Stortinget - Møte torsdag den 19. mai 2022

Dato: 19.05.2022
President: Masud Gharahkhani
Dokumenter: (Innst. 301 S (2021–2022), jf. Prop. 100 S (2021–2022))

Søk

Innhold

Sak nr. 3 [10:34:36]

Innstilling fra transport- og kommunikasjonskomiteen om Finansiering av Kvinnheradpakken i Vestland (Innst. 301 S (2021–2022), jf. Prop. 100 S (2021–2022))

Talere

Presidenten: Etter ønske fra transport- og kommunikasjonskomiteen vil presidenten ordne debatten slik: 3 minutter til hver partigruppe og 3 minutter til medlemmer av regjeringen.

Videre vil det – innenfor den fordelte taletid – bli gitt anledning til inntil fem replikker med svar etter innlegg fra medlemmer av regjeringen, og de som måtte tegne seg på talerlisten utover den fordelte taletid, får også en taletid på inntil 3 minutter.

Liv Kari Eskeland (H) [] (ordførar for saka): Eg ser ikkje bort frå at flagga i dag kjem til å gå til topps i Kvinnherad, ettersom me no skal få eit stortingsvedtak på Kvinnheradspakken, ein pakke som det frå kommunen og fylket si side er vorte jobba med i fleire år. Tusen takk til komiteen for ei god handsaming av denne proposisjonen.

Pakken omfattar i alt seks utbyggingsprosjekt og ei ramme til mindre tiltak på fleire fylkesvegstrekningar i Kvinnherad kommune. Føremålet for dei fleste strekka er å utbetra standarden på eksisterande veg samt å byggja gang- og sykkelveg i tettbygde område, i tillegg til to skredsikringsprosjekt. Bompengeandelen er sett til 24 pst., noko som gjev pakken ein høg eigenandel.

Pakken vart starta opp allereie i 2018 med fylkeskommunale midlar, og ein ser føre seg å fullføra prosjekta innan 2025. For å redusera kostnadane som bomstasjonane utgjer, vil innkrevjinga skje på ferjesambanda som m.a. knyter Kvinnherad saman med nabokommunane.

Ettersom Sunnhordland er ein bu- og arbeidsregion, er det uvisst kor stor avvisingseffekt ein auke i ferjebilletten vil ha, då det i stor grad er jobbrelatert trafikk og næringstrafikk som nyttar ferjetilbodet. Solberg-regjeringa og sitjande regjering sitt arbeid med å redusera andre ferjekostnadar er derfor eit viktig bidrag for at ferjeturen ikkje vert eit hinder for samkvem kommunane imellom.

Både næringsliv og innbyggjarane ser at det er naudsynt med betre vegar for å få varer og tenester fram, og det er stor lokal vilje til å ta desse ekstra kostnadane, noko eit breitt fleirtal i kommunestyre og fylkesting har konkludert med. Kvinnheradspakken skal bidra til ny vekst og utvikling i Kvinnherad, noko som vil styrkja heile regionen. Sunnhordland er ein vekstregion, og eit trygt, godt og framkomeleg vegnett er heilt nødvendig for å halda på gode arbeidsplassar og utvikla næringslivet vidare.

Det er verdt å merka seg at pakken vert styrt i samsvar med dei nye føringane for porteføljestyring på bompengepakkar, noko som inneber at ein eventuell kostnadsauke eller inntektssvikt må handterast gjennom porteføljestyring, ikkje gjennom auka takstar eller forlenging av bompengeperioden. Det betyr stram styring for at ikkje fylkeskommunale garantiar skal verta løyste ut.

Me ønskjer Kvinnherad lykke til med det arbeidet som står igjen, og gler oss til å kunna køyra på oppgraderte og trafikksikre vegar i Kvinnherad. Det vil gagna heile regionen. Med det anbefaler eg innstillinga.

Kirsti Leirtrø (A) []: Her legger vi fram en proposisjon med forslag til finansiering av Kvinnheradpakken i Vestland fylke, til sammen sju tiltak/prosjekter, som har en samlet økonomisk ramme på 846 mill. kr. Det er lokalpolitisk enighet om prosjektene. En vil med disse tiltakene og prosjektene gjøre helt nødvendige utbedringer for å tilpasse veinettet til dagens krav til standard. Det vil bedre framkommeligheten og tryggheten for myke trafikanter.

Veistrekningene har en svært høy ulykkesbelastning, og fylkeskommunen vil garantere for bompengelån. Arbeidet er allerede i gang, med fylkeskommunale midler, på byggetrinn 1, Furebergfossen bru.

Det å ha bompengeinnkreving på ferje, slik som det legges opp til her, reduserer innkrevingskostnadene. En nedgang i ferjekostnadene nå i år med 30 pst. fra i fjor, og med forventninger om ytterligere nedgang på 20 pst. fra fjorårets nivå, vil bidra til at de totale ferjekostnadene ikke vil stige til det uoverkommelige.

Fremskrittspartiet skriver at de mener at bygging skal skje uten bompenger. Men i posisjon er det vel ingen som har krevd inn mer bompenger enn dem. Til tross for dette har vedlikeholdsetterslepet på fylkesveier økt med mellom 2 og 3 mrd. kr hvert år de satt i regjering.

Vi har store utfordringer foran oss på fylkesveier. Men nå får Kvinnherad sårt tiltrengt utbedring av sin infrastruktur, og dette er særdeles både gledelig og viktig.

Erling Sande (Sp) [] (leiar i komiteen): Dei lokale vegane er viktige for utviklinga av lokalsamfunna våre – tryggleik for at ein kan kome seg fram utan skade på seg sjølv eller køyretøyet sitt, tryggleik for at ein kan sende ungane sine langs trygge sykkelvegar, og tryggleik for at ein kan ferdast utan å få stein eller snøras i hovudet.

Kvinnherad er av dei mange plassane i landet som har utfordringar med standarden på vegane sine. Det er dei ikkje åleine om, men i Kvinnherad og enkelte andre plassar blir løysinga denne typen pakkar, som gjer at ein kan oppnå betre standard på vegane og oppnå den utviklinga ein ønskjer i lokalsamfunna sine. For Kvinnherad sin del vil dette både gjelde mjuke trafikantar og bilistar, som får betre vegar å køyre på, og det vil handle om rassikring.

Arbeidet med tiltaka i pakken har allereie starta, med fylkeskommunale midlar. Det viser, som også saksordføraren presenterte på ein veldig god måte, at det er ein viktig pakke for lokalsamfunnet, og pakken har støtte politisk, både lokalt og frå fylket.

For Senterpartiet, som er oppteke av å ta heile landet i bruk, er det viktig å peike på den store verdiskapinga og aktiviteten som skjer i Kvinnherad. Ønskjer vi busetjing, aktivitet og verdiskaping til fellesskapa rundt i lokalsamfunna våre – ja, så må vi vere med og tilretteleggje for det. Vi har ikkje nokon lidenskapeleg godhug for bompengar, men vi ser at mange plassar er det lokal aksept for bompengar dersom ein ser at dette går til konkrete prosjekt som løftar fram utvikling i lokalsamfunnet, og då synest vi det er rett og riktig å leggje til rette for det.

Vi håpar dei vegforbetringane som denne pakken medfører, bidreg til ei positiv utvikling i Kvinnherad, og at innbyggjarane om nokre år opplever ein annan standard på vegane enn den dei må leve med i dag.

Frank Edvard Sve (FrP) []: La det vere klart: Prosjektet er viktig, det er viktig at det vert bygt veg, men ein kan byggje veg utan bompengar. Det er ikkje slik som representanten frå Arbeidarpartiet seier, at det aldri har vore brukt så mykje bompengar som då Framstegspartiet var i regjering. Nei, det har heller aldri vore bygt så mykje veg som med Framstegspartiet og Høgre i regjering, for vi bygde altså vesentleg meir veg, og då vart det bompengeauke. Andelen bompengar gjekk frå litt over 40 pst. med dei raud-grøne i regjering og ned til ca. 20 pst. med den borgarlege regjeringa. Så vi bygde meir veg, det vart mykje, mykje meir veg – 280 km med firefelts veg, bl.a. Det er litt viktig å få med seg.

Og så er det ikkje slik at vi i Framstegspartiet brukar bompengar slik som dei raud-grøne partia gjer, for å finansiere andre område som faktisk bilistane og transportnæringa ikkje skal bruke, f.eks. planane om å auke bompengeandelen inn mot Oslo til himmels, 70 pst. er nemnt, for å finansiere ein gedigen kjempebrølar gjort av bystyregjengen og dei som jobbar med Fornebubanen. Kva hjelper det bilistane og næringslivet som skal betale det – eller alle dei bypakkane rundt omkring i landet, der ein skal finansiere gang- og sykkelvegar og kollektivtrafikk, som ikkje ein einaste bilist eller eit einaste vogntog skal bruke? Det er på mange måtar ein heilt openberr bompengepolitikk som vi i Framstegspartiet er sterkt imot. Difor er vi også imot å bruke bompengar på dette prosjektet, og vi har bedt om at ein ser på moglegheita for å byggje utan bompengar.

Då er framlegget frå Framstegspartiet fremja.

Statsråd Jon-Ivar Nygård []: Prop. 100 S for 2021–2022 gjelder bompengefinansiering av Kvinnheradpakken i Vestland. Jeg har merket meg at det er et bredt flertall blant medlemmene i transport- og kommunikasjonskomiteen som i innstillingen stiller seg bak dette forslaget. Jeg er også glad for at Kvinnheradpakken legger til rette for at det nå kommer på plass utbedringer på fylkesveier og trafikksikkerhetstiltak i Kvinnherad kommune.

Kvinnheradpakken omfatter seks utbyggingsprosjekter og har en ramme til mindre tiltak på fylkesveistrekninger i Kvinnherad kommune. Arbeidet er startet på deler av pakken. Vestland fylkeskommune har bedt om at det blir lagt fram en proposisjon om delvis bompengefinansiering av Kvinnheradpakken.

Det er lokalpolitisk enighet om opplegget som er foreslått for utbygging og finansiering av pakken, og Vestland fylkeskommune har vedtatt å stille garanti for låneopptaket. Finansieringen kommer for øvrig fra kommunale og fylkeskommunale midler. Og så er det jo, som flere har vært inne på, lagt opp til at innkrevingen av disse bompengene skal skje på de tre ferjestrekningene Gjermundshamn–Varaldsøy–Årsnes, Ranavik–Skjersholmane og Utåker–Skånevik–Matre. Innkrevingen av bompenger skal skje over en periode på 15 år og kan starte allerede i år.

Presidenten: Representanten Frank Edvard Sve tok opp forslaget fra Fremskrittspartiet i sted. Stortingspresidenten fulgte ikke med i timen akkurat da.

Flere har ikke bedt om ordet til sak nr. 3.

Votering, se voteringskapittel