Stortinget - Møte onsdag den 13. mars 2013 kl. 10

Dato: 13.03.2013

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 1

Bjørn Lødemel (H) [11:07:26]: «I 2012 vart det registrert 68 ynglingar av jerv. Dette er ein auke på 10 frå året før, og det er ein dramatisk auke. Bestandsmålet i rovviltforliket er sett til 39 årlege ynglingar. Jerven tek mykje beitedyr og tamrein mange stadar i landet. I dei indre delane av Sogn og Fjordane er det også denne vinteren registrert fleire jervar, og det er stor uro over kva som vil skje når beitesesongen startar.

Kva konkret vil statsråden gjere for å følgje opp rovviltforliket med 39 årlige ynglingar, og når blir dette målet nådd?»

Marit Nybakk hadde her overtatt presidentplassen.

Statsråd Bård Vegar Solhjell [11:08:03]: Som det går fram av rovviltforliket frå 2011, er det framleis lisensfelling som skal vere hovudverkemiddelet for å regulere bestanden av jerv. I år, som tidlegare, har ikkje lisensfellinga gjeve eit tilfredsstillande uttak.

Av ein kvote på 183 jerv vart 57 skotne. Samtidig er dette 14 fleire jerv i år enn i fjor, noko som tyder på at lisensfellinga har vorte meir effektiv enn tidligare. Miljøforvaltninga er oppteken av at lisensfellinga skal vere effektiv. Det er m.a. sett i gang tiltak, slik som kursing av lisensjegerar, for å nå dette målet. Vi kan ikkje gjere dette arbeidet åleine, og treng gode samarbeidspartnarar slik som Norges Jeger- og Fiskerforbund og andre.

I rovviltforliket frå 2011 er det sagt at dersom lisensfellinga ikkje gjev tilfredsstillande utteljing, skal miljøforvaltninga, så langt det er mogeleg, sørgje for at resterande lisensfellingskvote skal takast ut i dei områda der høve til lisensfelling er gjeve. Vidare er det presisert i forliket at uttak i område som er prioriterte til beiteområde, skal prioriterast. Rovviltforliket seier òg at ein skal sikte mot å ta ut jerv under ekstraordinære uttak under lisensfellingsperioden. Dette vart følgt opp både i fjor og i år. I 2012 vart det registrert 68 ynglingar av jerv i landet. Av dette vart 17 hi tekne ut av miljøforvaltninga. Under lisensfellingsperioden denne vinteren har Direktoratet for naturforvaltning fatta vedtak om uttak av einstaka dyr, og 22 jerv er felte av miljøforvaltninga frå januar til 15. februar. Per i dag er 32 jerv felte av miljøforvaltninga. Eg meiner at Direktoratet for naturforvaltning er bevisst det ansvaret dei har for å regulere bestanden i tråd med Stortingets forlik, og at dei utfører dei oppgåvene dei er sette til.

Eg vil samtidig peike på at ein må vere realistisk når ein set krav til kva som kan gjerast for å ta ut resterande lisensfellingskvotar. I region 8 vart det sett ein kvote på 88 jervar. Det kan synast som om kvoten i område utan mål om yngling vart sett høgt, slik at kvoten i seg sjølv ikkje skulle vere avgrensande. Ein så høg kvote kan bidra til å skape ei kunstig høg forventing om kor mykje jerv som skal takast ut. I områda utan mål om yngling i Troms vart det registrert 18 jervar, og 11 er skotne til i dag. Rovviltnemnda sette ein kvote på 30 jervar i dette området. Dette er eit døme på at kvotane må sjåast i samanheng med det som finst i området, når ein skaper forventingar om kva som kan takast ut.

Utover våren vil direktoratet vurdere ekstraordinære uttak fortløpande. I tråd med rovviltforliket vil det vere naudsynt med uttak av einstaka dyr og hi i einskilde område. Eg kan ikkje gje nokon garanti for når vi kan nå bestandsmålet, men eg kan garantere at vi arbeider for å nå målet så snart som råd er. Eg legg til grunn at eit auka fokus på å effektivisere lisensfellinga gjennom kursing, saman med det arbeidet miljøforvaltninga gjer gjennom ekstraordinære uttak, vil føre til at vi kan ha ein jervebestand som er nært bestandsmålet innan kort tid.

Bjørn Lødemel (H) [11:11:13]: Eg takkar for svaret.

Til det siste, at ein skal nå jervemålet innan kort tid: Spørsmålet er kva ein meiner med det. Men det er ein lisenskvote på 183 dyr. Av dei er det felt 57 dyr. Det betyr at det framleis er ein stor auke når det gjeld jerv. Det går, slik som iallfall eg tolkar det, feil veg. Derfor er ikkje tiltaka skarpe nok.

Seniorrådgivar Knut Morten Vangen uttala i ei nettsak i Nordlys den 17. februar at det ikkje er nokon automatikk i at dei resterande dyra i kvoten blir tekne ut. Dette er ein merkeleg påstand.

Mitt spørsmål til statsråden er: Korleis vil statsråden sørgje for at Direktoratet for naturforvaltning oppfyller rovviltforliket, og at forvaltninga tek ut resterande jerv? Korleis skal dette gjerast i praksis?

Statsråd Bård Vegar Solhjell [11:12:15]: Det eg prøvde å seie i mitt svar, var eigentleg å gå ganske grundig igjennom korleis ein i tillegg til lisensfellinga, som ikkje har vore nok dei siste åra, skal prøve å strekkje seg for å nå målet. Eg som miljøvernminister og alle nedover i miljøforvaltninga er opptekne av at vi skal ha ei effektiv forvaltning i tråd med det tverrpolitiske forliket i Stortinget. Eg gjekk derfor igjennom mange forskjellige tiltak som blir tekne i bruk for å nå målet.

Samtidig må eg seie at det av ulike grunnar er krevjande å kome heilt i mål. Derfor er det nødvendig å gjere endå meir. Og som eg òg har varsla: Det gjeld alt frå ekstraordinære uttak, hiuttak, til ytterlegare kompetanseheving og andre tiltak som vil måtte vere nødvendige vidare.

Bjørn Lødemel (H) [11:13:13]: Dei ekstraordinære uttaka må gjerast om vinteren, for det er då ein kan få teke ut dei resterande kvotane. Her ser det ut som om det er lita framdrift. Derfor er eg ikkje fornøgd med det tempoet som er, og med det som Direktoratet for naturforvaltning gjer i denne saka.

Vi har ei utfordring med det som det tidlegare er blitt spurt om: kva statsråden vil gjere med omsyn til at det ikkje skal vere rovvilt som representerer skadepotensial for husdyr og tamrein. Vi har ei sak når det gjeld kongeørn; der er det uavklart. Når det gjeld jerv, har vi ein altfor stor bestand i forhold til det som er i rovviltforliket. Så eg er veldig bekymra for den utviklinga vi ser i beitenæringa, og at beitenæringa rett og slett kan bli pressa ut mange stader.

I Sogn og Fjordane skal det ikkje vere jerv. Då vil eg inn på eit lokalt spørsmål her: Kva konkret vil statsråden gjere for å sørgje for at jerven ikkje gjer skade på husdyr i Sogn og Fjordane?

Statsråd Bård Vegar Solhjell [11:14:20]: For å ta Sogn og Fjordane fyrst: Det vart registrert to ynglingar av jerv i Sogn og Fjordane i 2009 og ein i 2012. Alle dei er tekne ut, ifølgje dei opplysningane eg har innhenta. Det er viktig, i område der det ikkje skal vere jerv, at dette vert følgt opp av miljøforvaltninga. Det er vi opptekne av, for truverdet til rovviltforliket kvilar på at vi faktisk følgjer opp det det er einigheit om her i Stortinget.

Så vil eg avslutte med å seie at eg er einig med representanten i at det er eit viktig mål å nå ned til bestandsmålet for jerv. Når det gjeld den måten vi har valt å forvalte dei store rovdyra våre på, skal ein forsøke å følgje bestandsmålet. Akkurat slik dei som meiner ein kan vere skeptisk til bestandsmålet for ulv, har forplikta seg til at vi skal følgje det, har vi forplikta oss til det same for jerv. Det er derfor eg brukte ganske mykje tid på å gå igjennom ei rekkje ekstratiltak som vi gjennomfører, og som vi må gjere meir av framover for å nå målet.