Stortinget - Møte onsdag den 10. november 2010 kl. 10

Dato: 10.11.2010

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 2

Tage Pettersen (H) [11:15:06]: «Ifølge oppslag i flere medier vil omleggingen av barnehagefinansieringen fra 2011 ramme en rekke kommuner meget hardt. Sarpsborg kommune vil, ifølge Aftenposten, tape 11 mill. kr per år på grunn av fordelingsnøkkelen som avhenger av andelen med høyere utdanning i kommunen. Dette vil ramme hele Østfold hardt. Jeg kan ikke se for meg at dette er gjennomtenkt av regjeringen, sier Ap-ordføreren i Sarpsborg.

Mener statsråden at disse nye kriteriene er objektive og riktige for utfordringene Kommune-Norge står overfor?»

Statsråd Liv Signe Navarsete [11:15:43]: Frå 2011 vert det øyremerkte tilskotet til barnehage innlemma i rammetilskotet til kommunane og vert ein del av inntektssystemet. Dette har heile tida vore planen når full barnehagedekning var oppnådd.

Det er ikkje slik at det er ein samanheng mellom kriteria i inntektssystemet og retten til barnehageplass. Rett til barnehageplass gjeld for alle barn, uavhengig av t.d. utdaningsnivået til foreldra. Kostnadsnøkkelen i inntektssystemet er sett saman av kriterium som bidreg til å forklare kvifor dei faktiske kostnadene varierer mellom kommunar. Føremålet er å beskrive situasjonen i kommunane mest mogleg slik han faktisk er, ikkje korleis vi skulle ynskje at han var. Delkostnadsnøkkelen for barnehage er utforma etter dei same prinsippa som delkostnadsnøklane for dei andre sektorane i inntektssystemet.

Det viktigaste kriteriet for fordeling av midlane til barnehage er sjølvsagt talet på born i kommunen. Men full barnehagedekning er ikkje det same i alle kommunar. Analysar viser at talet på born utan kontantstøtte og utdanningsnivået i befolkninga påverkar etterspurnaden. Statistisk sett er det ein samanheng mellom utdaningsnivået i befolkninga og etterspurnaden etter barnehageplass. I kommunar med høgare utdaningsnivå er etterspurnaden etter barnehage høgare, og dermed òg kommunane sine utgifter til barnehage.

Viss me ikkje hadde teke med utdaningskriteriet i kostnadsnøkkelen, ville vi ikkje greidd å fange opp variasjonane i etterspurnad mellom kommunane på ein like god måte. Kommunar med høg etterspurnad etter barnehageplassar ville fått for lite pengar til å dekkje behovet for barnehageplass, medan kommunar med låg etterspurnad ville fått for mykje. Dekningsgraden varierer t.d. frå 83,4 pst. i Sarpsborg til 89,1 pst. i Bærum. Tala det vert vist til, for mellom andre Sarpsborg, viser ikkje til fordelingsverknadene av innlemminga, men kor mykje meir kommunen ville fått viss midlane var fordelte med eit likt beløp pr. innbyggjar.

Å fordele tilskotet med eit likt beløp pr. innbyggjar har aldri vore eit alternativ. Å fordele midlane til barnehage på den måten ville bety at kommunar der ein relativt høg prosentdel av innbyggjarane er i barnehagealder, ville fått like mykje i tilskot som kommunar med ein relativt låg prosentdel av innbyggjarane i barnehagealder. Kommunen med flest innbyggjarar i aldersgruppa tre–fem år har om lag fire gonger så mange som kommunen med det lågaste talet. Dersom desse kommunane får like mykje i tilskot, vil dei ikkje ha like føresetnader for å gi eit godt barnehagetilbod. Det er difor viktig å ha kriterium som på ein best mogleg måte fangar opp at behova og kostnadene varierer til dels mykje mellom norske kommunar.

Den delkostnadsnøkkelen for barnehagar som er lagd til grunn i inntektssystemet frå 2011, er den modellen som best beskriv barnehagesektoren i dag. Det har vore store endringar i sektoren dei siste åra, og me vil difor følgje situasjonen nøye og vurdere delkostnadsnøkkelen for barnehage igjen allereie neste år.

Tage Pettersen (H) [11:19:14]: Jeg vil takke statsråden for svaret, selv om jeg ikke tror veldig mange lokalpolitikere over det ganske land ble beroliget av det.

Statsråden brukte nå drøyt tre minutter på å forklare utfordringen, og statssekretæren forsøkte i Dagsnytt 18 sist tirsdag å gjøre det samme. Men med respekt for det som ble sagt, tror jeg heller ingen der ble veldig mye klokere når det gjelder de utfordringene som nå rammer en rekke kommuner. Disse kriteriene som nå legges til grunn, er jo faktisk en dobbelt straff for kommuner med lave skatteinntekter i utgangspunktet. Jeg vil derfor spørre statsråden: Er det slik at en omlegging som straffer 393 kommuner, ifølge Kommunal Rapport, kan være utformet for å møte kommunenes utfordringer med stadig økt etterspørsel etter gode barnehageplasser?

Statsråd Liv Signe Navarsete [11:20:08]: Tala som det har vore vist til i media, er henta frå KS sin prognosemodell, der ein ser på storleiken på trekk og tillegg som følgje av kvart enkelt kriterium samanlikna med om tilskotet var likt fordelt per innbyggjar. Det er ein berekningsteknisk illustrasjon av korleis utgiftsutjamninga verkar, ved at ein fyrst bereknar eit innbyggjartilskot, likt fordelt, og deretter fordeler midlar gjennom utgiftsutjamninga.

Eg trur det er eit stort fleirtal i denne salen for at me skal ha ei utgiftsutjamning som speglar det reelle kostnadsnivået i den enkelte kommunen. Det ville vorte veldig rart viss kommunar som har liten etterspurnad etter barnehageplass, skulle ha like stor overføring til barnehagar som dei som har høg etterspurnad, og det er nett den forskjellen dette kriteriet er meint å spegle. Det har ingenting med retten til barnehageplass for ungane å gjere.

Tage Pettersen (H) [11:21:12]: Jeg takker igjen for svaret.

I går offentliggjorde NRK tall der halvparten av ordførerne sa at økonomien i egen kommune ser noe dårligere eller vesentlig dårligere ut i 2011 enn i år. Dette er faktisk den virkeligheten som de lever i der ute, og ikke statsrådens virkelighet, der det aldri har vært bevilget mer penger noen gang enn det er til enhver tid. Statsrådens uttalelser om at mange kommuner har levd over evne de siste årene, tror jeg heller ikke stemmer med virkelighetsbildet der ute.

Ja, vi er enige om at vi skal ha kriterier for hvordan vi skal fordele utgiftene. Det tror jeg ingen er uenig i. Spørsmålet er hvordan og hvilke kriterier som legges til grunn, og ikke minst hvordan disse kriteriene slår ut for den enkelte kommune. Jeg vil derfor spørre: Selv om dere gjemmer dere bak at det er 25 kriterier som ligger til grunn i inntektssystemet, så er det dette ene kriteriet som slår svært uheldig ut. Vil statsråden ta et spesielt initiativ for å se på det kriteriet?

Statsråd Liv Signe Navarsete [11:22:17]: For det fyrste vil eg ta avstand frå at eg har sagt at kommunane har levd over evne. Det har ikkje kome over mine lepper. Tvert om har eg i motsetning til enkelte andre parti stor respekt for det lokale sjølvstyret. Eg har òg sagt at dei kjem ikkje til å høyre bebreidingar frå min munn når det gjeld disposisjonane deira, for dei skal gjerast lokalt og ikkje sentralt. At det aldri har vore løyvd meir pengar, skal eg stå oppreist på, for det er riktig. Det har heller ikkje vore høgare aktivitet. Det har vore 40 000 fleire årsverk dei siste fem åra. Eg skal ikkje reflektere over at det var omtrent ein fjerdedel av denne aktivitetsveksten i ein annan periode – det skal me la liggje. Me gøymer oss ikkje bak kriteria. Me har laga eit sett kriterium som er utarbeidd av Senter for økonomisk forsking, som skal vere mest muleg objektivt. Det er ikkje politisk forankra, men det viser samanhengane mellom kva det kostar å drive eldreomsorg, barnehagar og skular i dei enkelte kommunane, og kvifor utgiftsbehovet varierer frå kommune til kommune.