser me at talet på ungdomsulukker aukar.

Det er sett i gang ei evaluering av føraropplæringa, og me tek sikte på justeringar i føraropplæringa frå 2010. Eg vil òg basere dei endringane på erfaringar eg har med seks forsøksprosjekt i vidaregåande skule, der me har lagt føraropplæringa inn i vidaregåande skule i samarbeid med køyreskular, og der resultatet så langt kan tyde på at det å strekkje teoriopplæringa over ei lengre tid og meir mengdetrening kan vere ein veg å gå for å få sikrare sjåførar. Men dette arbeider me no med, og me kjem sjølvsagt tilbake til Stortinget med det seinare.