Stortinget - Møte onsdag den 27. oktober 2010 kl. 10

Dato: 27.10.2010

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 5

Tage Pettersen (H) [11:25:44]: «Nasjonal transportplan 2010–2019 slår fast at transportsystemet skal være universelt utformet. I 2012 er det planlagt å fase inn NSBs nye tog Flirt, som er tilrettelagt universell transport. For å få trinnfri adkomst til de nye togene må imidlertid plattformene oppgraderes. 44 stasjoner skal betjene de nye togene, og ingen av disse er foreslått oppgradert i 2011.

Hvordan ser statsråden for seg at de nye togene skal bidra til økt tilgjengelighet for mennesker med nedsatt bevegelighet fra 2012 og fremover?»

Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa [11:26:21]: Regjeringa legg til grunn prinsippet om samfunnsmessig likestilling og universell utforming i arbeidet sitt. I St.meld. nr. 16 for 2008–2009 Nasjonal transportplan for 2010–2019 er det eit hovudmål at transportsystemet skal vera universelt utforma.

Jernbaneverket har kartlagt behov for tiltak på stasjonar som tilfredsstiller dei ulike nivåa for tilgjengelegheit eller universell utforming. Dette arbeidet blir lagt til grunn for prioriteringa av ressursbruken. Jernbaneverket skal i løpet av 2010 gjennomføra ei registrering som gjev ei oversikt over tilstanden for den enkelte stasjonen og dei grupper av tiltak som er nødvendige å gjennomføra. I 2011 planlegg Jernbaneverket å gjera fire stasjonar tilgjengelege og tre stasjonar universelt utforma. I 2011 og 2012 vil ein del plattformer bli forlengde, slik at dei blir i samsvar med lengda på toget.

Når ein fyrst gjer ei ombygging, vil òg plattformene bli heva til ei høgd på 76 cm. Eg har gjeve Jernbaneverket i oppdrag å utarbeida ein langsiktig plan for utvikling av jernbanen med sikte på å oppnå universell utforming. Prinsippet om universell utforming skal leggjast til grunn ved planlegging, prosjektering og bygging av ny stasjonsinfrastuktur.

For eksisterande stoppestader blir det i fyrste omgang lagt opp til å oppgradera til tilgjengelegheit for alle. Det betyr at minst éin tilkomstveg til plattform er tilrettelagd for alle. Etter kvart vil stasjonane bli oppgraderte til full universell utforming. Knutepunktstasjonar i triangelet Lillehammer–Skien–Halden har fått høgast prioritet. Deretter kjem andre stasjonar i triangelet med årsdøgntrafikk over 1 000 reisande.

Når NSB får dei nye togsetta, blir det tilrettelagt for trinnfri inngang der plattformene er 76 cm høge. Dei nye togsetta vil gje mykje betre tilgjengelegheit til toget på grunn av at ein stor del av det enkelte togsettet er bygd med låge golv. Dei nye togsetta skal etter den opphavlege planen i all hovudsak setjast i trafikk på det sentrale austlandsområdet, der dei største stasjonane allereie i stor grad er utrusta med 70 cm høge plattformer som gjev god tilgjengelegheit. Dei nye toga skal òg leverast med ein rullestolheis som gjer det mogleg å bruka dei òg på stasjonar og haldeplassar med lågare plattformer. Det siste er fordi det no nok er noko usikkert kvar desse toga skal setjast inn.

Når dei nye toga blir tekne i bruk, vil det på stasjonar som er opprusta med standardhøgd på plattformer, vera mogleg å rulla rett inn i toget ved hjelp av eit øvre trinn som lukkar gapet mellom tog og plattform. Dette trinnet vil òg gjera det lettare for alle passasjerar å koma seg av og på toget.

Tage Pettersen (H) [11:29:23]: Jeg vil takke statsråden for svaret.

Det spesielle i saken er jo at brukermedvirkningen i forbindelse med anskaffelsen av NSBs nye tog har vært veldig god. De berørte organisasjonene har fått være med på å påvirke hvordan togene skal tilrettelegges. Men dersom ikke den samme tilretteleggingen av stasjonene finner sted i et forholdsvis stort tempo, vil jo investeringen i universelt utformet togmateriell se noe mislykket ut, i hvert fall i innledende faser.

I henhold til NTPs Handlingsprogram for 2010–2013 er det jo nettopp én intercitystrekning og to lokalstrekninger som skal trafikkeres av de nye togene. Som jeg sa i mitt hovedspørsmål, er det ingen av de 44 plattformene i dag som har riktig høyde. Tre av dem vil få det – ut fra statsrådens svar – i 2011.

Jeg vil derfor spørre statsråden om hun er villig til å prioritere å flytte midler i budsjettet, slik at det kan være mulig raskere å oppnå målene som ligger inne i NTP hva gjelder universell utforming.

Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa [11:30:26]: Lat meg aller fyrst seia at det er eit svært viktig spørsmål representanten her tek opp, og òg ei viktig påminning om kor om å gjera det er å leggja til rette slik at tilgang til stasjonane gjeld alle.

Organisasjonane her har vore tungt inne. Sjølv leier eg eit kontaktforum for universell utforming, der eg har direkte kontakt med svært engasjerte og dyktige representantar for organisasjonane. I tillegg er departementet til stades på møte i Toggruppa, som Jernbaneverket leier, der organisasjonane kan drøfta ulike praktiske problem innan jernbanesektoren.

Budsjettet for 2011 ligg slik det gjer. Så får vi ein gjennomgang frå Jernbaneverket i løpet av 2010. Det betyr at vi må sjå på korleis vi handterer dette i 2012.

Tage Pettersen (H) [11:31:37]: Takk for svaret.

I budsjettet for 2011 er det foreslått totalt 250 mill. til stasjoner og knutepunkter. Slik jeg leser budsjettet, vil brorparten av disse midlene knyttes til Holmlia og Voss stasjoner samt forlengelse av noen plattformer – som statsråden har vært inne på – og tiltak knyttet til kundeinformasjon.

Skal man lykkes i det viktige arbeidet med universell utforming av transportsystemet, er det viktig at man satser på sammenhengende reisekjeder. Hvis ikke kan man fort risikere, for å gi et bilde av det, at man kommer seg på toget, men faktisk ikke vet om man kommer av toget i den andre enden.

Derfor vil jeg til slutt utfordre statsråden på hvor stor andel av de 250 mill. kr som ligger inne i budsjettet for 2011, som skal nyttes nettopp til universell utforming.

Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa [11:32:35]: Det er rett som representanten her seier, at på dette programområdet ligg det både investeringar og tiltak som omfattar kundeinformasjon, og som òg omfattar universell utforming og tilgjenge for alle. Eg har ikkje den eksakte fordelinga her, det skal eg ettersenda til representanten Pettersen.

I tillegg til organisasjonane har vi sjølvsagt òg bruk for både ei haldningsendring inne i hovudet til den enkelte og eit engasjement lokalt. Det ligg 42 mill. kr i såkalla BRA-midlar, som òg går til meir universell utforming. Her har resultatet det siste året vore – det er ein eigendel frå lokalt hald – at det har vorte liggjande pengar igjen. Eg ser for meg ein offensiv òg når det gjeld desse midlane, for vi må sørgja for å leggja til rette for meir universell utforming.