Stortinget - Møte onsdag den 16. februar 2011 kl. 10

Dato: 16.02.2011

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 16

Bjørn Lødemel (H) [12:34:51]: Eg har følgjande spørsmål til barne-, likestillings- og inkluderingsministeren:

«Tidlegare kommunalminister Erna Solberg innførte i 2004 introduksjonsprogrammet for innvandrarar. Programmet har vore ein suksess, og norskopplæringa har vore avgjerande for det. Programmet har i dag 300 timar med såkalla plikt-og-rett-timar. Høgre har ved fleire høve føreslege å utvide talet med timar, men har ikkje fått støtte for det frå regjeringa. Arbeidarpartiet sitt integreringsutval støttar no Høgre sitt syn.

Vil regjeringa no stille seg bak Høgre sitt ønske om fleire norsktimar for deltakarane på introduksjonsorninga?»

Statsråd Tora Aasland [12:35:11]: Regjeringa har starta arbeidet med å auke timetalet for dei som har rett og plikt til opplæring i norsk og samfunnskunnskap. I høyringsbrev av 25. juni 2009 vart det fremja forslag om å auke timetalet frå 300 til 600 timar, 550 timar norskopplæring og 50 timar opplæring i samfunnskunnskap.

Gode ferdigheiter i norsk er ein viktig føresetnad for å kunne delta i arbeidslivet og i samfunnet. Vi må leggje til rette for ei god opplæring, slik at innvandrarar kan bruke den kompetansen dei har med seg, og skaffe seg ny kompetanse. Opplæringa må ha eit omfang, slik at den einskilde kan få grunnleggjande kunnskapar i norsk og om det norske samfunnet. Utvidinga av timetalet innvandrarar har rett og plikt til, må ein òg sjå i samanheng med innføring av obligatoriske avsluttande prøvar. Framlegg om innføring av obligatoriske prøvar vart fremja i same høyringsbrev 25. juni 2009. Når deltakarane må gå opp til avsluttande prøve, må dei ha rett til så mykje opplæring at mange kan bestå prøven. Dei som ikkje kan bestå prøven etter 600 timar, vil kunne få inntil 2 400 fleire timar dersom dei treng det. Den totale timeramma er raus, og nesten alle vil kunne lære grunnleggjande norsk innanfor den ramma.

Departementet arbeider med vidare oppfølging her, og det er for tidleg å slå fast når den utvida opplæringa vil bli gjennomført.

Bjørn Lødemel (H) [12:36:56]: Takk for svaret.

Arbeidarpartiet sitt integreringsutval er stort sett ein blåkopi av Høgre sitt stortingsvalprogram. Høgre ser på det som ei anerkjenning av den politikken vi har på dette området.

Det er også verdt å merke seg at Jonas Gahr Støre har blitt skulda for å vere Høgre-mann. Ved framlegget til Støre-utvalet har vi vel fått ei stadfesting av det.

Enkelte grupper arbeidsinnvandrarar har rett til norskopplæring. Polakkar og andre er viktige ressursar for landet vårt. Høgre ønskjer å tilby norskopplæring òg til arbeidsinnvandrarar. Vil statsråden støtte eit slikt forslag frå Høgre?

Statsråd Tora Aasland [12:37:40]: Jeg kan forsikre om at dette er et arbeid som regjeringen tar på fullt alvor. Det er også interessant at man har fått et framlegg fra Arbeiderpartiet om saken, men det får foreløpig bli en intern prosess i Arbeiderpartiet, selvfølgelig.

Det vi har allerede nå når det gjelder norskopplæring for voksne innvandrere, er, som det blir sagt, rett og plikt i ulike sammenhenger for ulike grupper. Det er som sagt en diskusjon i regjeringen om både timetall og avsluttende prøver. Jeg vil derfor komme tilbake til Stortinget med opplysninger om dette når vi har avklart det nærmere. Det blir høyst sannsynlig i forbindelse med budsjettet for neste år.

Bjørn Lødemel (H) [12:38:21]: Eg takkar for positive svar.

Vi har mange gode tiltak, og Høgre har vist til fleire av dei tiltaka her i dag. Høgre er utolmodig etter å få gjennomført ein politikk også på dette området.

Mitt spørsmål til statsråden er difor: Korleis vil dette bli innarbeidd i komande statsbudsjett frå regjeringa? Kva ønskjer ein å prioritere der?

Statsråd Tora Aasland [12:38:46]: Inkluderingsspørsmål og norskopplæringsspørsmål er viktige saker for denne regjeringen. Jeg har for min del, som vikarierende statsråd for det området, nå et viktig ansvar for å kjempe for dette i enhver budsjettsammenheng. Men jeg er helt sikker på at jeg har god oppslutning om denne type tiltak i regjeringen. Det som er viktig for oss nå, er å diskutere timetallet – om de 300 timene pluss det som det er muligheter for i dag, er tilstrekkelig, om det når de gruppene som det bør nå, og på hvilken måte vi skal ha avsluttende prøver.

Det er flere og flere som tar avsluttende prøver nå, og som dermed får en dokumentasjon på sine språkkunnskaper. Dette er meget viktige integreringstiltak som står høyt på min dagsorden.