Odd Harald Hovland (A) [17:46:26 ] (ordførar for saka): Eg
vil takke komiteen for godt samarbeid. Me legg fram ei felles innstilling.
Gjennomføringa
av betalingskontodirektivet, med tilhøyrande rettsaktar, har kravd
lovendring, og Stortingets samtykke til godkjenning av EØS-komiteens
avgjerd er difor nødvendig.
Direktivet skal
gjere det lettare for forbrukarar å få tilgang til betalingskontotenester,
gje auka tilgang til gebyr- og prisopplysningar i eit format som
gjer det lettare å samanlikne vilkår mellom ulike betalingstenesteytarar,
og gjere det enklare å byte frå ein betalingstenesteytar til ein
annan. Dette kan føre til auka konkurranse og difor òg større valmoglegheiter
for forbrukarane. Direktivet er ikkje til hinder for at medlemsstatane
kan behalde eller innføre strengare bestemmingar for å beskytte forbrukarane,
føresett at desse bestemmingane er i samsvar med forpliktingane
deira etter EØS-retten og direktivet.
Direktivet gjev
bl.a. reglar som inneber at medlemsstatane skal utarbeide ei liste
over dei mest representative betalingskontotenestene som har gebyr
på nasjonalt nivå, og ein standardisert terminologi for dei same
tenestene. Forbrukarane skal òg sikrast tilgang til eit dokument
med gebyropplysningar og ei ordliste med standardisert terminologi.
Direktivet gjev
vidare reglar om ei årleg gebyroppgåve for betalingskontoar, reglar
om samanliknbare prisopplysningar på nettstader og om marknadsføring av
betalingskontotenester til forbrukarar. Dessutan inneheld direktivet
særskilde reglar som gjeld for betalingskontoar som vert tilbodne
i pakkar med andre produkt eller tenester.
Utanriks- og
forsvarskomiteen har opplyst at dei ikkje har ytterlegare merknader
enn det som kjem fram i innstillinga frå justiskomiteen. Komiteens
tilråding vert som sagt fremja av ein samla komité, at Stortinget samtykkjer
i godkjenning av EØS-komiteens avgjerd.