Stortinget - Møte torsdag den 31. mai 2018
President: Nils T. Bjørke
Formalia
President: Nils T. Bjørke
Presidenten: Det ligg føre ei rekkje permisjonssøknader:
-
frå representantane Solveig Sundbø Abrahamsen, Norunn Tveiten Benestad, Nils Aage Jegstad, Bente Stein Mathisen og Marianne Synnes om permisjon i tida frå og med 1. juni til og med 7. juni – alle for å delta i sommarmøte i konservativ gruppe i Nordisk råd, i Canada.
-
frå representantane Jette F. Christensen, Svein Harberg og Tor André Johnsen om permisjon i tida frå og med 4. juni til og med 15. juni – alle for å delta i strategisk krisehandteringskurs ved Forsvarets høgskole.
Etter forslag frå presidenten vart samrøystes vedteke:
-
Søknadene vert behandla straks og innvilga.
-
Følgjande vararepresentantar vert innkalla for å møta i permisjonstida:
For Aust-Agder fylke: Arne Thomassen
For Vest-Agder fylke: Mathias Bernander
For Akershus fylke: Anne Kristine Linnestad og Kjartan Berland
For Hedmark fylke: Johan Aas
For Hordaland fylke: Leif Audun Sande
For Møre og Romsdal fylke: Anders Riise
For Telemark fylke: Emilie Schäffer
Val av setjepresident
Presidenten: Presidenten vil føreslå at det vert valt ein setjepresident for Stortingets møte i dag – og ser det som vedteke.
Presidenten vil føreslå Svein Harberg. – Andre forslag ligg ikkje føre, og Svein Harberg er samrøystes vald som setjepresident for dagens møte.
Før sakene på dagens kart vert tekne opp til behandling, vil presidenten opplysa om at møtet i dag om nødvendig held fram utover kl. 16 til dagens kart er ferdigbehandla.