Presidenten [10:04:22 ]: Presidenten
vil legge opp debatten etter Stortingets forretningsorden § 52,
dvs. at representanter og medlemmer av regjeringen får 15 minutter
i første innlegg, 10 minutter i annet innlegg og deretter en eventuell
kort merknad begrenset til 1 minutt.
Presidenten vil ikke åpne for replikkordskifte.
Helge André Njåstad (FrP) [10:04:55 ] : Etter fyrstegongsbehandlinga
i Stortinget av Innst. 199 L for 2024–2025, om sivil arbeidskraftberedskap,
har Framstegspartiet, Arbeidarpartiet, Høgre og Senterpartiet samarbeidd
om visse endringar i lovvedtaket. Me har i tillegg fått lovteknisk
bistand frå Justis- og beredskapsdepartementet. I tillegg har me
hatt samtalar med ulike juridiske miljø, og eg vil spesielt takka
Benedikte Høgberg, Hans Petter Graver, Advokatforeningen og NIM
for gode innspel og dialog undervegs. Som følgje av denne einigheita
som eit breitt fleirtal i Stortinget står bak, er det fremja ein
del forslag til lovmerknader og endringar i lovvedtaket som eg skal
gjera greie for. Difor vil eg lesa opp ein del grunngjevingar som
det er viktig følgjer saka vidare i referatet. På dei punkta som
eg ikkje gjer greie for, ligg rammene for lovforslaget fast, i tråd
med justiskomiteen si opphavelege innstilling og regjeringa sin
proposisjon.
Fyrste punkt er når fullmaktene i §§ 28 c til
28 f skal brukast. For det fyrste blir det føreslått endringar i
krava til når fullmaktene i §§ 28 c til 28 f skal brukast, samanlikna
med lovvedtaket etter fyrstegongsbehandlinga.
Etter lovvedtaket § 28 a kan Kongen i statsråd
avgjera at fullmakta til å regulera det sivile arbeidslivet, inkludert
pålegg om arbeidsplikt, skal brukast dersom «riket er i krig, krig
truer eller rikets selvstendighet eller sikkerhet er i fare». Dette
situasjonskravet svarer til situasjonskravet i anna beredskapslovgjeving,
som t.d. fullmakta i beredskapslova § 3, og det blir brukt for å
beskriva situasjonar øvst i krisespekteret, der landet står overfor
ein eksistensiell trussel med gjennomgripande konsekvensar for nasjonen.
Fullmakter med slike situasjonskrav kan ikkje brukast i fredskriser,
slik som ein pandemi, eller når riket står overfor ein avgrensa
sikkerheitstrussel. Eg viser m.a. til at det blir understreka i
proposisjonen at vi i Noreg ikkje er i ein slik krisesituasjon i
dag, og at vi aldri har vore det sidan andre verdskrig.
Det er no føreslått i lovmerknaden å ta ut
«rikets sikkerhet» i opplistinga av situasjonar som kan utløysa
fullmaktene. Føremålet med endringa er å gjera det endå klarare
at det berre er i situasjonar øvst i krisespekteret at fullmaktene
skal brukast. Føresegna vil med dette avvika noko frå andre beredskapsheimlar
som også berre kan brukast øvst i krisespekteret. Forskjellen er
ikkje stor, men endringa er meint å sikra at ikkje fullmaktene blir
misbrukte eller situasjonskravet tolka utvidande. Bruksområdet for
andre beredskapsheimlar i lovverket er uendra.
Etter lovvedtaket § 28 a kan fullmaktene berre
brukast for å ivareta nærare bestemte føremål. Det er no føreslått
ei endring som er meint å tydeleggjera og forenkla denne føremålsavgrensinga.
Det blir føreslått at fullmaktene berre kan brukast for å «understøtte
forsvaret av landet, beskytte sivilbefolkningen eller ivareta samfunnets
grunnleggende funksjonalitet». Ordlyden vil med denne endringa skilja
seg frå føremålsavgrensinga i beredskapslova § 3, men har likevel
mange likskapstrekk. Å ivareta den grunnleggjande funksjonaliteten
i samfunnet svarer til delar av føremålskravet i beredskapslova
§ 3, slik som å tryggja offentleg orden, folkehelsa eller forsyningar.
Vidare vil det å beskytta sivilbefolkninga svara til «vern om sivilbefolkningen»
i beredskapslova. Å støtta opp under forsvaret av landet vil delvis
svara til føremålskravet i beredskapslova § 3, slik som å fremja
og tryggja militære tiltak. Ved å endra ordlyden til «understøtte
forsvaret av landet», blir det tydeleggjort at sivile tiltak berre
kan brukast til å støtta opp under forsvaret, ikkje til aktivt forsvar
av landet.
Ny ordlyd i § 28 a blir etter dette som følgjer:
«Når riket er i krig, krig truer eller
rikets selvstendighet er i fare, kan Kongen i statsråd beslutte
at §§ 28 c til 28 f får anvendelse for å understøtte forsvaret av
landet, beskytte sivilbefolkningen eller ivareta samfunnets grunnleggende
funksjonalitet.»
Ein regel om utsett iverksetjing av forskrifter
og reduksjon av varigheita til fastsette forskrifter er eit anna punkt
ein har føreslått å endra, samanlikna med lovvedtaket etter fyrstegongsbehandlinga.
Etter lovvedtaket § 28 b skal forskrifter gjevne med heimel i §§ 28 c
til 28 f bli kunngjorde for Stortinget snarast mogleg, og ha ei
varigheit på inntil seks månader om gongen. Det er no føreslått
at forskriftene ikkje kan ta til å gjelda før 48 timar etter at
dei er kunngjorde for Stortinget, med mindre det er fare ved opphald.
Eit slikt varsel før iverksetjing gjev Stortinget betre grunnlag
for å vurdera saka, noko eg er glad for at me har vorte einige om.
Regulering av arbeidslivet i krig eller sikkerheitspolitisk
krise vil kunna krevja hyppige endringar i eit ofte detaljert regelverk,
som det kan hasta å gjennomføra. Til dømes kan det oppstå eit akutt
behov for reparasjonskompetanse på viktig sivil infrastruktur, der
det er heilt grunnleggjande behov for å få tak i kompetent personell svært
raskt, anten det er snakk om elektrikarar, dataingeniørar eller
andre yrkesgrupper. Då kan det vera behov for å gjennomføra eit
pålegg om arbeidsplikt, eller at personen må arbeida utover dei
gjeldande rammene for arbeidslivet som følgjer av lovgjevinga, utan
at ein har tid eller anledning til å venta før det blir gjennomført.
Sjølv om hovudregelen vil vera at Stortinget blir varsla 48 timar
før forskrifta tek til å gjelda, er det difor viktig at regjeringa
får anledning til å handtera situasjonen med tilstrekkeleg fleksibilitet.
Dette har ein føreslått å løysa ved at det blir opna for unntak
frå kravet om utsett iverksetjing dersom det er fare ved opphald,
som nettopp vil liggja føre når det hastar med gjennomføringa. Fare
ved opphald er eit kjent kriterium for beredskapslovgjevinga.
Det er også føreslått at forskriftene berre
kan bli gjevne for tre månader av gongen, i staden for seks månader
slik det følgjer av lovvedtaket etter fyrstegongsbehandlinga. Stortinget
vil med det bli hyppigare involvert. Endringane medfører at plikta
til å kunngjera for Stortinget vil bli regulert i § 28 b fyrste
ledd, som skal lyda:
«Forskrifter etter §§ 28 c til 28 f
skal være nødvendige for å oppnå formål angitt i § 28 a, og de skal være
forholdsmessige. De skal blant annet begrenses til de virksomhetene,
bransjene, etatene og områdene der det trengs. Forskriftene skal
meddeles Stortinget snarest mulig etter at de er vedtatt og kan tidligst
tre i kraft 48 timer etter meddelelse, med mindre det er fare ved
opphold. Forskriftene kan bare gjelde for inntil tre måneder om
gangen.»
Plikta til å leggja fram forskrifter for partane
i arbeidslivet for fråsegn før dei blir vedtekne, slik det er angjeve
i Innst. 199 L, blir ståande igjen i § 28 b tredje ledd.
Så litt om avgrensinga til å fråvika lovgjeving:
Det er føreslått ei tydeleg innramming i lovteksten av når anna lovgjeving
kan fråvikast i forskrift. Etter lovvedtaket §§ 28 c, 28 d og 28 e
kan forskrifter fråvika anna lovgjeving og privat regulering i den
grad det er nødvendig for å gjennomføra nødvendige og forholdsmessige
tiltak etter lova. Høvet til å fråvika lovgjeving var dermed nokså klart
avgrensa. I tråd med desse avgrensingane, og for å presisera kva
som ligg i kravet til nødvendigheit og forholdsmessigheit, er det
føreslått justeringar i ordlyden. Anna lovgjeving kan berre setjast
til side i den utstrekninga det er nødvendig for regulering av høvesvis
høvet til å etablera og avslutta arbeids- og tenesteforhold i § 28 c
og arbeidsplikt etter § 28 e. Ordlyden i § 28 c andre punktum blir
etter dette som følgjer:
«Gjeldende lover eller privat regulering
av betydning for etablering og avslutning av arbeids- og tjenesteforhold,
kan fravikes i den utstrekning det er påkrevd for gjennomføring
av tiltak etter første punktum.»
Ordlyden i § 28 e andre ledd fjerde punktum
blir etter dette som følgjer:
«Gjeldende lover og privat regulering
som er til hinder for den konkrete reguleringen av arbeidsplikten,
kan fravikes i den utstrekning det er påkrevd.»
For begge føresegnene vil ordet «påkrevd» bli
sett inn i lovteksten. Eit krav om nødvendigheit følgjer allereie
av § 28 b, men det er grunn til å gjentaka dette i relasjon til
derogasjonsretten, slik at det blir heilt klart at anna lovgjeving
ikkje kan fråvikast utover det som er nødvendig for å gjennomføra
tiltaket.
Yrkesgrupper som er unnatekne frå arbeidsplikt
– det er ei endring der enkelte yrkesgrupper skal vere unnatekne
frå arbeidsplikt utover det som gjekk fram av lovvedtaket. Stortingsrepresentantar
og embetsdomarar er representantar for høvesvis den lovgjevande
og den dømande makta. Desse yrkesgruppene har ei særstilling etter
Grunnlova. Arbeidsplikt som hindrar utøving av den lovgjevande og
den dømande makta, vil vera i strid med Grunnlova og vil dermed
ikkje kunna fastsetjast med heimel i lovvedtaket. Det er no føreslått å
tydeleggjera dette ytterlegare i eit eksplisitt unntak frå arbeidsplikt
for stortingsrepresentantar og embetsdomarar. Bakgrunnen for endringa
er at ein vil understreka betydninga av at Stortinget og domstolane
fungerer uavhengig av den utøvande makta, også i sikkerheitspolitisk
krise og krig.
Ny ordlyd i § 28 e fyrste ledd tredje og fjerde
punktum blir etter dette som følgjer:
«Stortingsrepresentanter og embetsdommere kan
ikke pålegges arbeidsplikt. Det samme gjelder personer som er eller
har vært statsborgere av et land Norge er i krig med.»
Så litt om involvering av partane i arbeidslivet.
Der er det føreslått ei presisering om at ein skal leggja fram for
partane i arbeidslivet forskrifter om førehandsutpeiking, øvingar
og registrering. I Innst. 199 L er det teke inn eit nytt fyrste
punktum i tredje ledd om at forskrifter etter §§ 28 c til 28 f skal
leggjast fram for partane i arbeidslivet for fråsegn før dei blir
vedtekne, med mindre det er openbert unødvendig eller vil medføra
ei uforsvarleg forseinking. Det er no føreslått ein mekanisme for
involvering av partane i arbeidslivet i § 28 g òg. Det er føreslått
å ta inn eit nytt ledd i § 28 g som viser til reglane om høyring
av forskrifter i forvaltningslova § 37 andre til fjerde ledd, for
å understreka at dei det særleg vedkjem, så langt som mogleg skal
få anledning til å uttala seg før forskriftene blir fastsette. Ordlyden
i § 28 g femte ledd blir etter dette som følgjer:
«Forskrifter etter denne paragrafen
skal forelegges partene i arbeidslivet etter reglene i forvaltningsloven
§ 37 annet til fjerde ledd.»
Til slutt opplysningsplikta – der er det føreslått
innskrenkingar samanlikna med det som gjekk fram av lovvedtaket.
Slik opplysningsplikt vil kunna gjelda utan hinder av teieplikt,
og kan i enkelte tilfelle vera nødvendig. Etter lovvedtaket § 28 h
gjekk det fram at opplysningsplikta også gjeld opplysningar omfatta
av bevisforbodet i straffeprosesslova § 119 fyrste ledd og tvistelova § 22-5
fyrste ledd. Dette omfattar opplysningar som er fortrudde nærare
bestemte profesjonsbaserte yrkesgrupper i stillinga deira, slik
som prestar, advokatar og legar. Det er no føreslått at opplysningsplikta
ikkje skal gjelda denne typen opplysningar. Bakgrunnen for endringa
er at opplysningar nokon gjev til slike yrkesutøvarar, har eit særskilt
vern, fordi ein skal kunna søkja hjelp eller råd frå profesjonelle
utan at ein skal risikera at opplysningar som blir delte, blir gjevne
vidare. Ordlyden i § 28 h blir etter dette som følgjer:
«Enkeltpersoner, virksomheter og offentlige
organer plikter uten hinder av taushetsplikt å gi opplysninger som
er nødvendige for gjennomføringen av vedtak etter dette kapittelet.
Dette gjelder ikke opplysninger som nevnt i straffeprosessloven
§ 119 første ledd og tvisteloven § 22-5 første ledd.»
Då har eg gjort greie for dei endringane som
dei nemnde partia har føreslått sidan sist behandling. I den tida
me no lever i, treng me å få på plass eit lovverk på dette feltet.
Difor har Framstegspartiet, som var det partiet som ville bruka
meir tid på dette lovarbeidet, valt å finna løysingar som betre
ivaretek Stortinget si rolle, og retta opp andre svakheiter som
vart påpeika ved lovbehandlinga, framfor å senda det tilbake til
regjeringa, som ville betydd meir tid og ytterlegare tilarbeiding.
Med det tek me opp dei forslaga som er lagde
inn som lause forslag.
Presidenten [10:17:17 ]: Representanten
Helge André Njåstad har tatt opp de forslagene han refererte til.
Odd Harald Hovland (A) [10:17:28 ] : Debatten den siste tida
har vist at lovforslaget engasjerer breitt. Det er bra. Det har
kome fram mange synspunkt som har vore med på å setje delar av lovforslaget
i eit nytt perspektiv.
Me skal vere glade for det offentlege ordskiftet
me har i dette landet, og at det kan bidra til grundige vurderingar,
sånn som dei me no har fått. Samtidig er det viktig at lovforslaget
framleis byggjer på utgreiinga i proposisjonen og innstillinga,
med enkelte justeringar og klargjeringar. Det har representanten
Njåstad gjort grundig og godt greie for.
Som han viste til, er det fremja forslag om
justeringar av lovvedtaket som bl.a. presiserer når fullmaktene kan
utløysast, ytterlegare regulering av involvering av partane i arbeidslivet
og tydeleggjering av korleis Stortinget skal involverast. Justeringa
er sjølvsagt gjort med lovteknisk bistand frå Justisdepartementet.
Med dette lovforslaget står me no betre rusta
om det utenkjelege skulle skje, og det gjev betre føreseielegheit for
den enkelte. Me får ei regulering som gjev rammer for mobilisering
av sivil arbeidskraft i tilfelle det verste skulle skje: at landet
vårt er i ein sikkerheitspolitisk krise eller krig.
Det er viktig at me får dette på plass. Me
vil no kunne kome i gang med dei førebuingane som lovforslaget legg opp
til, og som det er viktig at me jobbar med no, i fredstid. Det handlar
om å styrkje vår beredskap.
Eg vil takke dei tre andre partia for godt
samarbeid, og for at me no får gjennomført dette arbeidet.
Ingunn Foss (H) [10:19:07 ] : Som komiteens leder har redegjort
for, har det etter førstegangsbehandlingen vært forhandlinger mellom
Arbeiderpartiet, Fremskrittspartiet, Høyre og Senterpartiet, hvor
vi med god hjelp fra Justis- og beredskapsdepartementet har kommet
fram til endringer i lovvedtaket som et bredt flertall i Stortinget
stiller seg bak.
Sivilbeskyttelsesloven er viktig for å gi et
felles juridisk rammeverk for å møte trusler på en koordinert og effektiv
måte. Justeringene som nå er gjort, er helt kurante innstramminger
av loven som ikke endrer det grunnleggende formålet: å gjøre Norge
forberedt om krise og krig skulle ramme landet vårt. Høyre støtter endringene
i lovvedtaket.
Else Marie Rødby (Sp) [10:20:05 ] : Som komiteens leder redegjorde
godt for, og som de øvrige talerne også har sagt, er Senterpartiet
en av forslagsstillerne som utgjør flertallet i saken. Jeg slutter
meg for øvrig til det som er redegjort for, både hva gjelder de
enkelte bestemmelsene og det som er beskrevet som prosessen i saken.
Jeg skal være kort og vil bare understreke
at sakens natur, der disse helt spesielle fullmaktene kommer til anvendelse
kun i situasjoner øverst i krisespekteret, gjør betydningen av og
behovet for et sånt bredt flertall som vi har i dag, spesielt viktig.
Senterpartiet støtter de forslagene som er lagt fram, og som er
redegjort for.
Torgeir Knag Fylkesnes (SV) [10:21:04 ] : Først vil eg gi honnør
til dei partia som sette på nødbremsen og snudde i denne saka. Det
står det respekt av, og eg meiner verkeleg ikkje at det skal vere
eit grunnlag for å raljere. Slik skal ein gjere det – eit eksempel
til etterfølging, vil eg seie.
Så til den konkrete stemmegivinga i denne saka: Venstre
kjem til å løfte eit forslag i debatten som vi kjem til å støtte
primært, og så kjem vi da subsidiært til å støtte dei endringane
som fleirtalet har lagt på bordet no.
Denne saka viser fleire ting. Det eine er at
vi sjølvsagt har behov for å ha nokre lovar og reglar som er skrudd saman
for krisesituasjonar, altså dersom Noreg hamnar i alvorlege problem
der det verkeleg hastar med å handle. Kva skal vi gjere da? Skal
det vere normal behandling på Stortinget, skal presidenten lese
opp sakene, og så skal det gå til behandling i komiteen, med høyring
osv., når tiltaka hastar veldig? Sjølvsagt må vi ha reglar som gjer
at ein kan fråvike det i veldig spesielle situasjonar.
Det vi i SV har reagert på, er det vi, sett
på spissen, kan seie er ei slags demokratisk bevisstløyse i måten
ein har skrudd saman det opphavlege forslaget, som kom frå fleirtalet,
på – altså at ein har tatt det for langt, at ein ser på demokratiet
nesten som eit problem i krisesituasjonar, ikkje som ei avgjerande
viktig forankring også i krise. Ein kunne altså hamne i situasjonar
der Stortinget møter dagleg, presidenten set seg på plassen sin,
og det blir innkalla til møte, gongongen går, men fordi ein har hamna
i ein alvorleg situasjon som nasjon, blir da Stortinget sett i ein
slags demokratisk karantene. Det er ein alvorleg situasjon, det
er absurd, og det vitnar kanskje om at ein ikkje tenkjer nøye gjennom
at demokratiet er ein styrke, ein grunnleggjande styrke, også i
krise.
Eg skal ikkje dra det ut til ein større diskusjon
enn akkurat dette. Eg vil berre seie at vi kjem til å stemme slik vi
gjer. Eg trur det er veldig viktig at slike typar lovar har breiast
mogleg forankring. Det er ingen grunn til at vi skal vere djupt
ueinige om korleis demokratiske spelereglar skal vere, også i krisesituasjonar,
slik det har blitt i dag. Vi meiner framleis dette har store manglar,
men det som er lagt fram, er vesentleg betre. Derfor kan eg anbefale
SVs gruppe å stemme subsidiært for det som er lagt fram.
Tobias Drevland Lund (R) [10:24:22 ] : Det opprinnelige forslaget
fra regjeringen om nytt kapittel i sivilbeskyttelsesloven og utvidede
krisefullmakter til regjeringen var på mange måter en krise i seg
selv. At noen partier – heldigvis, får man si – snudde i tolvte
time, skal vi være veldig glad for. Det er aldri for sent å snu.
Det vi har foran oss i dag, er riktignok gode
og store forbedringer fra sist, men Rødt kommer likevel til å gå imot
loven og støtte forslaget fra Venstre om at loven ikke bifalles.
Den prosessen som har ledet oss hit, mener vi på mange måter har
vært skremmende. Det var knapt noen skikkelig offentlig debatt før
professor Høgberg tok til Facebook i påsken, noe som heldigvis snudde
helt om på denne saken. At Stortinget var i ferd med å vedta disse
krisefullmaktene til regjeringen, og på mange måter og i for stor
grad frasi seg sin egen rolle som lovgivende forsamling og kontrollør
av regjeringens virke, er skremmende.
Rødt mener altså primært at denne loven må
sendes tilbake til regjeringen og departementet for en ordentlig og
helhetlig gjennomgang.
Den forrige runden med sivilbeskyttelsesloven
og den debatten som kom i dagene før saken opprinnelig skulle vedtas
av Stortinget, viste at mange i denne salen ikke engang var klar
over hva man var i ferd med å vedta. Vi må gjenreise folks tillit
til at vi som lovgivende forsamling vet og skjønner hva vi holder
på med. Vi kan ikke vedkjenne oss å vedta en lov som er såpass svakt forankret,
og som fremdeles kan ha alvorlige menneskerettslige og konstitusjonelle
svakheter. En lov som gir utvidede krisefullmakter til utøvende
makt i en potensiell krise eller krig, må være godt forankret, både
menneskerettslig og konstitusjonelt og ikke minst hos folk.
Rødts primære holdning er altså at loven ikke
bør vedtas. Derfor kommer vi til å støtte forslaget fra Venstre om
at loven ikke bifalles, men vi kommer likevel til å stemme subsidiært
for de forslagene som foreligger her i dag, for det er helt nødvendige
forbedringer av en lov som det ellers ikke er så veldig mye positivt
å si om.
Ingvild Wetrhus Thorsvik (V) [10:27:15 ] : Det norske totalforsvaret
er en bærebjelke i vår nasjonale beredskap og i vårt nasjonale forsvar.
Det er det enighet om. Det er også enighet om at det er behov for
å kunne pålegge en arbeidsplikt i krise og krig, og at regjeringen trenger
noen krisefullmakter der hvor det ikke er tid til en ordinær stortingsbehandling.
Det er med andre ord enighet om mye av bakgrunnen og behovene som framgikk
av proposisjonen, men der stopper også veldig mye av enigheten opp.
Forslaget fra regjeringen gikk altfor langt, og det ga regjeringen
altfor vide fullmakter uten at disse ble underlagt tilstrekkelig
politisk og demokratisk kontroll.
Forslaget som var i proposisjonen, og som for
så vidt fortsatt foreligger, er skikkelig inngripende: Det gir regjeringen
muligheten til å kunne pålegge både deg og meg – ikke de som sitter
her da, tilfeldigvis, men kanskje noen av oss etter valget – tvungent
arbeid, uten først å forsøke frivillighet, til å kunne fjerne arbeidstakerrettigheter.
Og det gir regjeringen muligheten til å gjøre det nærmest uten formelle
krav til at Stortinget er involvert, og til at regjeringen også
selv skulle ha muligheten til å definere når rikets sikkerhet var
i fare – og dermed kunne utløse disse veldig omfattende fullmaktene
til seg selv, til og med når Stortinget var samlet og kunne behandle
saken.
Nettopp fordi dette forslaget er så inngripende,
er det viktig med tilstrekkelige, gode skranker – ikke nødvendigvis
fordi vi er så fryktelig redde for at den regjeringen vi har i dag,
skal misbruke dette og ta til seg mer makt på bekostning av Stortinget,
men for å forsikre oss mot at det skal kunne skje i framtiden. Dette
er også viktig med tanke på hvilke signaler man sender ut til resten av
Europa og til resten av verden.
Det var flere tunge aktører som advarte mot
disse lovendringene, inkludert NIM, LO, NHO og professor Moltumyr
Høgberg. Forslaget «kan i verste fall utgjøre en trussel for demokratiet»,
sa assisterende direktør i NIM til Aftenposten før dette forslaget
ble behandlet i Stortinget. Det var en bekymring som ble delt av
veldig mange av de organisasjonene som vi hadde på høring, og som
det juridiske fagmiljøet ropte varsko om i mediene i forkant av
behandlingen.
Vi erkjenner, sammen med alle andre som er
i denne salen, at det finnes situasjoner hvor man må ta raske beslutninger,
hvor krise oppstår, og hvor sikkerhetspolitiske trusler kan gjøre
det nødvendig å handle med kraft og handle raskt, noe også de forslagene
som vi la inn i den saken, tok høyde for.
Forslaget i proposisjonen var bl.a. begrunnet
med et ønske om å skulle forhåndsforankre noen av disse problemstillingene
og avveiningene som måtte gjøres, slik at det skulle sikres bedre
demokratisk forankring. Det er et mål som vi støtter, men det som
lå til grunn for det forslaget, var at man faktisk gikk i motsatt
retning, noe flertallet i denne salen var i ferd med å gå med på.
Vi hadde som kjent lagt inn en rekke forslag
– altså som våre subsidiære standpunkt i saken, da vi mente det var
riktig å sende den tilbake – til hvordan dette i større grad kunne
underlegges bedre demokratisk kontroll og hindre maktmisbruk i situasjoner
hvor vi ikke nødvendigvis har den regjeringen som vi har i dag,
men disse ble altså stemt ned.
Det jeg leste nå, var utdrag fra innlegget
som jeg holdt sist vi behandlet denne saken i Stortinget. I innstillingen
hadde vi med et sitat fra professor Moltumyr Høgberg, hvor hun sier:
«Hovedutfordringen med lovforslaget
er imidlertid at det legger få føringer, dvs. at det inneholder få
‘definerte grenser’. Dette er til tross for at det gis en svært
omfattende overføring av lovgivningsmyndighet til den utøvende makt,
også når Stortinget kan samles. Lovforslagets målsetting om å være en
god rammelov slår altså ikke til. I stedet er lovforslagets fokus,
gjennomgående og paragraf for paragraf, å overføre myndighet fra
den lovgivende til den utøvende makt, og det med svært få rettslige
begrensninger.»
Dette var jo også noe vi fikk høre etter at
vi hadde hørt henne i den muntlige høringen, sammen med en hel rekke
andre høringsinstanser.
Alt dette skjedde før denne saken ble votert
gjennom i Stortinget – mot kun 20 stemmer. Til tross for dette var
det først i etterkant av førstegangsvoteringen at denne saken faktisk
fikk den oppmerksomheten som den fortjener. Det var etter et Facebook-innlegg
fra nevnte professoren, altså Moltumyr Høgberg, i påsken, hvor flere
partier – bra nok – tråkket på bremsen, men det ble påstått at det
var på grunn av «ny informasjon i saken». Det er beviselig helt
feil, og det er åpenbart helt feil med tanke på det som jeg nettopp
leste opp, og som jeg sto og sa fra denne talerstolen i april da
vi behandlet denne saken første gang.
Når det er sagt: Jeg er selvfølgelig glad for
at det er flere partier som nå snur, og som ser at det er behov
for flere av de skrankene vi tok til orde for i førstegangsbehandlingen,
men jeg håper virkelig at denne saken vil være en påminnelse om
at vi som er i denne salen, må være obs på at vi innimellom kan
tendere til å risikere å kaste på båten de verdiene som vi forsøker
å beskytte når vi står her og lager lover, også for krisetider.
Så er det helt absurd at det måtte en Facebook-status til
– i advarselen som har blitt framført, både fra denne talerstolen
og fra veldig mange av de høringsinstansene vi hørte fra. Det kan
kanskje være en påminnelse om at det kan være klokt å lytte til
høringsinstansene.
Så ser vi nå at en del partier har gått sammen
om å komme opp med noen forslag for å imøtegå noe av kritikken som
har blitt framført i saken, men vårt primærstandpunkt er, som flere
har varslet her allerede, at saken burde vært returnert til departementet,
slik at man får gode og gjennomtenkte vurderinger og regler, akkurat
sånn som vi mente sist denne saken ble behandlet. Når det i tillegg
er slik at vi ikke har gode nok forarbeider fra Stortinget i form
av merknader fra flertallet som gjenspeiler hva partiene faktisk
stemmer på, og de føringene som følger med et slikt viktig forarbeid
– med unntak, selvfølgelig, av våre og SVs merknader – mener vi
at dette er en lov som fortjener et mer grundig arbeid, både i departementet
og i Stortinget.
De omfattende endringene som nå har blitt gjort
av disse partiene som har satt seg sammen, bekrefter nettopp det
vi påpekte i april, at dette var et svakt og forhastet lovarbeid,
som ga regjeringen altfor mye makt på bekostning av Stortingets
rolle. Mange av disse grundige vurderingene av helt sentrale problemstillinger
har vi fortsatt ikke, verken proposisjonen eller i flertallsmerknadene
fra Stortinget, noe vi mener vi burde kunne forvente å ha i en så
viktig sak.
Som jeg nevnte i stad, framgikk det av proposisjonen
at noe av formålet med lovendringene var å forhåndsforankre en del
av disse sentrale problemstillingene og sørge for større grad av
demokratisk forankring, mens vi ikke er i en krisesituasjon. Det
treffer jo ikke inn når vi ikke får et ordentlig lovarbeid i denne
saken, og jeg synes det er synd at disse endringene nå presses gjennom
i en annengangsvotering, hvor vi må sitte og høre på at lovbestemmelsene
leses opp fra Stortingets talerstol, i stedet for at de er argument
for og drøftet godt i en lovproposisjon og en innstilling fra komiteen.
Vi har som kjent allerede beredskapsloven § 3,
som vil kunne ivareta behovet for å kunne utskrive en arbeidsplikt
dersom en slik situasjon skulle oppstå, så det er jo ikke slik at
vi står uten noen ting dersom en krise plutselig skulle oppstå.
Vi kommer til å stemme for de endringene som
blir gjort, subsidiært. De går i stor grad i samme retning som våre
subsidiære forslag gikk i da denne saken ble behandlet første gang.
De gir en bedre sikkerhet mot misbruk og en hevet terskel og sikkerhetsmekanisme.
Derfor kommer vi til å stemme subsidiært for disse. Men vi skulle
selvfølgelig ønske at en så viktig sak som dette, hvor store deler
av Stortinget ikke fikk med seg det som skjedde i første omgang,
fikk en mer grundig behandling.
Jeg tar opp Venstres forslag i saken, om at
loven ikke bifalles.
Presidenten [10:37:01 ]: Da har representanten
Ingvild Wetrhus Thorsvik tatt opp det forslaget hun refererte til.
Kjell Ingolf Ropstad (KrF) [10:37:12 ] : Jeg tar ordet for
en stemmeforklaring fra Kristelig Folkepartis side. Vi sitter jo
ikke i komiteen, men jeg kunne egentlig langt på vei slutte meg
til det representanten Thorsvik nå sa i et grundig og godt innlegg.
Når Stortinget valgte å trekke i nødbremsen, som vi var veldig glade
for at en gjorde, tenker vi at det ville ha vært klokt heller å
sende saken tilbake igjen til regjeringa og fått en ny proposisjon
og en enda grundigere behandling.
Det er altså primærstandpunktet til Kristelig
Folkeparti, men i likhet med de andre partiene vil vi subsidiært
støtte de endringene som er kommet.
Jeg hørte på saksordføreren i hans gode innlegg,
og det var mange momenter der som jeg syntes var veldig positive,
spesielt når det gjelder en tydeligere innramming av det, en sikkerhetsventil
med at det tar 48 timer og skal innom Stortinget, og f.eks. dette
med opplysningsplikten og inkludering av arbeidslivets parter. Det er
altså mange punkter der som jeg synes er gode. Samtidig er det noe
med alvoret over saken, og at det hadde vært best om en hadde hatt
en proposisjon.
Med det vil jeg altså bare varsle at vi subsidiært
vil støtte forslagene her.
Statsråd Astri Aas-Hansen [10:38:33 ] : Jeg er glad for at
vi nå har landet et lovforslag som fastsetter rammene for regulering
av det sivile arbeidslivet i krig, når krig truer eller når rikets
selvstendighet er i fare. Vi må – dessverre – være forberedt på
de verst tenkelige situasjoner der friheten vår er truet, særlig
sett i lys av den sikkerhetspolitiske situasjonen. Med dette lovforslaget står
vi bedre rustet om det utenkelige skulle skje, og det gir samtidig
bedre forutberegnelighet for den enkelte.
Debatten den siste tiden har vist at lovforslaget
engasjerer bredt. Det er bra. Det har kommet mange synspunkter som
har vært med på å sette deler av lovforslaget i et nytt perspektiv.
Jeg er glad for at det offentlige ordskiftet har bidratt til den
grundige vurderingen av dette lovforslaget som jeg nå oppfatter
at vi har fått. Samtidig mener jeg det er viktig at lovforslaget
fortsatt bygger på den grundige utredningen i proposisjonen og innstillingen,
med enkelte justeringer og klargjøringer. Saksordføreren redegjorde
godt for dette i sin innledning.
Som saksordføreren viste til, er det fremmet
forslag om justeringer av lovvedtaket som bl.a. presiserer når fullmaktene
kan utløses, ytterligere regulering av involvering av partene i
arbeidslivet og tydeliggjøring av hvordan Stortinget skal involveres.
Justeringene har funnet sin løsning gjennom god dialog mellom stortingsgruppene,
og med lovteknisk bistand fra Justis- og beredskapsdepartementet.
Når denne loven vedtas, vil vi endelig få på
plass en lovregulering som gir rammer for mobilisering av sivil arbeidskraft
i tilfelle det verste skulle skje: at landet vårt er i en sikkerhetspolitisk
krise eller krig. Dette ble faktisk etterlyst av Stortinget allerede
i 1950, da beredskapsloven ble vedtatt – så noen vil si at det var
på høy tid.
Likevel er denne loven bare ett skritt på veien.
Vi vil nå komme i gang med det neste, som er de forberedelsene som
lovforslaget legger opp til, og som det er viktig at vi arbeider
med nå i fredstid.
Jeg håper at Stortinget nå vedtar lovforslaget.
Det vil være et viktig bidrag for å styrke vår beredskap for situasjoner
øverst i krisespekteret.
Bjørnar Skjæran (A) [10:41:58 ] : Jeg var litt usikker på om
jeg skulle ta ordet, men jeg synes det er på sin plass å berømme
det gode samarbeidet som har vært i denne saken.
Da saken ved en tidligere behandling ble utsatt
her i salen, ga vi fra Arbeiderpartiets side uttrykk for at det
var en utsettelse vi støttet. Vi syntes det var rett. Hvis flere partier
trengte mer tid og ønsket å gå dypere inn i saken og diskutere sider
ved denne loven, var det riktig at Stortinget tok seg den tiden.
Det er en viktig lov i den tiden vi lever i – jeg hadde nær sagt:
dessverre – og det er viktig med en bred forankring når det gjelder
denne typen lov. Nå har Stortinget vist – litt på samme måte som
ved behandlingen av langtidsplanen for Forsvaret – at man klarer
å finne løsninger som kan samle bredt. Det er bra for Norge, og
det er bra for Stortinget at vi er i stand til det.
Etter utsettelsen her i salen, jeg skal være
veldig åpen om det som skjedde, hadde jeg to samtaler med Fremskrittspartiets
parlamentariske leder der vi ganske raskt ble enige om at vi burde
møtes – de to partiene – for å lage en grovskisse som kunne legges
fram for de andre partiene som hadde stemt for denne loven ved første
gangs votering. Den jobben ble gjort av komitéleder Helge André
Njåstad, Hadia Tajik og Odd Harald Hovland. Det var videre gode
diskusjoner med Senterpartiet og Høyre – og vi har landet, slik
at vi kan ha dette til behandling i dag. Det synes jeg er veldig
bra.
I motsetning til dem som mener at dette har
vært en dårlig behandling, synes jeg rett og slett at Stortinget
har jobbet på en god måte. Det har vært god støtte fra departementet,
som har støttet opp om denne prosessen, noe som gjør at vi i dag
kan vedta en lov der vi gjør viktige justeringer – som gjør at en
bra lov er blitt bedre. Det er sånn vi jobber på vårt beste her
i salen.
Votering, se voteringskapittel
Presidenten [10:44:08 ]: Ingen flere
har bedt om ordet, og sak nr. 1 er omme.
Sakene nr. 2– 28 vil bli behandlet under ett.
Sakene er andre gangs behandling av lover og
gjelder lovvedtakene 91 til og med 117.