Stortinget - Møte onsdag den 18. januar 2023

Dato: 18.01.2023
President: Nils T. Bjørke

Søk

Innhold

Formalia

President: Nils T. Bjørke

Presidenten []: Frå Framstegspartiets stortingsgruppe ligg det føre søknad om permisjon etter Stortingets forretningsorden § 5 andre punktum for representanten Tor André Johnsen frå og med 18. januar og inntil vidare.

Etter forslag frå presidenten vart samrøystes vedteke:

  1. Søknaden vert handsama straks og godkjend.

  2. Vararepresentanten Johan Aas vert innkalla for å møta i permisjonstida.

Presidenten []: Johan Aas er til stades og vil ta sete.

Representanten Lan Marie Nguyen Berg vil setja fram eit representantforslag.

Lan Marie Nguyen Berg (MDG) []: På vegne av representantene Abid Raja, Freddy André Øvstegård, Hege Bae Nyholt og meg selv vil jeg gjerne fremme et representantforslag om seksualitetsundervisning i skolen.

Presidenten []: Representanten Per-Willy Amundsen vil setja fram eit representantforslag.

Per-Willy Amundsen (FrP) []: På vegne av representanten Sylvi Listhaug og meg selv har jeg den glede å fremsette et forslag om strengere straffer for angrep på den offentlige myndighetsutøvelse.

Presidenten []: Representanten Hans Andreas Limi vil setja fram eit representantforslag.

Hans Andreas Limi (FrP) []: På vegne av Fremskrittspartiets representanter Terje Halleland, Marius Arion Nilsen, Bengt Rune Strifeldt, Per-Willy Amundsen og meg selv vil jeg fremsette et forslag om fordeling og bruk av tilgjengelig kraft.

Presidenten []: Representanten Helge André Njåstad vil setja fram eit representantforslag.

Helge André Njåstad (FrP) []: Framstegspartiet er ivrige, som de registrerer.

På vegner av Framstegspartiets representantar Hans Andreas Limi, Roy Steffensen, Marius Arion Nilsen, Morten Wold, Frank Edvard Sve og meg sjølv har eg gleda av å setja fram eit forslag om at trekk i rammetilskot for ekstraordinære inntekter frå konsesjonskraft vert gjennomført i tråd med dei føresetnader som regjeringa presenterte for Stortinget og dei kommunane det gjeld.

Presidenten []: Representanten Morten Stordalen vil setja fram eit representantforslag.

Morten Stordalen (FrP) []: På vegne av representantene Frank Edvard Sve, Sylvi Listhaug, Sivert Bjørnstad, Helge André Njåstad, Silje Hjemdal, Himanshu Gulati og meg selv vil jeg framsette et representantforslag om nytt ferjesamband mellom Aure og Hitra med pilotprosjekt for flytende ferjekaier og autonome ferjer.

Presidenten []: Forslaga vil verta handsama etter reglementet.